Debatt ● Anders Folkestad og Torbjørn Ryssevik

Ikkje engstelege, men usamde

Eggen må gjerne få kalle dette «nytenking», men vi har ikkje tru på at dette er vegen å gå, svarar Folkestad og Ryssevik. — Den vidaregåande skulen bør ikkje forsterke ei veksande individualisme.

Per-Odd Eggen tyr til lettvinte og velkjende flosklar frå dei som vil eksamen til livs, hevdar Anders Folkestad (på biletet) og Torbjørn Ryssevik.
Publisert

Denne teksten er et debatt­inn­legg. Inn­holdet i teksten uttrykker forfatterens egen mening.

Vi har tidlegare etterlyst engasjement frå universitetsmiljøa når det gjeld den vidaregåande skulen si studieførebuande rolle. Per-Odd Eggen skal ha ros for å ta debatten.

Nei, vi er ikkje engstelege, slik Per-Odd Eggen hevdar i Khrono 14.5, men vi er usamde med han. Utgangspunktet vårt er nettopp at den studieførebuande utdanninga i vidaregåande skule må fornyast og styrkast. Det inneber mellom anna ein god balanse mellom fellesfag og valfrie fag og emne. Tverrfagleg arbeid og djupnelæring skal gi samanheng, innsikt og danning. Den fagsterke læraren skal ha rom til å eksperimentere og utforske saman med elevane.

I motsetnad til Eggen vil vi ha ein nasjonal vidaregåande skule med felles kunnskapsgrunnlag på viktige område. Eggen presenterer eit system der både elevar og skular tilsynelatande skal få velje fritt. Han må gjerne få kalle dette «nytenking», men vi har ikkje tru på at dette er vegen å gå. 

Den vidaregåande skulen bør ikkje forsterke ei veksande individualisme. Behovet for eit felles minne som ein god skule kan gi, har vel neppe vore større på lenge. Dette handlar om at utdanning også skal gi danning.

I Eggen sin framtidsskule er det ikkje plass til ein nasjonal eksamen som attpåtil skal vere grunnlag for opptak til høgare utdanning. Han tyr til lettvinte og velkjende flosklar frå dei som vil eksamen til livs, som at «Skriftlig sentralgitt eksamen tester i stor grad hva elevene ikke kan, under dekke av at de skal få vise hva de kan».

Akademia har lenge vore kritiserte for å hente management-baserte idear frå næringslivet. (...) Å overføre også denne ideen til universiteta, vil neppe gi betre studieførebudde studentar.

Folkestad og Ryssevik

Løysinga er opptaksprøver, skriv Eggen. Vi er godt kjende med at enkelte institusjonar nyttar opptaksprøver på avgrensa område. Dette gir ikkje grunnlag for å innføre dette som hovudordning. 

Akademia har lenge vore kritiserte for å hente management-baserte idear frå næringslivet. Der har intervju og meir eller mindre målretta testar av ulikt slag vore i vinden lenge. Å overføre også denne ideen til universiteta, vil neppe gi betre studieførebudde studentar.

Powered by Labrador CMS