likestilling

Fryktar langvarige konsekvensar for kvinnelege stipendiatar

Kvinnelege stipendiatar med barn vart ekstra sårbare under koronapandemien. Pedagogikkprofessor Rune J. Krumsvik fryktar at ein vil sjå konsekvensar for denne gruppa i lang tid.

Julie Solberg Knutsen er stipendiat ved Universitetet i Bergen, og tidvis uroa for om ho kjem til å koma i mål når ho skal. Ektefellen jobbar i sjøforsvaret, så i periodar er Knutsen åleine med to aktive treåringar.

— Eg opplever ikkje meistring, sa stipendiat og småbarnsmor Julie Solberg Knutsen ærleg til Khrono i jula.

Ho fortalde om korleis det er å kombinera forskarliv og mammaliv.

Hennar historie overraska ikkje pedagogikkprofessor Rune J. Krumsvik ved Universitetet i Bergen.

— Å vera stipendiat er knytt til fleksibilitet, og det er ein kultur for at stipendiatar bestemmer mykje sjølv. Det kan nok vera lett å tenkja at «dette tek eg seinare». Men når ein då opplever sjukdom — eller ein pandemi — ser ein at det er kvinner som tek mest ansvar heime.

Har gått glipp av mykje

Krumsvik har følgd ei gruppe stipendiatar under pandemien. Ikkje berre under den første nedstenginga våren 2020, men heilt fram til november 2021. I dette tidsrommet hadde ein fleire periodar med heilt eller delvis nedstenging. I tillegg var beskjeden frå skular og barnehagar klar: Barn med det ein elles ville sagt var lette luftvegssymptom, måtte haldast heime.

Resultata er presenterte i Frontiers of Education og i Psykologitidsskriftet. Krumsvik finn at det ein veit frå tidlegare, mellom anna frå sjukefråværsstatistikk, vart forsterka under pandemien.

— 62 prosent av dei kvinnelege stipendiatane i undersøkinga hadde eigne barn. Etter kvart vart dei ekstra sårbare, når ein hadde nedstenging, heimeskule, sosial distansering og barn i karantene med jamne mellomrom. Det kvalitative datamaterialet viste at dei kvinnelege stipendiatane tok seg mest av forsørgaransvaret heime under pandemien, og fekk difor redusert forskingstid og framdrift, seier Krumsvik.

Han seier at stipendiatane både vart forseinka med eiga datainnsamling og slik fekk redusert forskingstid og framdrift. Andre opplevde at fagfellevurderingar vart forseinka, noko som igjen forplanta seg i seinare tidspunkt for innlevering av artikkelbaserte avhandlingar.

— At desse stipendiatane har vorte forseinka trur eg er noko ein vil sjå att i dei komande åra. Det eine er det med tid, men dei har òg gått glipp av internasjonale konferansar og forskaropphald i utlandet, seier Krumsvik.

Fire gongar så mykje permisjon

Krumsvik viser til at statistikk ved eitt universitet under pandemien viser at kvinner tok ut over 13 000 dagsverk i foreldrepermisjon under pandemien, medan menn tok ut knappe 3 000 dagsverk.

— Dette er foreldrepermisjon i brei forstand og det inkluderer andre tilsettegrupper enn berre stipendiatar, men den viser at kvinner framleis tek seg mest av forsørgaransvaret heime, spesielt under ei langvarig samfunnskrise som ein pandemi er, seier Krumsvik.

Professor Rune J. Krumsvik har sjølv vore instituttleiar. Han er oppteken av at det er eit arbeidsgivaransar å legga til rette for unge, kvinnelege forskarar.

— Ein tenkjer kanskje at høgt utdanna akademikarar er likestilte. Men slik er det altså ikkje?

— På eit overordna nivå trur eg dei fleste som jobbar i akademia vil vera samde om at ein ønskjer likestilling. Og på fleire felt har ein over tid lukkast med det. Men så er det altså slik at kvinnelege stipendiatar tek meir forsørgaransvar enn menn.

Dette var noko Curt Rice, no rektor ved Noregs miljø- og biovitskapelege universitetet, då rektor ved OsloMet, var uroa for allereie den første pandemivåren. Han sa til Khrono at dersom han kunne få opna universitetet for nokre tilsette, ville han prioritera unge kvinnelege forskarar.

— Mi uro er at dersom ein skal ha heimekontor lenge, vil ein kunne sjå ein langvarig effekt — særleg for forskarar som er tidleg i karrieren. Eg tenkjer på småbarnsforeldre, og eg tenkjer på kvinner, som jobbar meir heime enn menn, sa Rice.

Lenger ute i pandemien intervjua Khrono førsteamanuensis Guro Busterud, som fortalde korleis det var å skulle kombinera arbeidsliv og foreldreliv, med nettopp karantene og nedstengingar og heimeskule. Ho peika på at det var forskinga som fekk lida, undervisninga kom først.

— Eg føler nok at det har utvikla seg til eit gap mellom fagleg tilsette som er ein del av ein småbarnsfamilie, og dei som ikkje er i den situasjonen. Dei utan barn dreg frå oss småbarnsforeldre reint forskingsmessig, rett og slett.

Meiner arbeidsgivar må ta ansvar

I Khrono si framleis forholdsvis ferske spalte «Min doktorgrad» er det mange som trekkjer fram pandemien som særleg krevjande i stipendiatperioden. Andre seier at det var effektivt å sitja på heimekontor, sjølv om ein sakna kollegaer og eit fagleg fellesskap.

Krumsvik seier at norske stipendiatar disputerer forholdsvis seint. Snittalderen for disputas er mellom 37 og 38 år, og høgare for mange kandidatar innan humaniora og samfunnsvitskap. I tillegg disputerer kvinner i snitt to år seinare enn menn. Legg ein då til at snittalderen for førstegongsfødande i Noreg no er 30,1 år, er det mykje som skal skje i løpet av få år.

— Dei gode fødselspermisjonsordningane ein har som stipendiat gjer at det er ganske vanleg å få eitt eller fleire barn under stipendiatperioden. På mange måtar er det flott at det er slik under normale samfunnsomstende. Men det er klart at når ein over to år lang pandemi slår til, vert òg dei stipendiatane med spesielt små barn ekstra sårbare. Dei har berre tre år på å gjennomføra doktorgraden, seier Krumsvik.

— Disputasalderen for kandidatar innan realfag er ofte lågare, så der er det mange som ikkje er i ein familiesituasjon.

— Kva kan eller bør ein gjera for å gjera det lettare for kvinnene?

— Dette er eit arbeidsgivaransvar, og det vil i stor grad ligga hos instituttleiarane, som er tettast på denne gruppa, seier Krumsvik.

Han har sjølv vore instituttleiar, og seier at det er mogleg å gjera grep, som til dømes å redusera undervisningsplikt ein periode.

Professoren seier òg at det, som i historia til Julie Solberg Knutsen, ofte er kvinnene som tek mest ansvar heim, sjølv i ein normalsituasjon. Då er dette noko arbeidsgivar må ta omsyn til, seier han.

— Ein må tenkja på at karriereutviklinga til nettopp denne gruppa kan vera sårbar. Sjølv om det finst kompensasjonsordningar, både for tapt tid gjennom pandemien og òg for foreldrepermisjon, er det andre omsyn ein må ta, seier Krumsvik, og peikar på at det for småbarnsforeldre ikkje er like lett som for forskarar utan barn å ta i bruk kveldar, helgar og feriar til forsking.

Powered by Labrador CMS