likestilling

Over halvparten av leiarane er kvinner. Men professorane er framleis menn

Berre kvar fjerde professor ved NTNU er kvinne. Ved OsloMet er kvinnene i fleirtal.

Flest kvinner samla på likestillingskonferanse. Men er det likestilling i universitets- og høgskulesektoren?
Flest kvinner samla på likestillingskonferanse. Men er det likestilling i universitets- og høgskulesektoren?
Publisert Oppdatert

— Nokre seier at det går av seg sjølv. Men ein prosent i året er ikkje noko å skryta av.

Hanne Marie Johansen sukkar. Ho leiar likestillingskomiteen ved Universitetet i Bergen (UiB), og har den ferske likestillingsstatistikken framfor seg. Den viser at delen kvinner i professorstillingar ved UB framleis er 30 prosent.

Hanne Marie Johansen er uroa for kvinneandelen ved UiB.
Hanne Marie Johansen er uroa for kvinneandelen ved UiB.

Talet er ikkje veldig ulike for Universitetet i Oslo, som har 32,7 prosent kvinnelege professorar, og litt betre enn for NTNU, som har 25,7. Det står noko betre til lenger nord: UiT Norges arktiske universitet har 38 prosent kvinnelege professorar.

OsloMet er best i klassen, med 53 prosent kvinnelege professorar. Høgskulen på Vestlandet har 42 prosent kvinner i vitskapelege toppstillingar, for Høgskolen i Østfold er talet 46.

Men det er ein veg å gå for sektoren: For å nå målet om jamn kjønnsbalanse blant professorar ved norske universitet og høgskular innan 2026, må ein ifølgje eit arbeidsnotat frå Nordisk institutt for studier av innovasjon, forskning og utdanning (NIFU) tilsetja omlag 3150 kvinner i professorstillingar.

Ni prosent

Skilnadane i kvinneandel er store, òg innanfor institusjonane. Ser ein på det største universitetet i Noreg, NTNU, har Fakultet for samfunns- og utdanningsvitskap like over 40 prosent kvinnelege professorar. Fakultet for ingeniørvitskap har knappe ni. Ved Universitetet i Bergen har Det psykologiske fakultetet ei overvekt av kvinner, i alle stillingar, og fakultetet er det einaste ved vestlandsuniversitetet som har kvinneleg dekan.

Det var etter høgskulereforma i 1994 at kvinnene for alvor kom inn i sektoren. Kvinneandelen auka særleg i undervisningsstillingar som universitets- og høgskulelektor, og amanuensisstillingar. Dette kjem fram i Forskingsrådet sin indikatorrapport for 2019. I rapporten kjem det òg fram at ting trass alt er betre enn før: I 1977 var det 35 kvinnelege professorarar i Noreg. I 2009 var kvinneandelen tjue prosent, i 2017 tretti.

51 prosent kvinnelege sjefar

Dersom ein ser på kven som har leiarstillingar i sektoren, er det no flest kvinner. Tal frå databasen for høgare utdanning (DBH), som Forskerforum har skrive om, viser at i 2019 var 51,4 prosent av leiarane ved universitet og høgskular kvinner. Då har ein rekna med mellom anna rektorar, prorektorar, dekanar og avdelingsdirektørar. Seks av dei offentlege institusjonane har ei kvinne som øvste topp.

Tidlegare prorektor, no dekan ved Universitetet i Oslo, Ragnhild Hennum, meiner likevel at det må jobbast meir med kjønnsbalanse på toppnivå.

Ein må jobba meir med kjønnsbalanse, trur Ragnhild Hennum.
Ein må jobba meir med kjønnsbalanse, trur Ragnhild Hennum.

— Tala viser at det er mogleg å vera kvinneleg leiar i akademia. Men det er òg vanskeleg å seia at det ikkje finst eit glastak. Ein ser jo òg at det er langt fleire menn enn kvinner på dei områda det er knytt mest pengar og prestisje til, som Senter for framifrå forsking, seier Hennum til Forskerforum.

