Personvern

«Alt tyder på» ulovleg drahjelp frå Forskerforbundet ved UiB i valkampen om styreplass

Fagforeininga ga stipendiaten tilgang til å sende e-post til medlemmene for å sanke stemmer i kamp om verv til universitetsstyret. — I strid med personopplysningsloven, meiner jussprofessor.

Her er UiB-styrets nye interne faste styremedlemmer. Øvst frå venstre: Gard Aasmund Skulstad Johanson, Inga Berre, Steinar Vagstad, Cora Gabrielle Møller Jensen, Jørgen Melve og Peter Hatlebakk. Leiar i Forskerforbundet ved UiB, Steinar Vagstad (øvst t.h.) gav Peter Hatlebakk (nedst t.h) tilgang til e-postlistene til medlemmar i Forskerforbundet for å drive valkamp.
Publisert Oppdatert

«Jeg vil arbeide for åpenhet og grundige prosesser om viktige veivalg ved universitetet!»

E-posten dei mellombels tilsette ved Universitetet i Bergen (UiB) fekk i innboksen 21. april var signert historiestipendiaten Peter Sebastian Hatlebakk. Der promoterer han programmet sitt med oppmodingar om å stemme på han i valet til institusjonens høgste organ, universitetsstyret.

Derimot vart det i e-posten ikkje gjort kjent at Hatlebakk fekk hjelp frå Forskerforbundet til å marknadsføre seg.

I alt ni kandidatar stilte til val som representant for den såkalla gruppe B, mellombels tilsette forskarar eller undervisarar.

Både delinga frå Forskerforbundet si side og bruken av e-postadressene til medlemmene i fagforeininga er høgst sannsynleg i strid med Lov om behandling av personopplysninger (personopplysningsloven).

Det er ikkje lenge sidan Forskerforbundet fekk kritikk for å blande seg inn i rektorvalkampen ved Universitetet i Bergen.

Fagforeininga med leiar Steinar Vagstad i spissen, gjekk ut og rådde medlemmene sine til å stemme på den eine av kandidatane, Margareth Hagen, som gjekk sigrande ut av valkampen. Rektor leiar UiB-styret og den øvste leiaren av universitetet.

Deretter blei det klart at Vagstad sjølv blei vald inn som representant for dei fast tilsette forskarane og undervisarane.

No er det i tillegg klart at han hjelpte ein annan kandidat med valkampen.

Mangla samtykke

— Forskerforbundet kan ikkje «låne bort» e-postadresser på denne måten, seier jussprofessor Dag Wiese Schartum, UiO

— For at dette (tilgang til utsending av e-post, red.merkn.) skal vere lovleg , må medlemmene ha akseptert slik bruk, enten ved at dei har samtykt til det då dei gav opplysningane til Forskerforbundet, eller som del av avtalen om medlemsskap, seier jussprofessor ved Universitetet i Oslo og ekspert på personvern, Dag Wiese Schartum.

Forskerforbundet vedgår at det ikkje eksisterer noko samtykke, men avviser at dei har handla i strid med personvernet.

E-postadresser er per definisjon personopplysningar som er underlagde vilkår for deling og utlevering. I kvart enkelt tilfelle pliktar dei som har informasjonen å vurdere det rettslege grunnlaget for å tillate andre å bruke dei.

Det er ikkje blitt gjort av Forskerforbundet i dette tilfellet.

Tysdag 27. april vart Hatlebakk vald inn som representant for den såkalla gruppe B, mellombels tilsette i forskar- og undervisningsstillingar – med knappast mogleg margin: Då stemmene vart talde opp, hadde Hatlebakk og motkandidat Runa Falck like mange – 104.

Det førte til at valet blei avgjort ved loddtrekning.

Fagforeiningsmedlemmer særleg beskytta

Ifølgje Datatilsynet har fagforeiningsmedlemsskap ekstra sterk beskyttelse i personvernforordninga som Noreg har forplikta seg til gjennom EØS-samarbeidet. Manglande rettsleg grunnlag for å dele personopplysningar kan dermed bli rekna som særskilt alvorleg.

— Strenge vilkår må oppfyllast for å kunne dele informasjon om medlemmer. Ein må ha eit rettsleg grunnlag for å kunne dele, for eksempel gjennom samtykke, seier juridisk rådgivar Ole Martin Moe, som uttalar seg på generelt grunnlag.

Leiar for Forskerforbundet ved UiB, Steinar Vagstad, forklarer til Khrono at Hatlebakk fekk tilgang til fagforeiningas system for utsending av e-post til delar av medlemmane, men ikkje synlege namn og adresser.

Han seier han derfor ikkje kan sjå, eller har vore klar over, at dette var i strid med personvernet.

— Hatlebakk fekk ei nøytral e-postadresse som han sende meldinga si til. Derifrå blei meldinga send vidare til ei undermengd av våre medlemmer. Han har ikkje fått vite e-postadressa eller identiteten til ein einaste medlem. Viss nokon hevdar vi bryt lova, føreslår eg at dei melder oss til politiet, som har kompetanse til å etterforske lovbrot, seier Vagstad.

