Debatt om ein skal diskutere valt eller tilsett leiing ved NTNU: I forkant til venstre Gunnar Bovim, Svein Richard Brandtzæg, Nina Refseth og Aksel Tjora. Foto: Siri Øverland Eriksen
Debatt om ein skal diskutere valt eller tilsett leiing ved NTNU: I forkant til venstre Gunnar Bovim, Svein Richard Brandtzæg, Nina Refseth og Aksel Tjora. Foto: Siri Øverland Eriksen

NTNU heldt styremøte hemmeleg for ikkje å miste rektorkandidat. Vedkommande trekte seg likevel

Hemmeleghald. NTNU-styret heldt det ekstraordinære styremøtet der dei tilsette Anne Borg som rektor hemmeleg for offentlegheita. Årsaka var at dei var redde dei ville miste ein av kandidatane på oppløpssida, men vedkommande trekte seg likevel i siste liten.

Publisert Oppdatert

Fredag 13. desember heldt NTNU-styret eit ekstraordinært møte på telefon der dei valte å gå for kandidaten øvst på innstillingalista, nemleg Anne Borg. Dette ekstraordinære tilsetjings-møtet var planlagt til 20. desember, men vart påskunda utan at offentlegheita var klar over det.

Det stod verken protokollført frå det førre ordinære styremøtet den 4. desember, ei heller på NTNU sine heimesider. Heller ikkje etter å ha spurt gjentekne gongar om det var endringar i møteplanane, fekk Khrono innsikt i påskundinga.

Khrono spurte Jan Erik Kaarø, som er avløysande kommunikasjonssjef ved NTNU, allereie onsdag, to dagar før det hemmelege styremøtet, om datoen for møtet var den 20. desember som tidlegare varsla. Kaarø svarte ikkje på e-post.

Ein av søkarane som var unnteken offentlegheita hadde gitt klar beskjed om at dersom det vart lekkasjer, så ville vedkommande trekke seg. Vi var redde for å miste denne kandidaten og det var difor møtet ikkje vart annonsert.

Svein Richard Brandtzæg

Fredag morgon purra vi. Då kom det ein e-post, men heller ikkje då svarte han på om møtet var påskunda eller ikkje.

— Kvifor informerte ikkje du/de om at styremøtet og rektortilsetjing ved landet sitt største universitet var flytta fram ei veke?

— Kommunikasjonsavdelinga på NTNU var ikkje involvert i denne avgjerda, seier Kaarø til Khrono.

— Det er reglar for dette om offentligheit og mest mogleg openheit om styret sitt arbeid. Kva er grunngjevinga for at det var hemmeleg at det i heile skulle vere møte og at rektor skulle tilsetjast?

— Det må du nesten ta med styreleiar, svarer Kaarø.

Var redde for å miste kandidat

No forklarar styreleiar Svein Richard Brandtzæg årsaka til hemmeleghaldet, som styret bestemde allereie på sitt styremøte 4.desember. Då blei det klart at dei skulle flytta møtet frå 20. til 13.desember.

— Styret hadde berre ei sak på dagsorden, og det var tilsetjing av rektor. Ein av søkarane som var unnteken offentlegheita hadde gitt klar beskjed om at dersom det vart lekkasjer, så ville vedkommande trekke seg. Vi var redde for å miste denne kandidaten og det var difor møtet ikkje vart annonsert, seier Brandtzæg til Khrono.

Han forklarer vidare at juristane ved NTNU gjorde ei vurdering og støtta styret i avgjerda om å ikkje gjere møtet offentleg kjent.

— Vi ynskjer full openheit om vårt arbeid og avgjerder. Vi har gjort det vi kunne i denne prosessen og det har vore mykje ekstern kommunikasjon. Men dette var ein veldig delikat situasjon og vi fann det rett at vi måtte vere ytterst forsiktige med dette, seier Brandtzæg.

Trass i styret sine forsøk på å prøve å halde prosessen hemmeleg, så valde den tredje ukjende kandidaten som var med i finaleheatet til rektorstillinga, likevel å trekke seg heilt i siste liten. Og det var heilt uavhengig av hemmeleghaldet kring styremøtet.

Kan lukke dørene, men ikkje halde møte hemmeleg

Sjølv om styret har all moglegheit for å vedta å lukke møte, så er ein likevel lovpålagt å informere offentlegheita om når møte går føre seg og kva som står på agendaen.

Det stadfestar jusprofessor Jan Frithjof Bernt også, sjølv om det ikkje er særlege reglar for innkalling til styremøte.

— Men når innkalling går ut til medlemmane, er dette eit offentleg dokument som ikkje kan verte unntatt frå reglane om journalføring og innsyn, og det same gjeld dokument som følgjer innkallinga. Men her vil det kunne verte gjort unntak for dokument i sak om tilsetting, bortsett frå søkjarlista. Her kan det verte innvilga unntak frå innsyn til søkjar som har søkt om det, og eg reknar med at dette er bakgrunnen for den aktuelle saka, skriv Bernt i ein e-post.

— Men dette kan ikkje vere grunngjeving for hemmeleghald av innkalling og utsendt sakliste, berre eventuelt stryking av vedkomande sitt namn om det kjem fram der, legg han til.

Han viser elles til Unviersitets- og høgskoleloven § 9-2 nr. 6 der det er slått fast at «det skal i størst mogleg grad vere openheit om styret sitt arbeid».

Velkommen til vårt kommentarfelt
Logg inn med en Google-konto, eller ved å opprette en Commento-konto gjennom å trykke på Login under. (Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang)

Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se Khronos debattregler her. God debatt!
Powered by Labrador CMS