khrono helg

Han kan skyta med rifle og eig eiga motorsag. Men å skjøna kodane i akademia var vanskeleg for Terje Lohndal.

Bilde av Terje Lohndal på kontoret sitt
Som student las han seg gjennom heile lingvistikkhylla på Bindern. No har Terje Lohndal kontor med mange bokhyller — og der er det orden.

Først då han vart professor skjøna Terje Lohndal at han hadde vore eit evnerikt barn

— Eg veit ikkje om eg kjenner meg så ung, seier Terje Lohndal.

Han har vorte 37, fyller 38 i år, og er slik sett ikkje purung lenger. Men å ha vore professor i ti år i ein alder av 37, det er det rett og slett ingen andre nolevande i Noreg som har. Lohndal vart professor då han var 27 — den nest yngste i Noreg nokon gong. No er professoren i lingvistikk i tillegg prodekan ved Det humanistiske fakultetet ved NTNU.

Dessutan har han ei rekkje verv, som visepreses og klasseleiar i Det Norske Videnskaps-Akademi, styremedlem for porteføljestyret for humaniora og samfunnsvitskap i Forskingsrådet og styremedlem i Språkrådet.

— Var det din tur til å ta på deg slike oppgåver no?

— Eg fekk ikkje slike oppgåver heilt i starten, men eg har vore her i ti år no.

Den første som tok utdanning

Professoren og prodekanen har full kalender. Sjølv om prodekanstillinga er femti prosent, i alle fall på papiret, er det mange møte. Han tek imot Khrono i kafeen på Dragvoll, der humanistane held hus. Ute er det både vått og glatt, med tjukk is med vatn oppå. Ikkje heilt ulikt veret slik det var då Lohndal kom til Trondheim i mars 2012.

— Det var skodde og regn, og eg hadde reist frå sol og sommar i Washington D.C. Då lurte eg på kva eg hadde gitt meg ut på, seier Lohndal og humrar.

Meir om reisa frå USA om litt. Men historia om den unge professoren startar allereie på 1990-talet, då Terje Lohndal var barneskuleelev i heimkommunen Lyngdal. Ingen av foreldra hans har høgare utdanning, men det viste seg at sonen var svært skuleflink. Difor var det venta at han skulle studera, til dømes medisin eller ingeniørfag — eit profesjonsstudium.

I doktoravhandlinga si frå 2022 forska Astrid Knutsdatter Lenvik på dei elevane som i dag vert kalla elevar med ekstraordinært læringspotensial. Men dei vert òg kalla gåverike, skuleflinke, at dei har eit akademisk talent eller at dei er evnerike. Felles for dei er at dei har behov for å gå raskare gjennom skuleløpet eller enkeltfag.

— Eg tenkte aldri på at eg kunne vera ein av desse evnerike elevane, ikkje før eg vart med i gruppa som jobba med dette, seier Lohndal.

Han var med i ekspertgruppa som i 2016 leverte NOU-en «Mer å hente. Bedre læring for elever med stort læringspotensial».

— Eg såg på meg sjølv som ein typisk nerd. Interessert i fag, men ikkje i det sosiale.

Noko tilrettelegging hadde han ikkje.

— Eg hugsar at eg alltid mislikte gruppearbeid. Då var det slik at dei flinkaste skulle vera på gruppe med dei som ikkje var fullt så flinke, seier professoren.

Så legg han til:

— Eg hadde sikkert godt av det.

Bilde av Terje Lohndal på kafe
Lista over verv er lang, mellom anna er Terje Lohndal visepreses i vitskapsakademiet. Det er eit verv som kunne gitt mykje reising, men professoren er oppteken av at dette er eit verv ein må kunne ha uansett kor i Noreg ein bur. I dag bur preses til dømes i Bergen.

Mykje fag, lite fest

Lenvik finn i avhandlinga si at det er svært ulikt både om og kva oppfølging ekstra flinke elevar får. Elevane seier om seg sjølve at dei ikkje passar inn, og lærarane er rett og slett ikkje sikre på kva dei skal gjera for denne gruppa.

Lohndal er samd i at det er krevjande å finna passande tilrettelegging.

— Sjølv om elevane er fagleg flinke, treng dei ein sosial kompetanse òg. Så det er ikkje berre-berre å ta dei ut av vanleg undervisning. Dei skal jo dessutan læra seg å fungera i eit samfunn der ikkje alle er like.

Sjølv byrja han å lesa meir enn pensum då han gjekk på vidaregåande. Han seier han hadde nokre lærarar som var villige til å diskutera faglege spørsmål, og han tok sjølv kontakt med universitetstilsette. Sjølv om det kanskje var noko innan realfag mange, inkludert tenåringen sjølv, trudde han ville velja, vart det altså lingvistikk. Det skjedde etter at ein professor ved Universitetet i Oslo fortalde at det finst eit fag som heiter det.

