Marianne Klausen, advokat og leiar i statens Felles klagenemnd opnar for å gå ein ekstra runde med universitet som ikkje argumenterer godt nok mot innsyn i dokument. Foto: Dag Hellesund

Klagenemnd vil gå i dialog med klagande universitet

Innsyn. Fire universitet er kritiske til at Felles klagenemnd gir for mykje innsyn i saker dei vil halde hemmelege. Før jul inviterte nemnda til oppvaskmøte, og universiteta fekk lovnad om ein ekstra, oppklarande runde i nokre saker.

Publisert

OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Universiteta er kritiske til at klageinstansen Felles klagenemnd gir for mykje innsyn i sakene deira. Før jul inviterte nemnda til oppvaskmøte, og universiteta har no fått lovnad om ein ekstra, oppklarande runde i nokre saker, skriv På Høyden.

Det har blåst rundt klageorganet Felles klagenemnd etter at dei har pålagt norske universitet å gi innsyn i fleire saker institusjonane har ønska å halde hemmelege. Felles klagenemnd handsamar også klager på utdanningsinstitusjonane sine s avgjørelser om innsyn.

Særleg i varslingssakene ser vi at det kan vere naudsynt å gå ein ny runde med institusjonen, slik at dei kan konkretisere kva dei meiner.

Marianne Klausen

Korleis arbeidsmiljøet er rundt på ulike institutt og fakultet var altfor sensitivt til at ein kunne gi innsyn i det, meinte universiteta, og heldt tilbake i resultata i bransjeundersøkinga om arbeidsmiljø, trass i at den overordna klagenemnda hadde gitt dei ordre om å levere ut rapportane.

I juni 2018 fekk På Høyden innsyn i fleire varslingssaker om seksuell trakassering, inkludert namna på dei tilsette det var varsla om. Det fann Universitetet i Bergen så provoserande at dei sende eit brev til Kunnskapsdepartementet, der dei klart ga uttrykk for at dei ikkje hadde tillit til Felles klagenemnd: «Med denne siste avgjørelsen mener UiB at departementet ikke lenger kan la nemda avgjøre klagesaker etter den modell som i dag praktiseres. Avgjørelsene fremstår i flere tilfeller som overraskende og vilkårlig i forhold vår rettsoppfatning og praksis vi kjenner til.»

Fakta

Felles klagenemnd

Nemnda består av sju medlemmer valgt av Kunnskapsdepartementet. Disse velges normalt for fire år av gangen. Studentrepresentantene velges for to år av gangen. Fra 1. april 2018 består nemnda av:

  • Marianne Klausen (leder)
  • Bjørn Henning Østenstad (nestleder)
  • Mari Arnekleiv Bækkelund (student)
  • Ruben Haugland (student)
  • Greta Hilding (medlem)
  • Kjetil Sudmann Larssen (medlem)
  • Kristin Fjelde Tjelle (medlem)

Unit – Direktoratet for IKT og fellestjenester i høyere utdanning og forskning (Unit) er sekretariat for Felles klagenemnd.

Felles klagenemnd behandler også saker om annullering av eksamener m.m., bortvisning, og utestenging på grunn av fusk, uskikkethet eller merknader på politiattest.

Kilde: Felles klagenemnd

Kritikk frå pressetoppar

Khrono følgde opp brevet frå UiB der dei ga uttrykk for manglande tillit til klagenemndas praktisering av offentleglova. Leiar i Norsk redaktørforening, Arne Jensen, reagerte kraftig på universitetet sitt brev.

— Det er bekymringsfullt at ein akademisk institusjon, som bør vere opptatt av å verne om dei grunnleggande prinsipp vårt liberale demokrati er bygd på, no ser ut til å ville oversjå dei same prinsippa, fordi dei oppleves som ubehagelige for dei sjølve. Det vitnar om svakt utvikla refleksjonsnivå og dårleg demokratisk forståing, sa Jensen til Khrono den gongen.

Også Norsk presseforbund var sterkt kritiske til haldinga til Universitetet i Bergen.

