Universitetsdemokrati

«Illevarslande», «spesielt», «problematisk»: Forskerforbundet fekk pryl i styret

Forskerforbundet og leiar Steinar Vagstad blir skulda for å setje universitetsdemokratiet på spel.

Gard Skulstad Johanson gjekk hardt ut i universitetsstyret torsdag mot det han meinte var truslar mot universitetsdemokratiet. Her frå eit tidlegare møte flankert av Kjersti Fløttum og Bjørn K. Haugland.
Publisert Oppdatert

— Ein ting er sikkert. Universitetsdemokratiet, med vald toppleiing, er alt anna enn gitt. Det er krefter som gjerne skulle sett at universitetsdemokratiet hadde mindre innverknad. Universitetssamfunnet forvaltar eit enormt ansvar.

Representant i styret for Universitetet i Bergen (UiB), Gard Aasmund Skulstad Johanson, tok i styremøtet torsdag eit oppgjer med det han kalla ei «illevarslande» utvikling. Han viste dels til personangrep og usanningar på den sosiale plattforma Jodl i samband med valkampane til mellom anna rektorat og styret ved UiB.

Dels gjekk han ut mot Forskerforbundet ved UiB, og leiaren Steinar Vagstad.

— Alvorleg

Som Khrono har skrive, gav fagforeininga ein av kandidatane i styrevalet nyleg tilgang til å sende e-post til sine medlemmer for å drive valkamp. Ifølgje jussprofessor Dag Wiese Schartum var dette høgst truleg eit brot på personopplysningslova.

— Når tillitsvalde brukar plattformer dei har i kraft av sine eigne verv, som private kommunikasjonskanalar for å fremje eigne kandidatpreferansar, så er det problematisk. Når media kan melde om mogleg brot på personvernlovgivinga for å fremje enkelte kandidatar, så er det alvorleg, sa Johanson.

Johansen ønskjer seg ein større diskusjon i styret framover om korleis universitetsdemokratiet skal forvaltast.

I det same møtet gjekk også representant for dei mellombels tilsette, Runa Falck, til åtak på Forskerforbundet og Steinar Vagstad. Vagstad er sjølv vald inn som styremedlem frå hausten av. Falck tapte plassen etter likt tal stemmer og loddtrekning til Peter Hatlebakk, som var den som fekk hjelp av Forskerforbundet.

— Utruleg spesielt

— Lovbrotet er det mest alvorlege. Men eg reagerer også på påtroppande styremedlem Steinar Vagstads utsegn der han forsvarer at dei støtta Peter Hatlebakk i det skjulte, i staden for å gå ut med ei open anbefaling slik andre fagforeiningar gjer, og slik Forskerforbundet gjorde i rektorvalet, sa Falck.

Leiar i Forskerforbundet, Steinar Vagstad, ønskjer ikkje å kommentere kritikken mot han.

Forskerforbundet oppmoda ved rektorvalet medlemmene sine om å støtte Margareth Hagen, som vart vald.

— Det er utruleg spesielt at Vagstad meiner det er greitt å tillate å bruke Forskerforbundets medlemsregister i eit val han knapt har sett seg inn. Det er i universitetsdemokratiets interesse å diskutere kva premissar valkampen skal foregå med i framtida, sa Falck vidare.

Steinar Vagstad seier til Khrono at han held fast ved at Forskerforbundet ikkje har gjort noko ulovleg. Utover det ønskjer han ikkje å kommentere saka ytterlegare, eller utsegnene frå Johanson og Falck.

Åtvara mot konflikt med ytringsfridom

Under styremøtet slutta også styrerepresentanten Jørgen Melve, som er hovudtillitsvald for NTL ved UiB, seg til ønsket om ei opprydding.

— Det kan vere fornuftig å ha ein breiare gjennomgang om likebehandling og ulike problemstillingar knytte til val og kva som er offisielle kanalar, sa Melve.

Leiar for valstyret ved UiB, professor Eirik Holmøyvik, viste til at det er mogleg å i valreglementet regulere eventuelt misbruk av administrative ressursar, men at det ikkje er det i dag. Han åtvara samstundes mot at reguleringar kan kome i konflikt med ytringsfridomen.

— Falsk informasjon og «skitten» valkamp vanskeleg å regulere mellom anna grunna ytringsfridomen, sa Holmøyvik og viste til ein episode i studentane sin valkamp, som Det sentrale valstyret ikkje administrerer.

— Eg trur det er betre at ein jobbar med haldningar for å gjere noko med dette, sa Holmøyvik.

* Artikkelen er endra 08.05. kl. 11.10 med presiseringar til sitat frå Eirik Holmøyvik. Det stod opphavleg at det ikkje er mogleg å regulere misbruk av administrative ressursar i valreglementet. Det er feil, det er mogleg, men det er ikkje regulert per i dag.

Powered by Labrador CMS