Så flytta Terje Lohndal til Oslo for å studera.

— Fann du likesinna der?

— Nei, eg kjente meg like rar blant studentane. Dei syntest eg var snål som kunne ting utanom pensum. Og eg brukte all ledig tid på å lesa. Eg las meg gjennom heile lingvistikkhylla på Blindern.

— Altså ikkje noko fant og fyll då du var student?

— Nei. Det burde det sikkert ha vore.

Høgthengande pris då han var 28

Etter bachelorgrad i Oslo vart det både mastergrad og doktorgrad i USA. Sistnemnde var Lohndal ferdig med då han var 25.

Før han reiste til USA hadde han førebudd seg godt, og då han kom til USA var planen at han skulle verta verande. Han var medviten om at han ikkje skulle legga arbeid i å finna norske venner, her skulle det vera full integrering.

Så skjedde det noko:

— Eg byrja å sjå skuggesider av det amerikanske samfunnet. Offentleg sektor stengde ned i 2011, og då hadde det allereie vore ein økonomisk tilbakegang i nokre år. Dette fekk konsekvensar for jobbmarknaden. Så eg søkte meg til Europa, både England og altså tilbake til Noreg, fortel Lohndal.

I USA hadde han lært mykje om det akademiske handverket. Då den den gong 28 år gamle Lohndal fekk Nils Klim-prisen i 2014 stod det i grunngivinga at han allereie hadde publisert 14 fagfellevurderte artiklar i leiande tidsskrift. I tillegg skulle doktoravhandlinga verta gitt ut av Oxford University Press.

«Dette er en dypt imponerende akademisk løpebane uansett utfra hvilken standard den vurderes».

Då Lohndal fekk denne prisen hadde det vore skriving og publisering som hadde vore i fokus i nokre år. Han meiner at å skriva doktoravhandlingar som er artikkelbaserte er eit gode, nettopp fordi då får ein lært seg korleis ein skriv ein vitskapeleg artikkel.

— Eg har òg fått beskjed om at ein ikkje kan skriva på visse måtar, og om at argumentasjonen min ikkje heldt vatn. Då kjenner ein seg som verdas største idiot. Og så må ein læra seg å handtera slike tilbakemeldingar. Eg trur det er lurt at ein erfarer dette tidleg i ein akademisk karriere.

Famla — og takka Lånekassen

Hausten 2021 vart å vera førstegenerasjonsakademikar tematisert i Khrono. Professor Svenn-Erik Mamelund fortalde om sin oppvekst, med foreldre utan høgare utdanning, og om møtet med Blindern.

— Eg hadde aldri høyrt om kollokvie, og det var mange nye ord eg måtte slå opp kvar dag, sa Mamelund.

Han er vel 15 år eldre enn Terje Lohndal, men dei to deler mange av dei same erfaringane. Lohndal har tidlegare sagt i eit intervju med Forskerforum at mange i salen ikkje skjøna kva han snakka om då han takka Lånekassen i ein tale han heldt etter å ha fått ein pris.

— I møtet med akademia famla eg i blinde. Eg skjønte at det å skriva artiklar var ein valuta, og eg var redd for å mislukkast. Eg tenkte at eg måtte få det til, å studera måtte ha ei hensikt, seier Lohndal.

— Akademia er nok på mange måtar sjølvrekrutterande. Eg måtte finna ut kva eg eigentleg skulle bruka kunnskapen til.

37-åringen kjem frå ein liten stad. Han har med seg ein ballast med frivillig arbeid, han kan bruka motorsag og anna verktøy — noko som har vist seg å vera nyttig, òg som professor — og han har vore aktiv skyttar i mange år. Men akademiske rollemodellar var det ikkje så mange av i Lyngdal.

— Når ein snakkar om mangfald tenkjer eg at ein må vera medviten om korleis ein kan sleppa inn dei som ikkje kan alle akademia sine kodar, seier han.

— Du reiste ut for å ta utdanning. Er det noko alle bør gjera, eller bør ein tilby utdanning der folk bur?

— Mi personlege meining er at det er lurt å reisa ut. Samstundes er kompetanseheving i distrikta lurt, men det må ikkje erstatta det å reisa ut for å ta utdanning.

Bilde av Terje Lohndal på kontoret sitt
Eg jobbar nok mindre enn mange trur, seier Terje Lohndal. Han seier at når han no har vorte meir etablert i akademia kan han i større grad velja vekk oppgåver.

