Falske nyhende, kansellering, krig og miljøkrise. Det finst mange grunnar til å hente Hans Skjervheim (1926-1999) fram igjen.

Filosofen, systemkritikaren, fritenkaren. Hans Skjervheim sette preg på mange av dei store samfunnsdebattane i Noreg frå 1960-talet og fram til han vart ufør i 1991.

I ei tid der sanninga står på spel, kan filosofen frå Myrkdalen gi ei handsrekning?

Publisert Oppdatert

«Mye er blitt skrevet (om Skjervheim) – trolig flere sider enn han selv rakk å skrive», skreiv Lars Roar Langslet i 2007. Få har likevel sett djupare avtrykk i etterkrigstidas vitskapelege sverdslag og samfunnsdebattar enn Hans Skjervheim.

No er endå meir blitt skrive, i boka «Arven etter Skjervheim», som kjem ut i desse dagar.

Norske tenkarar frå ymse fagfelt, generasjonar og tradisjonar er bidragsytarar til artikkelsamlinga, der dei dykkar inn i kvar sine Skjervheim-essay, sjangeren Skjervheim briljerte i. For eksempel: «Ideologi og universitetsreform», «Deltakar og tilskodar» og «Det liberale dilemma» — alle titlar som truleg er minst like kjende som forfattaren bak.

— Essaya tar opp dei evige spørsmåla, dei er ikkje låste til ein bestemt epoke. Tekstane er naturlegvis også ei kjelde til å forstå tida han levde i. Men framfor alt hadde han ei eineståande evne til å sjå det prinsipielle i eitkvart emne. Han er del av «evighetens seminar», der han sit saman med Platon, Kant og resten av gjengen, seier Andreas H. Hvidsten, som til dagleg er førsteamanuensis ved MF vitenskapelig høyskole.

Fakta

Hans Skjervheim (1926-1999)

  • Hans Skjervheim var ein norsk filosof og essayist.
  • Han var særleg knytt til positivismestriden innanfor filosofi og samfunnsfag, og var oppteken av grensene for den (natur)vitskaplege tenkjemåten, og av farane ved å gjere menneskeleg subjektivitet til objekt.
  • Skjervheim var stipendiat i filosofi ved Universitetet i Oslo 1964–1969, universitetslektor ved Universitetet i Bergen frå 1971, gjesteprofessor ved Universitetet i Tromsø og deretter professor ved Roskilde Universitetscenter 1974–1975. Han var professor ved Universitetet i Bergen 1982–1991 med eit personleg professorat i sosialfilosofi og pedagogisk filosofi.

(kjelde: snl.no, wikipedia.no)

Han er redaktør for «Arven etter Skjervheim» saman med Lars Petter Storm Torjussen, som er førsteamanuensis i pedagogikk ved Universitetet i Bergen.

I boka løftar bidragsytarane tekstane til Skjervheim inn i sine eigne, og landar dei i vår tid.

Skjervheim-venn skriv

Det dreier seg om pedagogikk, økologi, miljø, litteratur, journalistikk, sosiologi og filosofi, og det dreier seg om korleis forsking og høgare utdanning er blitt erobra av instrumentell bedriftslogikk og -sjargong – ei av Skjervheims skyteskiver.

Meir overordna dreier boka seg om grunnlag for, og truslar mot, demokrati, tillit, toleranse, teknologi og frie og sanningsbaserte ordskifte, tema Skjervheim tok opp ein generasjon før nokon kjende Donald Trump.

Betente omgrep i vår tid, som identitetspolitikk og kanselleringskultur blir i fleire samanhengar i boka plassert som hand i Skjervheims teoretiske hanske.

Den eldste bidragsytaren er filosofiveteranen- og professoren Gunnar Skirbekk. Han var nær venn og kollega med Skjervheim og publiserte sitt første filosofiske verk i 1958. Den yngste er statsvitaren Hvidsten. Han var ikkje ein gong begynt på skulen då Skjervheim fekk slag og vart arbeidsufør i 1991.

