Debatt lars nyre

Humanistens arroganse i møte med ny tekno­logi

«Akademikarar med humanistisk bakgrunn bør bidra med nyanserte teoriar som torer å overskrida tradisjonelle tankegangar om mennesket og teknologiane», skriv professor i medievitskap Lars Nyre.

Denne teksten er et debatt­inn­legg. Inn­holdet i teksten uttrykker forfatterens egen mening.

Svar til Jostein Gripsrud

Jostein Gripsrud vil ikkje anerkjenna at det finst maskiner som er «på sjølvstyr». Teknologiar har berre den makta menneska gir den, seier han, og me kan trygt fortsetja å tenkja slik me alltid har gjort. Slik er humanistens arroganse i møte med ny teknologi.

Det finst jo faktisk maskiner med innebygd kunstig intelligens som kan gjera ting heilt sjølv! Eit av dei mest tilgjengelege eksempla for folk flest er sjølvkøyrande bilar og tog, og utprøvinga er i full gang både i bilbransjen og i kollektivtrafikken.

Eg synest akademikarar med humanistisk bakgrunn bør bidra med nyanserte teoriar som torer å overskrida tradisjonelle tankegangar om mennesket og teknologiane. Eg har forsøkt meg på teoretisk fornying i ulike innlegg, men med vekslande hell ifølge Gripsrud.

Han framstiller meg som ein slags akademias Don Quijote; ein posthumanistisk teknologisk determinist som skriv rare ting som at «bruk av teknologi betyr alltid at mennesket gir frå seg makt til den aktuelle teknologien» og «teknologien er autonom, den kan altså ikkje styres av menneske».

Gripsrud har ikkje lese meg feil, men eg meiner sjølv at desse setningane er ganske fornuftige, og eg vil nyansera dei i dette innlegget.

Gripsrud sin posisjon er forresten ikkje særleg rar.

«Igjen og igjen har det vist seg at teknologisk utvikling fremst er et produkt av menneskes ambisjonar [ …] i forsøk på å nå et mål om å utvide menneskets moglegheiter. Alle nyvinningane er produkt av menneskeleg intelligens og fantasi, altså skaperkraft. De aukar menneskas makt, ikkje motsett.»

Dette er ein velkjent posisjon som blant anna filosofen John Dewey tok tidleg på 1900-talet. Den kan kallast instrumentalisme og vart seinare kalla sosialkonstruktivisme. Maktkamp og forhandlingar mellom menneska bestemmer kva teknologiar som dominerer. Teknologi er eit middel til eit mål menneska set seg, og difor er den også berre eit instrument me brukar.

Jostein Gripsrud framstiller meg som ein slags akademias Don Quijote; ein posthumanistisk teknologisk determinist som skriv rare ting

Lars Nyre, professor i medievitskap ved UiB

Det menneskesentrerte perspektivet fungerer ikkje lenger. Det hemmar forståinga av intelligente, universelle kraftmaskiner som vert stadig viktigare i samfunnet. Sjølvkøyrande bilar vil kunna få ei handlekraft som er større enn menneskas ved å verta synkroniserte i trafikkbiletet, og dei fungerer dessutan heilt annleis som moralske aktørar. Desse eigenskapane vert heftig diskutert i faglitteraturen.

Det skjer ei maktoverføring til maskiner som me må forstå betre. «Bruk av teknologi betyr alltid at mennesket gir frå seg makt til den aktuelle teknologien», siterer Gripsrud meg på. Ja, slik er det. Når ein ny teknologi oppstår gir me frå oss kroppsnær kraft med stor kontroll til framandgjort kraft med mindre kontroll.

Folk bar børa på ryggen, så køyrde dei den med trillebår, hest og kjerre, eller med frakteskip. Nyvinningar medførte større makt til herskarar som hadde kontroll på teknologien, enten det var storbonden, skipskapteinen eller kongen.

Fram til ca. 1700-talet var vilkåra mekaniske og kjemiske; det handla om hjul på aksel, talje, skråplan og kile, og blandingar av organiske stoff til krut, bleikemiddel, og anna. Så lenge teknologiane var avgrensa til dette domenet, fungerte også instrumentalismen godt til å forklara dei. Makta var framleis under menneskeleg kontroll.

Martin Heidegger utfordra denne handverksorienterte tankegangen med ein teori der han skil mellom dei mekaniske teknologiane som alltid har funnest og moderne vitskaplege teknologiar som oppstod med naturvitskapen. Det vitskaplege eksperimentet tvinga nye funksjonar ut av naturen.

Det vart råd å laga elektrisk lys til alle heimar, bilar med forbrenningsmotor til alle som har råd, biokjemiske modifikasjonar av dyr og menneske, atomkraft, DNA-klippemaskiner, kunstig intelligens basert på hjernens nevrale nettverk og kvantedatamaskiner.

