Søkarlister

Held søkarar til toppjobbar hemmelege: — Sørgeleg lite respekt for lova

Forskingsrådet gjer det, universiteta gjer det, direktorata gjer det: skjuler namn på søkarar til jobbar med ansvar for milliardar av skattekroner.

Den nye direktøren i Forskingsrådet, Mari Sundli Tveit, seier at søkarar til offentlege stillingar i størst mogleg grad bør vere offentlege. Kvifor hennar eigen søknad var hemmeleg ønskjer ho likevel ikkje å gå inn på.
Publisert Oppdatert

OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Det blei rabalder då VG tidlegare i år avslørte at den nye oljefondsjefen, Nicolai Tangen, ikkje hadde blitt ført opp på lista av søkarar, som ifølgje lova skal vere offentleg og tilgjengeleg. Langt stillare har det vore i universitets- og høgskulesektoren.

Men også der er det mange eksempel på at søkarar til toppjobbane får innfridd ønskjer om å vere usynlege.

Sist i rekka av langt på veg hemmelege søkarlister i den statlege universitets- og høgskulesektoren er det Forskingsrådet som står for. 6 av 15 søkarar fekk namnet stroke frå den i utgangspunktet offentlege lista over søkarar til den øvste direktørstillinga, og John-Arne Røttingens etterfølgar.

Blant dei var tidlegare rektor ved NMBU, no politikkdirektør i NHO, Mari Sundli Tveit. Onsdag blei det kjent at ho får jobben.

Forskingsrådet fordelte 11 milliardar offentlege kroner i 2019.

Men når Khrono ringer, ønsker Tveit ikkje å svare på kvifor ho bad om at søknaden hennar ikkje skulle bli kjent.

Sundli Tveit: — Kan ikkje gå inn på det

— Når eg har fått unntak, har det grunnar som tilfredsstiller dei strenge reglane. Eg kan ikkje gå nærare inn på det her, seier Tveit.

«I utgangspunktet er søkerlisten til offentlige stillinger offentlig og det gjøres juridiske vurderinger av eventuelle unntak. Unntaket når det gjelder mitt navn var underlagt slik juridisk vurdering», skriv ho i ein sms seinare.

Røttingen var «super-hemmeleg»

Den forrige, og no avgåtte, toppleiaren i Forskingsrådet, John-Arne Røttingen sto ikkje på søkarlista i det heile tatt då han blei tilsett i stillinga i 2016. I eit intervju med Khrono etter 100 dagar i jobben fortalde han at han ikkje ein gong hadde registrert at stillinga var lyst ut, då han fekk førespurnad om å bli toppsjef.

Verken avtroppande, John-Arne Røttingen, eller påtroppande, Mari Sundli Tveit, stod oppførte med namn på Forskingsrådets offentlege søkarliste før dei blei tilsette som toppsjefar.

Han fortalde at han søkte til slutt, men lenge etter fristen.

Det forklarar at det ikkje sto nokon «Mann, 47 u.off» på søkarlista frå april 2016. Søkarlista den gongen talde 19 namn, der fire hadde trekt seg og seks var hemmelege. Så Røttingen blei den 20. og «super-hemmelege» søkaren på overtid.

Etter det Khrono erfarer var det nettopp no nytilsette Mari Sundli Tveit som var med i finaleheatet til adm.dir-jobben i Forskingsrådet den gongen John-Arne Røttingen blei henta inn. Heller ikkje den gongen, då ho var rektor ved NMBU, stod ho oppført på den offentlege søkarlista.

«Når det gjelder de søkerne som er unntatt offentlighet har vi hatt egne advokater til å vurdere dette slik at det skulle være i orden», sa dåverande styreleiar Henrik Madsen til Khrono den gongen.

Sørgeleg lite respekt for lova

— Det er sørgeleg at offentlege institusjonar har så lite respekt for lova og det som følgjer av henne, seier leiar i Pressens offentlighetsutvalg, Tron Strand.

Offentleglova slår fast at det skal setjast opp liste over søkarar til offentlege stillingar så snart søknadsfristen er gått ut. Ifølgje lova skal terskelen for unntak vere høgare dess høgare stilling det er snakk om. Det skal også leggast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga.

Khrono har fått innsyn i Forskingsrådets vurderingar for å halde 6 av dei 15 søkarane unna offentleg søkarliste. 5 av dei 6 som er unnateke offentlegheit er søkarar frå privat næringsliv, ein frå offentleg verksemd.

