likestilling og trakassering

Ho varsla om seksuell trakassering. Den mannlege professoren mista både jobben og ein isbre

Når viktige menn med mykje makt i universitetsmiljøet vert utfordra, er det vanskeleg for yngre trakasserte kvinner å nå fram med sine skuldingar, seier norsk professor.

Jane Willenbring er geolog og forskar mellom anna på havnivå. Ho ønskjer å vera ein mentor for unge forskarar.
Publisert Oppdatert

OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

— Dersom ein mannleg forskar har publisert ein artikkel med mange medforfattarar, er det lett for at ein tenkjer at han har vore inkluderande og teke mange med seg. Dersom ei kvinne gjer det same, tenkjer ein fort at ho har følgt med.

Det seier Kenneth Ruud. Han er prorektor ved Univeristetet i Tromsø Noregs arktiske universitet (UiT), og har leia likestillings- og mangfaldsutvalet ved universitetet dei siste åtte åra.

I fjor haust tok han initiativ til at filmen «Picture a scientist» skulle visast ved UiT. No er same filmen vist under berekraftskonferansen ved Universitetet i Bergen (UiB).

I filmen vert fleire historier frå USA fortalt parallelt, men dei har ein fellesnemnar: Det handlar om manglande kjønnsbalanse og likestilling, seksuell trakassering og dei skjulte bias som gjer at det ikkje alltid er like lett å vera kvinne i akademia.

Vart kalla hore

— Dei som lagar ei scene vert kasta ut. Det er dei som berre seier «haha» til uakseptabel oppførsel som vert verande.

Det seier Jane Willenbring i filmen. Ho er i dag førsteamanuensis ved Stanford university, og fortel historia om då ho som ung forskar var med på feltstudier til Antarktis. Professor David Marchant var den leiande forskaren som var med på reisa. Han handsama Willenbring skikkeleg dårleg.

— Han kalla meg mellom anna hore. Eg ville berre snakka om vitskap, seier Willenbring.

Men ho sa ingenting. Og i filmen seier Adam Louis, som òg var med til Antarktis, at han ikkje skjønte kor gale Willenbring hadde det.

— Eg visste at han var ein kødd mot deg, men eg visste ikkje kor mykje det gjekk inn på deg, seier Louis.

Kjenner til seksuell trakassering i felt

Louis seier ja til å skriva eit brev når Willenbring bestemmer seg for å klaga på Marchant. Det viser seg at ho langt frå er den einaste som har negative røynsler med han. Dette er òg omtala i ein artikkel i Sciencemag.

I filmen fortel også ei anna kvinne om sine røynsler med professoren. Han vart sagt opp frå Boston university i 2018. Og isbreen han hadde fått oppkalla etter seg i Antarktis, den bytta namn.

— Seksuell trakassering på feltarbeid skjer.

Det seier Lise Øvreås. Ho er professor ved Institutt for biovitskap ved Universitetet i Bergen og sit òg i Det norske vitenskapsakademiet.

— Skjer det framleis, eller er det ein skilnad mellom generasjonane her?

— Ein har vorte meir medviten, og eg vil tru at mellom anna #metoo-rørsla har ført til at ein no er i ein periode med meir fokus på seksuell trakassering. I den omtalte filmen vert den trakasserte kvinna ikkje høyrt fordi overgriparen var ein viktig person for universitetet både fagleg og økonomisk. Når viktige menn med mykje makt i universitetsmiljøet vert utfordra, er det vanskeleg for yngre trakasserte kvinner å nå fram med sine skuldingar. Dette har eg sjølv sett, seier Øvreås.

Vil ha nulltoleranse på konferansar

Professor og prorektor Kenneth Ruud meiner flest mogleg bør sjå filmen Picture a scientist.

— Eg synest dette er ein god film, som sette fokus på ein del ting ein ikkje alltid er medviten om. Det er viktig å hugsa at me som menneske har bias med oss, og det er nok gjerne ein del ting som ikkje er intendert - det har berre vore praksis, seier Ruud, og legg til:

— Eg meiner denne filmen bør sjåast av flest mogleg.

Han seier at seksuell trakassering under feltstudier eller tokt er noko han ikkje hadde reflektert over. Men seksuell trakassering på konferansar har han sjølv vore nøydd til å handtera, seinast for eit par år sidan.

— Det var ei hending me vart gjort merksame på, som nok kan karakteriserast som seksuell trakassering. Eg er oppteken av at me må få på plass retningslinjer for kva som er grei oppførsel, og at ein vert bortvist frå konferansen dersom ein bryt desse, seier Ruud.

Målte opp lab-areal om natta

Ei av dei andre historiene i filmen er om kvinnene som i dag er på veg ut av arbeidslivet, men som på tidleg 1990-tal tok initiativ til å sjå nærare på korleis det stod til med likestillinga og kjønnsbalansen ved MIT.

Professor Lise Øvreås er redd for å mista gode hovud.

Nancy Hopkins fortel om nedslåande resultat: For det første opplevde ho som kvinne at den mannlege professoren kom inn og tok henne på brysta medan han spurte kva det var jo jobba med. For det andre oppdaga ho at ho som kvinneleg professor hadde heilt andre fascilitetar enn dei mannlege kollegane. Ho målte opp talet på kvadratmeter på dei ulike laboratoria om natta.