Menneska vart som trollmannens læregut. Atomfysikarar leika med krefter dei ikkje forstod, og såg med skrekk kva dei var med å laga. Det oppstod ein type teknologi som ikkje er på nivået for kroppsleg omgang med mekaniske verktøy, men som kjem frå dei naturfenomena fysikken klarer å omsetja til maskiner i forskings- og utviklingsmiljø med tusenvis av ekspertar.

Det er forresten vanskeleg å sjå noko nazistisk med Heidegger sin teknologiteori, slik Gripsrud legg opp til.

No vil eg gå inn i spørsmålet om determinisme. «Teknologien er autonom, den kan altså ikkje styres av menneske», siterer Gripsrud meg på. Det er klart at vitskapsfolk og oppfinnarar utløyste kreftene i naturen, men det er berre delvis rett å seia at dei dermed laga for eksempel kunstig intelligens.

Den fungerer på premiss frå logikk og matematikk, og moglegheita til å koda programreglar i analoge og digitale elektriske kretsar. Intelligente maskiner utvidar menneskets moglegheiter utan at menneska bestemmer korleis, og på måtar som er uforståelege for folk flest.

Me står midt oppi ei utvikling der også kraftutøving flyttar seg frå spesialiserte funksjonar utført av menneske til generaliserte eller universelle funksjonar utført av intelligente maskiner. Mekaniske maskiner var alltid spesialverktøy; dei gjorde ein ting veldig godt og var ubrukelege til andre formål.

Ei intelligent universalmaskin kan brukast til å skriva bøker, senda e-postar, spela popmusikk og kjøpa flybillettar. Utan den ville du måtta kjøpt deg ei skrivemaskin, brevpapir og frimerke, ein platespelar og dratt ned til reisebyrået i sentrum. Den intelligente maskina gjer alle desse jobbane og er den same maskina heile tida. Den har blitt ein generalist.

Menneska gir frå seg intelligens til desse systema, og så døyr me, for å seia det litt brutalt. Dei tekniske løysingane fortset å eksistera etter at oppfinnaren er borte, og vert byggesteinar i stadig meir komplekse system.

Teknologien koplar seg saman og veks, medan menneska trassig insisterer på at det ikkje er så farleg, for det er jo me som er hjernen bak alt saman. Men sjølv store selskap som Google og Facebook med sine tusenvis av ekspertar slepp laus krefter ingen av dei forstår eller kan handtera, og vanlege menneske er små som lommerusk. Dei kan berre velja mellom å vera med på leiken eller prøva å halda ut ein digital detox.

Menneska vert enten ekspertar på dei tekniske ferdigheitene som trengst for å driva maskinene, eller me vert overflødige. Samtidig som teknologiane vert meir kraftfulle og intelligente, vert mennesket svakare, mindre viktige og i verste fall dummare. Utviklinga tvinger på oss ei åtferd me berre kan velja bort i prinsippet, men ikkje i praksis.

Gripsrud har ein avvisande tone som er typisk for humanistars forhold til moderne teknologi. Skribenten C.P. Snow peikte på denne arrogansen allereie i 1959. Medan naturvitskapen og teknologiutviklinga veks seg sterkare er fleirtalet av dei smartaste og mest velutdanna menneska i den vestlege verda helt uinteresserte i kva som skjer, sa han.

Etablerte teoriar innanfor psykologi, sosiologi og økonomi kan framleis forklara alt, liksom. Humanistar har omtrent like stor innsikt i moderne teknisk forsking og teknologi som eit steinaldermenneske, seier Snow.

Så lenge mekaniske spesialteknologiar var det einaste som fanst, var humanisten på heimebane i forståinga av teknologihistoria. Men etter kvart som tradisjonelle verktøy vert supplert med intelligente, universelle kraftmaskiner som kan utnytta naturlovene heilt ned på nivået for atomar og kvantesprang, hamnar han på bortebane.

Det er freistande å lukka augo og gjenta gamle sanningar, men då vil humanisten sakte, men sikkert gjera seg sjølv irrelevant for forståinga av samfunnet. Bilane køyrer forbi på« sjølvstyr», mens Jostein Gripsrud står att på perrongen meir arrogant og trassig enn nokosinne før.

Lars Nyre er professor i medievitskap ved Universitetet i Bergen og professor II ved Universitetet i Stavanger. Han er også leiar for det akademiske nettverket TekLab der studentar og faglærarar utforskar ny medieteknologi.

Les også:

Følg fleire debattar i akademia på Khronos meiningsside

Powered by Labrador CMS