— Dette er ei overraskande, eigentleg sjokkerande, undergraving av eit system fastsett i lov. Eg trodde UiB visste betre, sa Kristine Foss, jurist hos Norsk presseforbund med innsyn som fagområde.

Etter den massive kritikken frå både Redaktørforeninga og Presseforbundet, snudde UiB-rektor Dag Rune Olsen, og beklaga mistilliten mot klagenemnda som ei «uheldig formulering».

Vil sende saker i retur

No har Felles klagenemnd arrangert eit oppklaringsmøte, der dei såkalla BOTT-universiteta (universiteta i Bergen, Oslo, Trondheim og Tromsø).

— Vi hadde ein konstruktiv dialog. Institusjonane opplever at deira synspunkt ikkje alltid blir høyrde. Vi har tatt nokre rundar internt, og sett på korleis vi kan sikre at vi har forstått argumentasjonen til institusjonane, fortel nemndleiar Marianne Klausen, som til dagleg er advokat og partner i firmaet Føyen Torkildsen.

Eit vilkår for møtet var at ein ikkje skulle gå inn i einskildsaker, inkludert dei sakene som institusjonane har vore kritiske til. Men Klausen opnar for ei praksisendring i sakshandsaminga:

— Vi kjem i nokre saker til å snu dei, og sende dei tilbake til institusjonane, seier ho til På Høyden.

Bakgrunnen for dette tiltaket er at klagenemnda opplever at institusjonane i ein del saker er for uklare i grunngjevingane for kvifor dei meiner at opplysningar må vere unntatt frå offentleg innsyn.

— Særleg i varslingssakene ser vi at det kan vere naudsynt å gå ein ny runde med institusjonen, slik at dei kan konkretisere kva dei meiner, seier Klausen.

Vanskeleg med offentleglov

I møtet sa institusjonane at dei var bekymra over handsaminga av personopplysningane til studentar og tilsette, og dei ønskjer at nemnda skal vektleggje personvernomsyn meir når dei gjer den skjønnsmessige vurderinga. Dei meiner og at offentleglova gjer det vanskelegare for dei å jobbe konstruktivt med arbeidsmiljøet, som i varslingssaker om seksuell trakassering, går det fram av referatet frå møtet.

Men kritikken frå UiB og andre om at dei juridiske vurderingane til Felles klagenemnd ikkje er innanfor gjeldande rett er Klausen ikkje einig i.

— Eg opplever at våre avgjerdsler har vore i tråd med det som følgjer av juss og praksis på området. Men det som har vore litt spesielt i 2018 er at Felles klagenemnd har fått inn mange begjæringar om innsyn i varslingssaker, som vi har vurdert at det skal gjevast eit større innsyn i enn institusjonane meiner, seier ho.

Individ mot ålmenta

For klagenemnda er det eit viktig poeng at ein må vurdere omsynet til einskildindivida og interessene til ålmenta opp mot kvarandre. Balansen mellom dei ulike omsyna er meir krevjande i varslingssaker enn i andre saker. Fleire av institusjonane har vore meir opptekne av å verne sine eigne tilsette.

— Eg opplever at institusjonane har ein meir restriktiv tolking enn det lova og rettspraksis gir dekning for. Dei har i større grad enn det lova opnar for vore opptekne av personvern til den einskilde. Det er kanskje ikkje så rart i og med at det har vore eit stort fokus på personvernspørsmål i samband med implementeringa av nye personvernreglar, seier Klausen.

Det følgjer av EUs nye personvernforordning at ein må ha lovleg grunnlag for å levere ut personopplysningar. Men det er sikra i artikkel 86 i personvernforordninga (GDPR-direktivet). Personopplysningar i offentlege dokument kan utleverast i samsvar med den nasjonale retten til medlemsstatane.

— Men er det i tråd med god forvaltningsskikk å sende saker tilbake til institusjonane slik at dei kan betre argumenta sine?

— Vi sender ikkje sakene tilbake for at dei skal kunne finne betre argument, men for at saka skal bli tilstrekkeleg opplyst der vi meiner det er naudsynt. Framgangsmåten kan òg stadfeste vår vurdering av at argumenta ikkje gjev tilstrekkeleg grunnlag for å unnta den aktuelle opplysningen. seier Klausen.

