Debatt ● Nils H. Korsvoll
Handlingsplanen for norsk fagspråk må ville meir — også på vegner av forskinga
Regjeringa gir gode grunnar for at norsk treng eit levande fagspråk i akademia, men teier om kvifor forskinga treng eit norsk fagspråk. For at dette ikkje berre skal bli nok eit byråkratisk krav burde handlingsplanen også legge vekt på kva norsk fagspråk kan gjere for forskinga, skriv leiaren i AYF.
Denne teksten er et debattinnlegg. Innholdet i teksten uttrykker forfatterens egen mening.
Onsdag la regjeringa fram handlingsplanen for norsk fagspråk i akademia, som skildrar domenetapet for norsk fagspråk dei siste tiåra og føreslår 21 tiltak for å gjere noko med dette. Betre språkopplæring, også i kvalifiseringsstillingar, meir realistiske og forpliktande progresjonskrav og ei større anerkjenning av undervising og formidling er viktige tiltak for både norsk fagspråk og for yngre forskarar. Samstundes saknar me større ambisjonar og ein høgare horisont i handlingsplanen.
Fleire av utfordringane og tiltaka skissert i planen tek opp moment Akademiet for yngre forskere (AYF) har løfta fram, både i vårt eige språkpolitiske notat, i fleire kronikkar og også på eit fagseminar i regi av UHR i april. I sistnemnde presenterte me fire tiltak og eitt ønskje til handlingsplanen, og me er glade for at tiltaka, som skissert over, i stor grad er komne med. Men ønsket vårt er ikkje blitt følgd opp.
For det første ønska me oss ein handlingsplan som løfter debatten omkring norsk fagspråk opp og bort frå førestillinga om eit nasjonalspråk truga av globale forskingsmiljø og internasjonal rekruttering. Denne dikotomien utviklar seg raskt til ein stygg skyttargravskrig om norske og internasjonale tilsette, og sjølv om handlingsplanen gjennomgåande tek atterhald om at forsking er internasjonal og publisering på engelsk viktig så held den fast på førestillinga om at språkpolitikk i norsk akademia er eit nullsumspel der meir engelsk automatisk tyder mindre norsk.
For å unngå dette ønska me oss ein handlingsplan som tek opp norsk fagspråk som ein del av eit større bilete om (språk)kompetanse i akademia. Språk er eit grunnleggjande verktøy for forskarar, og språkkompetanse handlar ikkje berre om å kunne formidle kunnskap, men også om å tileigne seg og produsere kunnskap. Difor må samtalen om språkkompetanse handle om meir enn evne til å undervise på norsk, og me hadde håpa at idear som til dømes parallellspråkbruk, som også språkrådsleiar Åse Wetås har fronta, hadde fått meir plass i handlingsplanen.
Bakgrunnen for denne breiare forståinga av språkkompetanse er spørsmålet om kvifor norsk fagspråk er viktig for forsking. Handlingsplanen kjem med tallause (gode) døme på kvifor norsk fagspråk er viktig for norsk og Noreg — men for at dette skal vere noko meir enn nok eit politisk og/eller institusjonelt krav så må me også kunne seie noko om kvifor norsk fagspråk vil gi oss betre forsking:
Eg er redd den snevre forståinga av situasjonen som ligg i dokumentet no, at norsk gjennomgåande må vernast mot engelsk, gjer norsk fagspråk til nettopp den museumsgjenstanden som handlingsplanen og regjeringa ønskjer å unngå at det blir.
Nils T. Korsvoll
Idear, tankar og argument kjem i form av språk, og kompetanse i ulike språk gir tilgang til ulike idear og tankemønster. Folkeforsking er eit veksande felt, der norsk (fag)språk venteleg vil vere ein viktig reiskap, og likeins i vidareutvikling av empirisk forsking der me i større grad skal forske med heller enn på og sikte mot samproduksjon av kunnskap. Mange fleire døme finst og skulle ha vore med nettopp i handlingsplanen for norsk fagspråk i akademia.
Me meiner ikkje med dette å undergrave situasjonsskildringa i handlingsplanen eller tydinga av å halde fram og vidareutvikle norsk fagspråk i akademia, men me hadde så gjerne sett at arbeidet med planen vart eit høve til å heve blikket og ambisjonane for debatten. Eg er redd den snevre forståinga av situasjonen som ligg i dokumentet no, at norsk gjennomgåande må vernast mot engelsk, gjer norsk fagspråk til nettopp den museumsgjenstanden som handlingsplanen og regjeringa ønskjer å unngå at det blir.