Skjervheim, Sokrates

Hans Skjervheim blir av mange rekna som ein av dei aller største norske filosofane, og ein som har sett internasjonale spor i fagfeltet. Den meir berømte tyske filosofen Jürgen Habermas var blant dei som siterte frå dei tidlege skriftene hans.

Skjervheim starta, og gjekk med skarp tunge og penn inn i, fleire av dei store akademiske debattane i etterkrigstida. Mest kjent er truleg den såkalla positivismestriden, som Skjervheim tok heim med harde angrep på tendensen i samfunnsvitskapen til å mime naturvitskapelege metodar og sende subjektive, menneskelege erfaringar på dør til fordel for eit strengt, empirisk studium av «objekt».

Poenget med boka er å få eit heilt lag av akademikarar til å løfte fram Skjervheim i dag, og også å vise at han stod for så mykje meir, ifølgje redaktørane.

— Eg såg ein måte å skrive og tenke på som eg ikkje hadde vore borti før, seier Andreas H. Hvidsten om si eiga oppdaging av Skjervheim. Hvidsten er ein av redaktørane av boka «Arven etter Skjervheim».

Etter magistergrad i 1958 og fleire år i Tyskland, vart Skjervheim statsstipendiat ved Universitetet i Oslo, i miljøet kring Arne Næss. Etter fleire opphald i utlandet etablerte han seg i Bergen, der han fekk fast stilling i 1971.

I 1973 kom det som er rekna som det fagfilosofiske hovudverket, «Ideologi, sosiologi, dialektikk» ut. Det er det einaste formelt akademiske verket etter han, i tillegg til magisteravhandlinga.

Dei djupe avtrykka har han sett i ei handfull essay, som samla kan få plass på nokre hundre sider – og i dei truleg mange tusen samtalane og diskusjonane med mange om mangt.

At han er blitt kalla ein moderne Sokrates, finst det gode grunnar for.

Debattane gav han mange venner – og mange fiendar. Først i positivsmestriden som også tok form som ein kritikk mot teknokratane i arbeidarpartistaten, og motstand mot menneske forstått og handtert som instrument, i staden for komplekse, sosiale individ. Dernest, på 1970-talet, gjekk han laus på vulgærmarxistane og prøvde å plukke den totalitære ml-rørsla ifrå kvarandre. På 1980-talet, då den såkalla postmodernismen kom til norske universitet, vart han ein krass kritikar også av denne retninga.

Ifølgje redaktørane av «Arven etter Skjervheim» har tankegodset etter fritenkaren framleis kraft til å provosere:

«I en tid da skillet mellom nevrovitenskap og bevissthetsfilosofi er nærmest utradert, post- og transhumanisme har blitt en del av det kulturelle mainstream, og økologisk samfunnskritikk står sterkt, er det nærmest provoserende å hevde at mennesket er noe mer – og noe mer høyverdig – enn «bare» natur, skriv dei i introduksjonen.

Tenketrening

— Han mangla respekt for faggrenser, seier Hvidsten, og det er meint som ein kompliment.

Hvidsten snubla over Skjervheim medan han arbeidde med doktorgraden i statsvitskap, og sidan har han blitt ei av dei viktigaste faglege inspirasjonskjeldene. I 2016 vart Hvidsten til og med tildelt Skjervheimprisen under det årlege Skjervheimseminaret.

Det er ei form for tenketrening å lese Skjervheims essay, meiner Hvidsten.

— Eg såg ein måte å skrive og tenke på som eg ikkje hadde vore borti før. Det er ei form for utprøvande, ikkje så formbundne tekstar. Ofte er utgangspunktet ein enkel tematikk eller situasjon, som på overflata kan verke enkel eller uproblematisk. Så problematiserer han det, ofte gjennom kvardagslege eksempel, grev seg ned til underlaget – og plutseleg er du komen ned til Nietzsche. Å skrive slik krev både innsikt og danning – og mot og sjølvtillit, seier Hvidsten, før han kjem fram til at ingen skriv som Skjervheim, verken før eller no.