Å finna sin flokk

Då den nytilsette førsteamanuensen kom til Trondheim, ein by han absolutt ikkje kjende, i 2012, var han 26 år. Med andre ord var han i ein alder der mange framleis er studentar.

— Korleis finn ein seg eit nettverk når ein flyttar til ein ny by som vaksen?

— Eg skjønar dei som seier at det er vanskeleg. Eg var i studentalder, men eg kunne ikkje vera saman med studentane, for eg skulle jo undervisa dei. Samstundes var eg ikkje etablert med familie. Så å finna eit nettverk tok lenger tid enn eg eigentleg hadde tenkt, seier Lohndal.

— Eg burde sikkert kjøpt meg hund. Alle seier at då er det lett å koma i kontakt med folk.

Nokre av dei han møtte, var dei andre deltakarane i NTNU sitt stjerneprogram. Her vart dei flinkaste unge forskarane sett saman i ei gruppe, og fekk mellom anna trening i kommunikasjon, opplæring i korleis ein skal leia ei forskargruppe og konkrete case å jobba med.

— Det vart eit samhald mellom oss, og me har framleis kontakt, seier 37-åringen.

Fann seg eit språk

Lohndal seier han har gjort som mange andre lingvistar: Skaffa seg eit språk. Han er tilsett som professor i engelsk lingvistikk, men er allmennlingvist i botn. Hadde han tenkt seg ei anna karriere, kunne han jobba til dømes i eit IT-firma. Khrono har skrive fleire saker om færre søkjarar til dei tradisjonelle disiplinfaga innan humaniora, mellom anna språkvitskapen. Men lingvistar er ettertrakta.

— Koplar ein på informatikk kan ein til dømes jobba med språkteknologi, seier Lohndal.

Når han tek prodekanhatten på, fortel han det same som andre leiarar har sagt: Studentane er meir opptekne av kva dei kan verta, det er færre som tek eit fag berre fordi dei er interesserte i det. Lohndal peikar på fleire utfordringar:

— Me må fornya disiplinfaga slik at dei vert oppfatta som relevante, og få inn tema som til dømes digitalisering og berekraft der det er naturleg. Men me må ikkje mista den gamle humanioratradisjonen.

No vil studentane gjerne ha tips om kva fag som er smart eller nyttig å ta som andrefag i ei bachelorgrad.

— Eg er uroa for at ein vert styrt for tidleg. Det vert planta eit forventningspress om at ein må ha veldig klare planar for kva ein skal verta.

Bilde av Terje Lohndal som snakker under konferanse
Han er berre 37, men allereie prodekan. Det kan vera ein fordel å vera ung leiar, meiner Terje Lohndal, det er lettare for han å forstå kva dei unge forskarane møter av utfordringar.

Balanse i livet

Professoren viser veg gjennom gangane på Dragvoll. Bygningsmassen frå 1968 fekk byggeprisen Houens Fonds Diplom i 1983. I Trondheim er det no ein stor debatt om campussamling, og kva skal då dette bygget brukast til?

— Den viktigaste motivasjonen for campussamling er studentane og deira faglege tilbod, meiner lingvistikkprofessoren, som viser veg opp ei trapp og inn ei dør til det han sjølv kallar NTNU sitt ryddigaste kontor. Her er det fulle bokhyller, mellom anna ei heil hylle berre med bøkene til filosofen og lingvisten Noam Chomsky. Her står òg fleire av dei utmerkingane Lohndal har fått.

Sjølv seier han at han jobbar mindre enn før, og truleg òg mindre enn mange trur.

— Eg får forska sjølv om eg har mange verv. Det må eg, for eg har andre, mellom anna stipendiatar som er avhengige av det. Men eg har ein relativt grei balanse mellom jobb og fritid no. Altså, tankane kvernar og går, så eg skrur jo ikkje av, men eg svarar ikkje nødvendigvis på e-post på kveldstid.

Som professor vert ein automatisk ein leiar. Terje Lohndal seier at sjølv om det var rart å både tidleg og raskt koma i den posisjonen, når mange av kollegaene hans hadde tjue års røynsle frå vitskapelege stillingar, er fordelen hans at han har lettare for å forstå dei unge forskarane.

— No har du vore her i ti år. Dersom du ser ti år fram i tid, kor er du då?

— Eg har ikkje noko ønske om å vera ein annan stad. Men ein veit ikkje kva som ventar.

Bilde av Terje Lohndal på kafe
Korleis det var å rettleia dei som var like gamle som meg? I akademia vert ein anerkjend utifrå det ein har gjort, seier professor Terje Lohndal.
Powered by Labrador CMS