Ifølge professor og personvernekspert Schartum gjer ikkje det at identitetane ikkje er kjente noko forskjell juridisk sett. Utsendinga Forskerforbundet har gjort er å rekne som brot på personvernet, uavhengig av om adressene er synlege eller krypterte:

— Forskerforbundet kan ikkje «låne bort» e-postadresser på denne måten. Dei kan berre bruke opplysningane til dei føremåla som går fram av samtykke eller avtale med medlemmene. Det spelar ikkje noko rolle at kandidaten ikkje har sett eller sjølv handsama opplysningane. Alt tyder på at dette er ulovleg, seier han.

— Er så passiv at det er flaut

— Viss nokon hevdar vi bryt lova, føreslår eg at dei melder oss til politiet, som har kompetanse til å etterforske lovbrot, seier leiar i Forskerforbundet ved UiB, Steinar Vagstad .

Steinar Vagstad avviser at det er strategi bak støtta til Hagen og Hatlebakk, og hans eiga avgjersle om å stille til val for UiB-styret. Heller ikkje partipolitiske føringar er nokon faktor for Forskerforbundet sine vurderingar, ifølgje Vagstad. Hatlebakk er aktiv i Arbeidarpartiet og tidlegare rådgivar for byråden for utvikling og miljø i Bergen.

— Det ligg ikkje nokon større plan bak. Strategien vår er enkel. Ber ein kandidat om hjelp, tar vi det opp til vurdering i kvart enkelt tilfelle. Hatlebakk tok kontakt, og vi gjorde ei vurdering. Vi gjekk inn og såg på valplattforma hans, og det var ingenting der som vi i Forskerforbundet ikkje kan stå inne for.

— Kvifor opplyste ikkje du eller Forskerforbundet om at de hjelpte Hatlebakk?

— Då måtte vi ha gått aktivt ut og støtta hans kandidatur, slik vi støtta Team Hagen. Det ville ha kravd langt meir arbeid frå vår side, i form av ein gjennomgang av også dei andre kandidatane sine program. Her har vi berre bidratt til å formidle ein bodskap som vi synest var bra.

— Bad Margareth Hagen Forskerforbundet om hjelp?

— Nei, ho segla heilt på eigen kjøl, og vår støtte til henne var vårt eige initiativ.

— Kva slags metodar brukte du sjølv i forkant av valet til UiB-styret?

— Eg har ikkje brukt nokon metodar i det heile. Eg har vore så passiv at det nesten er flautt.

Hatlebakk: — Fall meg ikkje inn

Petter Hatlebakk, som bad om, og fekk, hjelp av Forskerforbundet, seier han ikkje har vore klar over at tilgangen og bruken av systemet for utsending av e-post til fagforeininga sine medlemmer, kan ha vore lovstridig.

— Eg har ikkje fått noko liste med tilgang til sjølve adressene til folk, berre ei automatisk generert e-postutsending. Dersom dette er eit brot på personvernet, er det uheldig, men det har eg i så fall ikkje vore klar over. Det fall meg ikkje inn at det overhovudet kunne vere eit tema, seier han.

Les også: Kan bli omvalg ved NTNU

Hatlebakk seier han også brukte ei adresseliste over stipendiatar på Humanistisk fakultet til å sende ut promotering av kandidaturet. Han seier vidare at dette er ei liste alle stipendiatane har tilgang til, og som også har blitt brukt av andre kandidatar til styrevalet.

I samband med valet la UiB til rette for at kandidatane skulle kunne presentere seg på lik linje med synleggjering på nettsider og i internavisa På Høyden. Kandidatane fekk 500 ord kvar til å presentere seg og sin motivasjon for å stille til val.

— Ein av parolane dine er «åpenhet», burde du ikkje då opplyst i e-posten at du fekk hjelp frå fagforeininga?

— Det er vanskeleg å nå ut til mange mellombels tilsette, det er eitt av problema vi har med organiseringa av stipendiatar. Eg er glad for at fagforeiningane vil hjelpe, og meir aktiv kommunikasjon med dei mellombelse er ein viktig del av arbeidet for større openheit. Så var det opp til Forskerforbundet å avgjere om dei ville støtte eit kandidatur heilt eksplisitt, framom dei andre. Det er ikkje det same som å hjelpe til med å vidaremformidle program og appell.

Studentbråk

Valkampen blant studentkandidatar til styret skapte også rabalder etter ein omstridt video. Utfordrarane til dei sittande studentrepresentantane, fekk reist mistillit mot seg etter kampanjen. Få dagar seinare trekte ei av utfordrarane, leiar Sandra Krumsvik i Studentparlamentet, seg, før det blei røysta over mistilliten. Dei sittande kandidatane vann valet hjå studentane.

* Saka blei endra med tillegg til sitat fra Hatlebakk, 2.5 kl. 22.30.

Powered by Labrador CMS