Søkarane viser alle til «pågående prosjekter og prosesser», mellom anna knytt til «nedbemanning» og «omstruktureringprosesser.» Ein viser til at «offentliggjøring kan skape uro».

Les også brevet med grunngiving frå Forskingsrådet på dei einskilde søkarane

Skal sikre tillit

Tron Strand er kritisk til hemmeleghaldet i universitets- og høgskulesektoren.

— Når det blir innvilga unntak frå offentlege søkarlister i så stort omfang, så stiller eg meg tvilande til om grunngivingane er reelle. Det kan verke som det blir tatt meir omsyn til søkaren sine behov enn samfunnet sine behov – og det er ikkje eit gyldig kriterium. Søkarlistene skal vere offentlege for å sikre tillit, seier Strand.

Tidlegare i haust tilsette Universitetet i Bergen Robert Rastad som universitetsdirektør. Dette er den høgste administrative stillinga ved institusjonen. Rastad hoppa frå det offentlege til det offentlege, frå jobben som kommunaldirektør i Bergen kommune til det statleg eigde universitetet.

Det hindra ikkje universitetet i å halde Rastads namn unna den offentlege søkarlista.

Arbeidet med koronakrise i kommunen var Robert Rastads argument for å be om å sleppe å stå på offentleg søkarliste til toppjobben ved Universitetet i Bergen.

Rastad sa sjølv til Khrono at han bad om å sleppe å stå på søkarlista fordi han satt i kriseleiinga i Bergen kommune i samband med pandemien.

Ifølgje Strand er ikkje dette haldbar argumentasjon for å få dukke under radaren.

— Det at ein står i handteringa av ei viktig sak er ikkje per definisjon grunn til å få unntak for offentleg innsyn.

Khrono har bede Universitetet i Bergen om innsyn i deira vurdering for å gjere unntak for Rastad. HR-avdelinga skriv i ein epost, etter at denne saka først var publisert, at UiB i tråd med gjeldande regelverk gjorde ei konkret og reell vurdering av oppmodinga frå søkjarane om å verta unntatt frå søkjarlista. Vurderinga vart gjort opp mot dei omsyna som taler for offentlegheit i denne saka.

— Denne grunngivinga er ikkje skriftleggjort og det er difor ikkje noko saksdokument å gi innsyn i, heiter det i eposten.

Hemmeleg i Trondheim

Rastad og Sundli Tveit er langt ifrå dei einaste som har hamna i toppjobb etter å ha kravd og fått hemmeleghald.

Då Kristin Vinje vart tilsett i ei anna nøkkelstilling i kunnskapssektoren tidlegare i år, som direktør i tilsynsorganet Nokut, skjedde også det utan transparens. Vinje kom rett nok frå det private, frå ei dekanstilling ved Høyskolen Kristiania — men direktørjobben er i høgste grad ein jobb i det offentlege.

På spørsmål frå Khrono om hennar eiga grunngiving for å be om unntak frå offentleg søkarliste svarer Vinje i ein e-post at ho ikkje ønsker å kommentere si eiga sak.

På spørsmål om kva vurderingar Nokut har gjort er svaret dette: «NOKUT kan ikke gi ut de personvurderinger som er gjort i de ulike unntakene»

Kristin Vinje, direktør i Nokut, vil ikkje fortelje kvifor ho bad om at søknaden hennar til stillinga ikkje skulle vere offentleg.

Då Noregs største universitet, NTNU, skulle tilsetje ny rektor i desember 2019, skjedde det i eit hemmeleg styremøte. I finalen var den interne søkaren Anne Borg, Dag Rune Olsen (rektor ved Universitetet i Bergen, journ.merkn.) og ein hemmeleg tredje søkar. Dåverande styreleiar ved NTNU, Svein Richard Brandtzæg, sa følgjande til Khrono etter tilsettinga:

— Ein av søkarane som var unnteken offentlegheita hadde gitt klar beskjed om at dersom det vart lekkasjer, så ville vedkommande trekke seg. Vi var redde for å miste denne kandidaten og det var difor møtet ikkje vart annonsert.

Då hadde styret tidleg i desember vedteke at tilsettinga skulle gjerast ei veke tidlegare enn annonsert. Brandtzæg sa at juristane ved NTNU hadde gjort ei vurdering og støtta styret.

— Dette var ein veldig delikat situasjon og vi fann det rett at vi måtte vere ytterst forsiktige med dette, sa Brandtzæg.

Den «viktige» tredje søkaren trekte seg likevel i siste liten, uavhengig av styret si handsaming.