Ho opnar òg for å møte representantar for pressa, for å høyre deira syn i innsynssakene, slik dei no har gjort med institusjonane. Det er særleg Forskerforum, VG og På Høyden som har vore ivrige med å sende innsynssaker til Felles klagenemnd.

Nemnda har løpande kontakt med Kunnskapsdepartementet, og så langt har Klausen ikkje fått signal om at departementet er misnøgde med avgjerdene til nemnda.

— Eg synest nemnda har gjort ein veldig god jobb. Det ligg i saka sin natur at vi som klageinstans vil kunne ha ei anna vurdering av ei innsynssak og at vi kjem til å vere ueinige med institusjonane i einskilde saker.

Vil skilje ut innsynssaker

Vi aksepterer avgjerdsler frå klagenemnda, men vi er ueinige i ein del av dei,

Kjell Bernstrøm

Universitetsdirektør Kjell Bernstrøm ved UiB var ein av direktørane som deltok på møtet. Han har ikkje sett referatet frå møtet, og vil difor ikkje kommentere innhaldet.

— Det var ein premiss for møtet var at ein ikkje skulle gå inn på einskildsaker. Vi aksepterer avgjerdsler frå klagenemnda, men vi er ueinige i ein del av dei, seier Bernstrøm til På Høyden.

Han fortel at UiB har spelt inn til Kunnskapsdepartementet at Felles klagenemnd burde vore sett saman på ein annan måte. I dag har nemnda sju medlemmer, og to av dei er studentar.

— Det er stor skilnad på studiesaker og andre saker. Vi har spelt inn at ein burde ha delt nemnda i innsynssaker, seier Bernstrøm.

Det hadde gitt ein samansetning med ein større del fagjuristar i handsaminga av innsynssaker.

NTNU har vore sterkt ueinig med Felles klagenemnd i saka om innsyn i arbeidsmiljøundersøkingane i sektoren, som NTNU står bak. Organisasjonsdirektør Ida Munkeby ved NTNU var med på møtet, men vil ikkje kommentere det før ho har sett referatet, og institusjonane har snakka saman.

Rekna med anna utfall

Universitetsdirektør Jørgen Fossland representerte UiT i møtet. Det arktiske universitetet har hatt to saker som har blitt omgjorde i nemnda. UiT har tatt nemnda si avgjerdsle til etterretning i begge sakene, og det har ikkje vore kontakt mellom UiT og nemnda om dette.

— På møtet tok vi opp nokre av bekymringane universiteta i fellesskap har hatt. Det har vore saker til handsaming hos klagenemnda som har fått eit anna utfall enn det universiteta hadde rekna med. UiT har vore overraska over ein del av avgjerdslene som gjeld andre universitet, og vi har sett det som ønskeleg å vere i dialog med nemnda saman med dei andre fordi vi ser på fleire av sakene som prinsipielt viktige, seier Fossland.

Han vil ikkje kommentere møtet ytterlegare før han har vore i kontakt med dei andre deltakarane.

Ueinige i skikkasaker

Felles klagenemnd handsamar både klager på manglande innsyn og saker om studentar er skikka til å gå på ulike utdanningar som fører dei i kontakt med pasientar, barn og unge. Også her er institusjonane kritiske til at klagenemnda som overordna klageorgan omgjer avgjerdene til institusjonane, mellom anna ved å korte ned perioden ein student er utestengd frå eit studium. Dei ønskjer òg å ha eit møte med klagenemnda om dette.

Men ein fersk dom frå Bergen tingrett peikar mot at både institusjonane og klagenemnda kan vere for strenge når dei grip inn i livet til studentar ved å avslutte studieløpet deira: Ei kvinneleg lektorstudent som hadde ein narkotikadom frå 2013 var likevel skikka grunna endringar som ho dei seinare åra har gjort i livet sitt, meinte retten.

Velkommen til vårt kommentarfelt
Logg inn med en Google-konto, eller ved å opprette en Commento-konto gjennom å trykke på Login under. (Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang)

Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se Khronos debattregler her. God debatt!
Powered by Labrador CMS