Debatt ● Anders Folkestad og Torbjørn Ryssevik
Opptak og studiekompetanse
Frå universitetshald kjem det stadig meldingar om at mange studentar ikkje er godt nok studieførebudde. Universiteta har i stor grad seg sjølve å takke.
Denne teksten er et debattinnlegg. Innholdet i teksten uttrykker forfatterens egen mening.
Det er gode grunnar til å kritisere statsråd Oddmund Hoel for å forsterke «gjennomstrøyming» som eit hovudelement i utdanningspolitikken. Statsråden skal likevel ha ros for å halde fast på ordninga med studiekompetanse og karakterar frå vidaregåande som fundamentet for opptak til høgare utdanning.
I snart 150 år har vidaregåande skule forvalta rolla som den viktigaste studieførebuande institusjonen. Denne oppgåva har lenge vore under press. I mange år har debatten vore prega av lettvinte forslag om å svekke krava til studiekompetanse, utan at universitet og høgskular har tatt til motmæle.
Eitt av dei siste utspela i så måte kjem frå Per-Odd Eggen i Khrono (10.4.). Han viser til «Fullføringsreforma» i vidaregåande og foreslår å erstatte det karakterbaserte opptaket m.a. med opptaksprøver. Karakterar har sine svake sider, men dei alternativa som har vore framme i debatten, har endå fleire manglar.
I «Fullføringsreforma» blei det foreslått å dempe verdien av fellesfaga, og i større grad innrette programfaga mot smalare og meir etterspurde kompetansar i samfunns- og arbeidsliv. Elevane sine interesser og val skulle meir enn før styre tilbodet. Ei ulempe er at dette vil føre til tidlegare spesialisering og meir individualisering. Dersom ei slik individualisering blir ført langt nok, vil truleg nasjonale eksamenar bryte saman. Det vil neppe fjerne karakterane, men føre til at standpunktkarakterane blir viktigare. Det skaper ikkje eit meir rettferdig system.
Statsråden gjer difor rett i å avvise opptaksprøver som hovudveg til høgare utdanning. Han grunngir dette både med at det er ei tungvint ordning, og at det vil skape ein ny marknad for kjøp av «opptakstrening». Dessutan vil eit slikt system etter kvart undergrave den vidaregåande skulen si rolle som studieførebuande instans.
La oss slå fast at mange unge i dag er godt rusta til lange studium og klarer seg svært bra. Men som statsråden har vore inne på i ein del samanhengar; den store studentveksten «betyr noko for kvaliteten». Dette gjeld også for dei studiespesialiserande utdanningane i vidaregåande, der kravet om gjennomstrøyming er minst like stort som i høgare utdanning.
Målet må vere at fleire gjennomfører krevjande studium utan at dei faglege krava blir reduserte.
Folkestad og Ryssevik
Det har ikkje mangla reformer dei siste tiåra, heller ikkje stortingsmeldingar. Likevel kjem det stadig meldingar frå høgare utdanning som tyder på at ein i aukande grad møter dei same problema som i vidaregåande opplæring; mangel på motivasjon og konsentrasjon, laber eigeninnsats og fråfall.
Difor er det nødvendig å styrke vidaregåande skulen si studieførebuande rolle. Målet må vere at fleire gjennomfører krevjande studium utan at dei faglege krava blir reduserte. Her bør universitet og høgskular legge mindre vekt på å konkurrerer om studentar, og meir vekt på å tydeleggjere kva som skal til for å gjere ungdom betre budde på akademiske studium. Skal dette fungere, trengst det et langt betre og meir systematisk samspel mellom høgare utdanning og vidaregåande skule. Dette er eit ansvar for styresmaktene.
Vi vil også framheve at universiteta må satse meir på lektorutdanninga. Disiplinbasert masterutdanning pluss praktisk-pedagogisk utdanning er det fagleg beste alternativet for undervisning i dei studieførebuande programma i vidaregåande.