Også førre gongen NTNU tilsette rektor, var det lagt lokk på prosessen. På søkarlista i 2012 var det fem namn og ein søkar som var unnteke offentlegheit.

To dagar før styret skulle tilsette, blei det gjennom Universitetsavisa kjent at denne søkaren var dåverande toppsjef i Helse Midt-Norge, Gunnar Bovim — mannen som fekk rektorjobben.

Vil ha bøter

Offentlighetsutvalget har argumentert for at brot på Offentleglova må kunne føre til sanksjonar. I dag får det ingen konsekvensar å bryte lova, utanom eventuell kritikk frå for eksempel Sivilombudsmannen.

Slik kritikk fekk til dømes Universitetet i Bergen i 2015. Då handla det om at kandidatar som hadde vore inne til samtale om ei leiarstilling ved UiB, ikkje var førte opp på søkarlista.

— Vi registrerer at mange ikkje følgjer lova og intensjonane i lova. Lovbrot bør føre til sanksjonar, for eksempel i form av bøter, seier Strand.

— Vi er avhengig av openheit for å kunne ha tillit til at institusjonane tilset folk etter nøytrale prinsipp, seier Tron Strand, leiar Presseforbundets offentlighetsutvalg.

— Dess viktigare jobben er dess høgare krav til at namn skal vere offentlege. At det er openheit om desse stillingane er svært viktig for samfunnet.

Utover det prinsipielle peikar Strand på at institusjonane kan skade, ikkje berre samfunnet, men også sitt eige omdømme, ved å skjule namna på søkarane.

— Vi er avhengig av openheit for å kunne ha tillit til at institusjonane tilset folk etter nøytrale prinsipp. Dette er også viktig for omdømmet til institusjonane – dersom dei hamnar i ein diskusjon om tilsettinga der hemmeleghald har spela ei rolle, kan det vere skadeleg for omdømmet.

«Veier tyngre enn allmenhetens behov »

Fleire avgjerder på fylkesmann-nivå viser at det skal mykje til for at ein offentleg tilsett skal sleppe å stå på søkarlista til ei anna offentleg stilling: For eksempel uttalte Fylkesmannen i dåverande Oppland i 2016 at fem søkarar til rådmannsstillinga i Øyer kommune ikkje skulle vore unntekne. Fylkesmannen viste til Sivilombodsmannen:

Praksis har vist at det skal eksepsjonelle grunnar til for at ein offentleg tilsett skal verte unntatt når ein søker ei anna offentlege leiarstilling.

Også Fylkesmannen i dåverande Sør-Trøndelag kom til det same, og sa at fire søkarar til rådmannstilling i Orkdal ikkje skulle vore unntatt.

Forskingsrådet med sine seks anonyme søkarar til den øvste direktørstillinga viser sjølv til at tilsetjinga har stor offentlig interesse, noko som hevar terskelen for å gjere unntak.

«Samtidig er det viktig for det offentlige », skriv HR-direktøren i si grunngiving, «å få så mange kvalifiserte søkere som mulig til viktige lederstillinger. En streng praktisering av offentlighet kan medføre at gode kandidater velger ikke å søke».

Forskingsrådets konklusjon for alle er at omsynet til søkaren sine behov «veier tyngre enn allmennhetens behov for innsyn».

— Grunnpillarar i demokratiet

Offentlighetsutvalgs-leiar Strand meiner dette ikkje er haldbar argumentasjon.

— Dette er er noko Forskingsrådet antar. Ein søkar til ein så sentral jobb vil vere kjent med at namnet kan bli offentleggjort på ei søkarliste. Etter mitt syn er det ikkje eit gyldig argument at søkarar fryktar uro på eigen arbeidsplass.

Han avviser også at omstilling og endringsprosess skal kunne gi grunnlag for å halde søkarane hemmelege.

Strand meiner offentlege institusjonar, universitets- og høgskulesektoren inkludert, er med på å undergrave fundamentale fellesverdiar gjennom lettvinte unntak frå lovkravet om å offentleggjere søkarar.

— Openheit og innsyn er ikkje noko eit demokrati held seg med for moro skuld. Det er for at vi skal kunne vite korleis fellesskapets ressursar blir forvalta, det er ein grunnpillar i demokratiet, seier han.

Khrono har også klaga på manglande innsyn i heile søkarlista til toppsjefstillinga i Forskingsrådet. Rådet har avslått klagen og sendt den vidare til Kunnskapsdepartementet.

(Saka er oppdatert 10.12 kl 10.37 med svar frå UiB)

Powered by Labrador CMS