Frykt for at halve instituttet på NTNU vil bryte ut etter konfliktar
NTNU. Halve instituttet kan kome til å bryte ut og ting vil gå frå vondt til verre, meiner tre kvinnelege professorar ved Institutt for historiske studier ved NTNU om rektor sitt forslag til løysing for det kriseramma instituttet.
OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.
Måndag 7.oktober går fristen ut for dei tilsette om å melde tilbake om forslag om ormorganisering ved det konfliktfylte Instistutt for historiske studier på NTNU.
I håp om å betre arbeidsmiljøet ved det kriseramma instituttet, har konstituert rektor, Anne Borg, foreslått å skille ut forskargruppa «Fate of Nations» til eit nytt senter lokalisert ein annan stad, men på same campus på Dragvoll.
NTNU-leiinga har fått råd om å skille ut dei som har eit objektivt større ansvar for arbeidsmiljøproblemene ved IHS enn det andre tilsette har. Leiaren av forskingsgruppa, Hans Otte Frøland, reagerte sterkt på framlegget tidlegare.
Dei tilsette på instituttet vart informerte om forslaget onsdag 25. september og har blitt inviterte til å kome med sine tilbakemeldingar til forslaget med frist måndag 7.oktober.
Professor Aud Mikkelsen Tretvik, Maria Fritsche og professor emerita Ida Bull har kome fristen i forkjøpet og rettar krass kritikk mot forslaget i tre ulike intervju med Universitetsavisa.
Så lenge leiarstilen ikkje endrar seg, og så lenge leiinga nyttar truslar og frykt i staden for dialog og medverknad, så kan ikkje arbeidsmiljøet ved IHS bli betre.
Maria Fritsche
Meiner fagmiljøet vil bli rasert
Rektor Anne Borg, meiner hennar løysing vil medføre færrast ulemper for majoriteten av dei tilsette, i tillegg til at ein gjennom løysinga vil tilgodesjå NTNU sine plikter overfor studentane. Dei tre professorane er usamde.
— Store delar av fagmiljøet mitt kjem til å bli rasert dersom forslaget til rektor blir vedteke som det står i innstillinga til NTNU-styret, og eg risikerer å bli sittande i ei fagleg bakevje. Då vurderer eg å flytte med, seier Tretvik som er tilknytt forskingsgruppa for kulturminneforvalting ved instituttet, til Universitetsavisa.
Tretvik har inntrykk av at fleire av kollegane hennar vurderer å gjere det same om oppsplittinga blir ein realitet. Ho spår at halve instituttet kan ende opp med å forsvinne ut.
Khrono har spurt HR-sjef Arne Hestnes om det vil vere slik at folk sjølve kan velje om dei vil flytte saman med Fate of Nations dersom dei vil.
— Eg viser til utsendt powerpoint om dette, og har ikkje noko meir å tilføye enn det som står der, skriv han i ein epost.
Der står det mellom anna at ein reknar med at det meste vil skje frivillig, men at «Organisasjonstilhørighet for den enkelte fastsettes endelig av rektor».
— Studentane blir skadelidande
Både Tretvik og professor emerita. Ida Bull, meiner at både forskinga og undervisninga ved instituttet vil bli skadelidande om forslaget til rektor går gjennom.
— Leiinga foreslår i realiteten å flytte det meste av feltet moderne historie ut av instituttet. I historiefaget er det viktig å sjå dei lange linjene og dei samfunnsmessige samanhengane. Ein har behov for å sjå heilskapen. Dette er ikkje minst viktig for studentane. Eg kan verkeleg ikkje forstå at NTNU-leiinga meiner dette er ein fagleg forsvarleg måte å løyse problema på, seier Bull til Universitetsavisa.
At forslaget ikkje vil skape trøbbel for studentane og undervisninga, meiner alle tre er heilt feil. Dei peiker på at oppsplittinga vil føre til praktiske utfordringar i det daglege undervisningsarbeidet dersom personar på tvers av institutt og senter ikkje skal ha fagleg samkvem.
Dårleg leiing
Eg kan verkeleg ikkje forstå at NTNU-leiinga meiner dette er ein fagleg forsvarleg måte å løyse problema på.
Ida Bull
Professor Maria Fritsche har vore på reise utanlands og blei sjokkert over framlegget då ho blei kjent med det via epost. Fritsche meiner det er studentane som må betale rekninga for det ho karakteriserer som dårleg leiing ved instituttet og NTNU.
— Omorganiseringa vil øydelegge eit velfungerande studieprogram i historie og historielektorprogram, sidan dei fleste som underviser i moderne historie skal flyttast, medan middelalder og tidleg moderne tid forblir på IHS, skriv Fritsche i ein e-post til Khrono.
— Feil framstilling av konflikta
I tillegg til å vere sterkt kritiske til løysingsforslaget til rektor, så meiner både Aud Mikkelsen Tretvik og Maria Fritsche på meir generelt grunnlag at det som har føregått på instituttet dei siste åra er feil framstilt både av leiinga og i media.
— NTNU-leiinga og nokre medium bidreg til å skape eit bilete av ei gruppe av «middelaldrande kvite menn» som har «trakassert kvinner, homofile og utlendingar ved IHS». Ei slik framstilling er misvisande, skriv Fritsche til Khrono, og viser mellom anna til anonyme utspel i ein artikkel i Adresseavisen om eit giftig arbeidsmiljø for nokre veker sidan.