For det tredje kjende ho seg heilt åleine. Det måtte vel vera henne det var noko gale med? Til slutt mota ho seg opp og inviterte ein kvinneleg kollega på lunsj. Der serverte Hopkins eit brev ho hadde skrive.

Dette vart starten på ei endring - og i 1994 vart det mellom anna innført barnehagar på campus på MIT - noko som førte til at fleire kvinner kom til universitetet.

Men framleis er det dei naturvitskapelege faga som har lågast del kvinnelege professorar.

— 15 prosent ved vårt fakultet. Det er så ille at det er tragisk, seier Øvreås.

Ho sat tidlegare i dekanatet, og var då oppteken av å få på plass mentorordningar for yngre kvinnelege forskarar.

— Men me klarar ikkje å få unge kvinner til å velja akademia.

— De som vert verande, er det fordi de klorar dykk fast, eller fordi de har vore «heldige» og ikkje opplevd så mykje trakassering?

— Det er nok ein kombinasjon. Men dersom me ikkje klarar å rekruttera kvinner, misser me halvparten av dei gode hovuda.

Professor Nancy Hopkins var den som tok tak i likestilling i akademia i USA på 1990-talet.

Isfjell

Øvreås er oppteken av isfjellet som vert nemnd i filmen. Det delen som er over vassflata, er den trakasseringa som er synleg, til dømes uønska seksuell åtferd. Men den største delen er det som ikkje er synleg, alt som skjer i det skjulte og alt det subtile som vert sagt eller gjort.

— Dette er vanskeleg å ta tak i. Men det er slik at ein som kvinne kan verta ekskludert, og det er nokon som snakkar saman, nokon som reiser saman. Men så veit ein ikkje om det berre er ein sjølv som kjenner det slik, så kven skal ein snakka med?

I debatten etter filmen sa Curt Rice, rektor ved OsloMet og leiar for komité for kjønnsbalanse og mangfald i forsking (KiF-komiteen), at å gjera det meir transparent og tydeleg kva som vert krev for å få den eine eller andre posisjonen, vil det òg kunne gjera det lettare å få inn kvinner.

— Og ein må jobba på alle nivå, sa UiB-rektor Margareth Hagen.

17 ambassadørar

Hagen skal inn i rektorvalkamp ved UiB. Då kjem ho og motkandidat Oddrun Samdal til å få eit innspel frå Dorothy Dankel. Dankel er forskar ved Institutt for biovitskap, og ansvarleg for Day Zero under SDG-konferansen, der filmen vart vist.

Dankel fortel at ho vart merksam på filmen under Bergen internasjonale filmfestival (BIFF) i fjor. Då vart ho beden om å halda ei innleiing til filmen.

— Puslespelbrikkene i likestillingsdebatten passa plutseleg saman. Eg tenkte at eg må bruka denne filmen for alt han er verd - men det hjelper ikkje dersom ikkje alle ser han saman, seier Dankel.

No har ho skaffa 17 ambassadørar ved Det matematisk-naturvitskapelege fakultetet, ein ved kvart institutt. Dei skal laga diskusjonsgrupper, og så skal tilbakemeldingane samlast og leverast til rektorkandidatane.

— Problemet er kulturen. Og me kvinner kan heller ikkje ta for gitt at ein ny generasjon menn forstår oss, seier Dankel.

Ho viser til likestillingsposjektet Gender Act, som no er i gang ved fakultetet.

— Spørsmålet er kva det er som gjer at kvinner ikkje finn seg til rette. Når eg snakkar med unge kvinner, fortel dei at dei kjenner att den delen av isfjellet som ligg under vassoverflata.

Ei av dei er Erica Madonna, som er forskar ved Bjerknessenteret. Den internasjonale dagen for kvinner i forsking var 11. februar, og Madonna fortel i ei sak på Bjerknessenteret sine eigne sider korleis ho som ung forskar kunne verta oversett. Svar på hennar spørsmål vart gitt dei mannlege studentane.

Puslespelbitane fall på plass, seier Dorothy Dankel, og fortel at filmen trefte henne både som forskar og mor.

Ikkje berre gledestårer

Khrono har nyleg skrive om ei overgrepssak som rystar det franske eliteuniversitetet Sciences Po. Også i Danmark er metoo-rørsla og seksuell trakassering igjen på dagsorden etter at fleire hundre personar i fjor haust skreiv under på eit opprop mot sexisme ved danske universitet.

— Seksuell trakassering som omgrep fanst ikkje, seier Nancy Hopkins i filmen.

Men trakasseringa fanst. Dorothy Dankel fortel at filmen trefte henne både som forskar og mor. Jane Willenberg fortel nemleg om si eiga dotter: Ho såg mora i lab-frakk, og sa at «mamma, du er verkeleg ein forskar. Eg vil verta forskar, slik som deg».

— Då gråt eg. Eg sa at det var gledestårer. Men det var ikkje berre det. Eg tenkte på at nokon skulle behandla henne som søppel, slik eg har vorte.

Powered by Labrador CMS