Ein kan sjå det filosofiske prosjektet hans som å rydde plass til dialog mellom menneske, til møter mellom individ med rett og evne til tenke sjølv og diskutere saker i fellesskap

Andreas Hvidsten

Men sjølv prøver han. Skjervheim er blitt eit stilistisk forbilde.

— Den sokratiske dialogen er ikkje berre ein modell for korleis han snakka med andre – han var glad i å diskutere – men også for korleis han skreiv. Det handlar om å på vegen få med seg den andre. Hovudpoenget er ikkje at «eg skal fortelje deg noko», men at du skal gå etter i saumane kva du faktisk meiner. Dette er ein type dialogisk relasjon Skjervheim dyrkar, det er grunnpremissen for eit velfungerande ordskifte, seier Hvidsten.

Med denne modellen i hovudet går vegen nokså rakt fram til spørsmålet om korleis det står til med ordskiftet i dag.

— Ein kan sjå det filosofiske prosjektet hans som å rydde plass til dialog mellom menneske, til møte mellom individ med rett og evne til tenke sjølv og diskutere saker i fellesskap, seier Hvidsten.

I sitt eige bidrag i «Arven etter Skjervheim», tar Hvidsten utgangspunktet i essayet «Deltakar og tilskodar» frå 1957. Der trekker Hvidsten fram den såkalla Hellestveit-debatten som eit eksempel frå vår tid der fleire aktørar sette desse ideala til side.

Frå Skjervheim til Hellestveit

Debatten begynte med eit intervju i Khrono der Cecilie Hellestveit var kritisk til andelen utanlandske forskarar i delar av norsk akademia (intervjuet var ei oppfølgjing av eit anna intervju gjort under Skjervheim-seminaret 2021, journ.merkn.).

Mange var ueinige med Hellestveit om saka, men ikkje alle var like opptatt av sak, skriv Hvidsten. Han peikar på korleis fleire aktørar etter hans syn ikkje viste interesse for dei eigentlege meiningane til Hellestveit, men var mest interessert i grunnane til at ho meinte det ho gjorde. Ein av debattantane gav uttrykk for at Hellestveits bekymring skuldast «ene og alene at hun er innlemmet i en sosial identitet som er norsk».

Innlegget, som kom frå professor i sosialpsykologi, Nicolay Gausel, er ifølgje Hvidsten ein slåande parallell til døma Skjervheim stiller opp i 1957. Eigentleg er Gausels innlegg ikkje eit innlegg i debatten i det heile tatt. Debatten blir gjort til debatt om debatten og «sosialpsykologisk debunking av hele ordskiftet», analyserer Hvidsten.

I «Arven etter Skjervheim» er det professor i statsvitskap Øyvind Østerud som tar denne tematikken lengst inn i våre dagars hardhendte diskusjonar om identitetspolitikk, krenking og kanselleringskultur. Med utgangspunkt i «Det liberale dilemma» frå 1968, stuper Østerud inn i fleire konkrete døme på korleis «demokratiet underminerer seg sjølv» –ikkje minst i den akademiske verda.

«Poenget her er at meningssensur av lovlige ytringer i liberalitetens navn er autoritær og illiberal», skriv Østerud i flukt med Skjervheims essay. «Et krav om å reflektere over egen liberale posisjon oppstår når denne liberaliteten blir eneste akseptable holdning, der andres syn må renses vekk»

Østerud kjem med eit potpurri av ferske døme, der «de liberale ideene er under hissig angrep»: Blant anna filosofiprofessoren Kathleen Stock som vart pressa ut av stilinga si ved Sussex universitet i England etter å ha blitt skulda for transfobi. Og psykologiprofesoren ved Universitetet i Bergen som hausten 2020 vart skulda for å ha krenka ein tysk student med ein vits under ei forelesing – og enda med å bli kravd 10 000 kroner i erstatning av universitetsleiinga.

«Friheten utdypes i et fellesskap med brytninger. Slik blir den dialektisk og ikke bare formal, slik Skjervheim forsto den», skriv Østerud.