Som Khrono har skrive har Forskingsrådet no stilt krav til kjønnsbalanse hos dei som søkjer om status som Senter for framifrå forsking (SFF): Institusjonar som sender inn fem eller fleire søknader om SFF-status, må ha minst 40 prosent kvinnelege senterleiarar i søknadane sine. Ved førre tildelingsrunde i 2017 var det berre ti prosent av sentra som hadde kvinneleg senterleiar.

— Det er viktig med gode rollemodellar i sektoren og det å vera leiar for eit SFF er ei synleg og tydeleg forskingsleiarrolle som kan bidra til å inspirera andre. Det er fleire gode, kvinnelege forskarar å ta av i veldig mange miljø. Så dette skal vera både realistisk og godt mogleg å gjennomføra, har forskingsrådet sin direktør John Arne Røttingen tidlegare sagt til Khrono.

Kva skjer når nokon kjem utefrå?

Johnsen ved UiB viser statistikk som viser at kvinner er i mindretal i alle leiarstillingar. Ho meiner statistikken i seg sjølv inviterer til forsking, men peikar på noko ho meiner er ei stadig større utfordring: Søkjarar til faste, vitskapelege stillingar som kjem frå andre land enn Noreg.

— Nokre av dei kjem nok frå ein kultur der det er vanleg at det er kvinnene som tek omsorgsoppgåvene. Andre kjem til Noreg utan familie. Då kan ein jobba nærast døgeret rundt, seier Johnsen.

Difor meiner ho at det ikkje alltid er nok å finna dei flinke kvinnene og kanskje gi dei ekstra støtte – det kan koma søkjarar frå utlandet som rett og slett har hatt høve til å forska og publisera meir.

Johansen viser òg til det Khrono tidlegare har skrive om at det ikkje vert stilt krav til at tilsette som kjem frå utlandet lærer seg norsk.

Kvinner har i større grad undervisningsstillingar. Kanskje det er tryggare, trur Curt Rice.
Kvinner har i større grad undervisningsstillingar. Kanskje det er tryggare, trur Curt Rice.

— Det betyr at nokre må gjera jobben på norsk, mellom anna undervisa på lågare nivå og ta adminsitrative oppgåver. Forsterkar det kjønnsubalansen, spør ho.

Sjølv om norske menn no har pappaperm, er det kvinner som har lengst permisjon. Det er òg kvinner som tek ut flest sjukt barn-dagar, og kvinner som har størst korttidssjukefråver. Dette kjem fram i statistikken.

— Folk sitt privatliv er ikkje likestilt, seier Johnsen.

Curt Rice er leiar for Komité for kjønnsbalanse og mangfold i forskning (Kif) og rektor ved Oslomet. Han seier som Johnsen: Livet utenfor jobben har òg noko å seia for kvinner sin karriereretning.

— Kvinner sitt val av karriere vert mellom anna påverka av balansen mellom arbeid og andre livsområde. Òg i Noreg viser forsking at kvinner har meir ansvar heime enn menn. Undervisningsstillingar kan verka å vera tryggare, meir føreseielege og fleksible enn forskarstillingar, har han tidlegare sagt til Forskerforum.

Vil ha kvotering

Johnsen er oppteken av at ein må kunne bruka moderat kjønnskvotering når ein tilset, og ho meiner ein må ha det einkilde instituttet eller eininga som utgangspunkt når ein gjer det. Det gjer Universitetet i Oslo i dag, men Universitetet i Bergen nyttar fakulteta.

Sjølv er Johnsen førsteamanuensis ved Senter for kvinne og kjønnsforsking (Skok).

—Dersom ein er oppteken av kjønnslikestilling vert ein stempla som gamalfeminist. No skal det handla om mangfald. Men eg meiner ein må fokusera på kjønn òg. Tidvis kan nokre verta kjønnsblinde. Kvinner vert oversett, menn kjenner flest menn. Det er ein kultur som sit i veggane.