Ho seier at ho sjølv vart trakassert då ho i si tid var verneombod, både av kvinnelege kollegaer og ein kvinneleg overordna, og meiner dette ikkje vert nemnt av verken leiinga ved NTNU eller i media. Fritsche trekte seg frå vervet som verneombod i 2017.
Det handlar om habilitet og mangel på openheit og medverknad, og om korleis kritikk vart møtt av leiinga ved instituttet og ved fakultetet.
Aud Mikkelsen Tretvik
Les også: Flere kan vente seg reaksjoner etter hendelser ved konfliktrammet institutt på NTNU
Fritsche og Tretvik peiker i staden på mangelen på openheit og medverknad som rota til problema som har prega arbeidsmiljøet ved instituttet dei siste åra.
— Det handlar om habilitet og mangel på openheit og medverknad, og om korleis kritikk vart møtt av leiinga ved instituttet og ved fakultetet. Eit verneombud (Maria Fritsche, red. anm.) vart utsett for trakassering, og ein kollega (Kristian Steinnes, red.anm.) vart tvangsflytta. Så har ein sidan fått påstandar om trakassering av ulikt slag, som gjer at dei opprinnelege forholda har forsvunne, seier Tretvik til Universitetsavisa.
— Så lenge leiarstilen ikkje endrar seg, og så lenge leiinga nyttar truslar og frykt i staden for dialog og medverknad, så kan ikkje arbeidsmiljøet ved IHS bli betre, slår Fritsche fast.
Konflikt på Europastudiar
I ein rapport frå ei gruppe faktagranskarar som var leigde inn for å kartlegge konflikten heiter det i oppsummeringa som ligg ute på NTNUs heimesider:
«De fleste av de som har vært betydelig involvert i konflikten, og sterkt preget av den, har hatt tilknytning til Europastudier. Dette studieprogrammet, som ble etablert og utviklet av viktige personer på begge sider av konflikten, var tidligere lagt til et annet institutt. Det har lenge vært stor uenighet og strid rundt instituttplassering og faglig profil.
Fra 2014 ble det reist spørsmål om inhabilitet i enkeltsaker tilknyttet studieprogrammet, og etter at programmet ble lagt til IHS i 2015 ble konflikten hovedsakelig intern på IHS. Selv om habilitetsproblemer i snever forstand ble avklart juridisk på høyere nivåer ved NTNU, ble habilitet i form av tillit til lederes upartiskhet i avgjørelser etter manges mening ikke tilstrekkelig vurdert, og en del oppfattet at det oppstod en uheldig maktkonstellasjon rundt ledere på flere nivåer, noe som særlig gjaldt saker knyttet til Europastudier».
Khrono har spurt både professor Lise Rye ved Europastudiar og professor og programleiar ved Europastudiar, Carine Germond om kva dei meiner om rektors framlegg til omorganisering av instituttet. Førstnemnde har ikkje svart, og Germond skriv i ein epost at ho ikkje ønsker å uttale seg om arbeidsrelaterte spørsmål i media.
Førsteamanuensis og programleiar ved lektorprogrammet på historie, Michael J. Geary, ønsker heller ikkje å uttale seg.
Munkeby: NTNU-leiinga plasserar ikkje skuld
Den øvste leiinga ved NTNU har tidlegare sagt at dei ikkje ønsker å kommentere saka meir før NTNU-styrets handsaming 31.oktober.
Organisasjonsdirektør Ida Munkeby skreiv eit innlegg i Khrono på vegner av leiinga 2.oktober. Der skriv ho mellom anna:
«Enkelte ansatte ved instituttet har i avisintervjuer kritisert forslaget. Det er de i sin fulle rett til å gjøre. Samtidig vil jeg minne om bakgrunnen for saken og understreke at forslaget til omorganisering ikke innebærer en plassering av skyld».
Munkeby varsla også i eit intervju med Khrono 19.september at universitetsleiinga vurderer å komme med personalmessige reaksjonar overfor fleire einskilde tilsette. Så langt Khrono kjenner til har enno ingen fått melding om dette.
Uklart rundt tvangsflytta Steinnes
Dei alvorlegaste reaksjonane mot einskildpersonar er det no universitetsstyret som skal vedta - også den 31.oktober. HR-sjef Arne Hestnes har tidlegare stadfesta at det kan vere snakk om ordensstraff, suspensjon, oppseiing eller avskjed. Mildare sanksjonar, som åtvaring og irettesetting, er det rektor som skal avgjere.
Khrono har også vore i kontakt med historieprofessor Kristian Steinnes som har vore omplassert bort frå instituttet i over eit år, som følgje av konfliktene. Han har ikkje fått melding om kva som vil skje med stillinga hans som var knytt til Europastudiar, eller kva slags plass han vil ha i ei ny organisering og oppslitting av instituttet.
Les også: Khronos samlesider om Steinnes-saken og Institutt for historiske studier
Logg inn med en Google-konto, eller ved å opprette en Commento-konto gjennom å trykke på Login under. (Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang)
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se Khronos debattregler her. God debatt!