Universitetsindustri

I kva grad Skjervheim ville tatt del i debattar om «tyskervitssaka» og «Hellestveit-debatten», om han eksisterte i dag, er naturlegvis uvisst.

— Men det er ikkje usannsynleg, meiner Andreas Hvidsten.

Hans Skjervheim i samtale med litteraturprofessoren Hans Aaraas.

Lågare puls i «Arven etter Skjervheim» har bidraga om Skjervheims skrifter om skjønnlitteraturen og om journalistikken.

Utviklinga i det siste feltet var ikkje akkurat noko Skjervheim såg lyst på i eit essay frå 1987: Tabloidjournalistikken, eksemplifisert med Dagbladet, var i ferd med å fortrenge den klassiske journalistikken, der «journalisten set si ære i å formidla sann og relevant informasjon». Tabloidjournalistikken forvandla i staden «lesaren til objekt som skal påverkast, blikkfangast, få innplugga informasjonar, så fort og effektivt som mogleg», meinte Skjervheim.

Heldigvis, kanskje, kan ikkje Skjervheim lese Dagbladet i dag.

Pulsen går noko opp igjen når sosiologen Aksel Tjora kjem på banen med «Instrumentaliseringen av høyere utdanning: Skjervheims forvarsel». Tjora var i 2019 redaktør for «Universitetskamp».

«Skjervheim har på ingen måte mistet sin relevans, all den tid standardisering, industrialisering og strategisk toppstyring har inntatt høyere utdanning med full kraft i løpet av de siste 20-30 år, både i Norge og i verden for øvrig», skriv Tjora.

Høg og låg

— Det er godt mogleg Skjervheim ville hatt problem med å kunne jobbe i akademia i dag. Rekneskapsføring og rapportering var ikkje hans sterke side, seier Jan Inge Sørbø, truleg med syrleg understatement.

Sørbø er professor ved Høgskulen i Volda og gav i 2002 ut biografien om Hans Skjervheim. Sørbø er også representert i «Arven etter Skjervheim» med eit bidrag om Skjervheims utfall mot postmodernistane på 1980-talet.

— Kritikken hans gjekk ut på at postmodernistane fjerna kriteria for å skilje mellom sant og usant. Postmodernismen var jo eigentleg eit kritisk prosjekt, der målet var å løyse opp i autoritære strukturar og tenkemåtar. Skjervheims poeng var at dersom du ikkje har ein teori om sanning med deg, er dette livsfarleg. Det syntest postmodernistane var latterleg. Skjervheim var gammaldags, og vart ledd ut, seier Sørbø.

Han var ekte interessert i folk, høg og låg, frå professorar til folk som reparerte bilen hans.

Jan Inge Sørbø

Men i dag har Skjervheims poeng fått ein slags revansj, meiner Sørbø.

— I dag er kritikken hans interessant igjen. Eg meiner ikkje på den måten at «han hadde rett» — han slakta jo postmodernismen eigentleg før den var komen til Noreg. Men dei grunnlagsproblema han tok opp, om at det er nødvendig å ha ein måte å finne ut kva som er sant på, er relevante.

Som biograf teiknar Sørbø eit bilde av Skjervheim som ein jovial, snakke- og diskusjonsglad mann.

— Han var ekte interessert i folk, høg og låg, frå professorar til folk som reparerte bilen hans. Han delte grenselaust. Men han sjekka ikkje alltid om andre var interessert, då. Og så brukte han nok meir tid på å prate enn å skrive. Han leverte ikkje veldig mykje skriftleg.

Men, peikar Sørbø på, det han skreiv, særleg på 1960- og 70-talet, finst framleis på pensum og blir stadig tatt inn i nye samanhengar og diskusjonar.

— Med dagens kvantitative måleregime — i skuleverket, i helsevesenet, i akademia — og med den teknologiske utviklinga og digitaliseringa, er kritikken hans framleis gyldig, sjølv om teknologien ikkje fanst då han skreiv, seier Sørbø.

— Han opponerte alltid mot dei som hadde høgast status i samfunnet. Det er mykje vanskelegare enn det motsette.

Powered by Labrador CMS