Eg klarar ikkje å sitja stille og sjå at nokon slit, seier Ola Grytten. Men det er noko anna ikkje alle klarar: Å skilja rollene hans som professor og frelsesarmesoldat.

Det er althorn som er instrumentet hans, men Ola Grytten har prøvd seg på fleire andre instrument ved behov - og fått skryt for det av ein profesjonell musikar. I Bergen har Frelsesarmeen fleire oppdrag før jul , mellom anna ved julegryta. Her frå Torgallmenningen i Bergen.

Får hets i innboksen når han seier at renta skal opp

Publisert Oppdatert

Midt på dagen ein laurdag i desember: Ola Grytten er ein del av eit blåseensemble på Torgallmenningen i Bergen. Med Frelsesarme-uniforma på spelar han jula inn og samlar inn pengar til nokre av dei som treng det mest.

Nokre dagar tidlegare har han spelt for innsette i Bjørgvin fengsel.

Fakta

Ola Grytten

  • Fødd i 1964
  • Professor i økonomisk historie ved Norges handelshøyskole
  • Tok doktorgrad ved NHH i 1994 og har vore professor der sidan 1999
  • Mykje brukt som ekspertkommentator i media
  • Aktiv i Frelsesarmeen

— Eg møter jo nokre av stammefolket mitt der, seier Grytten og smiler.

Han har teke imot Khrono der han plar halda hus: På Norges handelshøyskole (NHH). Grytten er professor i økonomi og økonomisk historie, og uttalar seg gjerne om både renteheving og inflasjon. Men han er òg soldat i Frelsesarmeen og har leia Frelsesarmeen si avdeling i Solheimsviken i Bergen — bydelen som skårar blant dei dårlegaste på levekårsundersøkingar. Og så er han høvding for igbofolket i Nigeria. Meir om det siste seinare.

«Du som er kristen …»

Men å vera kristen og professor, går det an?

Ja, seier Grytten, og fortel at det er mange som likar den kombinasjonen og gir han klapp på skuldra for det. Men det er eit «men» her:

— Eg ser også at nokon er ute og seier at dei som trur på Gud ikkje bør vera vitskapsfolk. Men skal ein ha ei einsretting der alle må vera ateistar? Og ein del av dei som seier dette er dei same som snakkar om mangfald og toleranse, seier Grytten.

Han seier at han sit på den grøne greina i livet, med gode menneske rundt seg, ein fin arbeidsplass og flotte kollegaer. Men igjen er det eit «men».

— Som mange andre aktive kristne er eg van med å verta mobba, hetsa og utestengd — og det er visst sånn det skal vera.

Han viser til ei undersøking gjennomført av det kristne studentlaget (Laget). 90 prosent av dei som svara der, sa at dei ikkje vågar å seia at dei er kristne. I 2019 viste ei doktoravhandling at det å ha eit muslimskklingande namn og det å seia at ein var aktivt kristen, er like ille å ha på cv-en. For den siste gruppa var sjansen for å verta kalla inn til jobbintervju tjue prosent. Avisa Dagen si kartlegging av kristennoreg i 2021 viste at halvparten av dei unge som deltok sa dei synest det er vanskeleg å vera kristen i Noreg i dag.

— Får du hets i innboksen din når du uttalar deg i media?

— Ja, det får nok mange som uttaler seg om aktuelle saker. Eg kan ha uttalt meg i ei sak og sagt at «no kjem renta til å stiga». Då får eg tilbakemeldingar som at «du som er kristen og med i Frelsesarmeen kan ikkje seia sånt».

— Går det inn på deg?

— Nei, ikkje no lenger, det vert for usakleg. For det første er dei aller fleste hyggelege menneske med gode verdiar og tilbakemeldingar. Dessuten er det mange som får hets, og hadde eg ikkje fått det for å vera kristen, hadde eg vel fått det for noko anna. Men dersom nokon hetsar barna mine … den er hard.

Allereie då unge Grytten tok doktorgrad, noko han forresten gjorde i løpet av knappe halvtanna år, fekk han kjenna på tøffe tilbakemeldingar. Han fekk tilgang til nokre tal om arbeidsløyse på 1930-talet. Desse tala viste at arbeidsløysa i mellomkrigstida ikkje var så stor som det ein tidlegare hadde sagt.

— Dei tala som til då hadde vore kjende, var fagforeiningstal, ikkje totale tal. Eg fekk kjeft, det var hardt. Men ein toler det etter kvart.

Ingen pengebinge

Foreldra var aktive i Frelsesarmeen. Far var i tillegg yrkesmusikar, mor spelte både gitar og piano. Kanskje ikkje så rart at det vart både arme-engasjement og musikkengasjement for unge Ola.

Han spelar i Frelsesarmeen sitt brassband, men har òg spelt i korps utanfor armeen.

— Sjølv var eg mange år vekke frå Frelsesarmeen, men då eg studerte ved London School of Economics, kom eg i kontakt med Frelsesarmeen der. Då vart engasjementet vekt til live igjen.

No er avdelinga Grytten leia slegen saman med ei anna, så han kallar seg «berre ein vanleg fotsoldat».

— I mars sa du til NTB at ein måtte rekna med dyrare straum og dyrare mat. Korleis vert jula for folk i år?

— Inflasjonen har sett seg og krigen i Ukraina har vart lenger enn ein trudde i vår. Det betyr at renta vil kunne halda seg relativt høg lenger enn mange trur. At renta er høg er ikkje det viktigaste, men at ho stig raskt er noko mange vil merka. Ein hadde ikkje rekna med ein slik auke, sjølv om ein skal gjera det når ein tek opp lån.

Kvar generasjon treng ei krise for å skjøna mekanismane i økonomien, seier professoren, og legg til at på 1970- og -80-talet rekna ein med ein inflasjon på ti prosent. No er inflasjonen mellom seks og sju — og noko meir om ein reknar med høge straumprisar.

— Det som no skjer, er at folk som vanlegvis ikkje slit, men akkurat greier seg, har begynt å slita. Dette er menneske som er i jobb, men som til dømes er åleineforeldre. Det er viktig å tenkja på at ja, nordmenn er rike. Men me har ikkje ein pengebinge i banken — gjeldsgraden er høg.

Ola Grytten var ein gut som noterte ned statistikk over det meste: Fiskefangst, nedbør og sportsresultat. — Eg ønskte meg Statistisk årbok frå 6-årsalderen og lærte meg nok å rekna både median og standardavvik på eiga hand som ganske ung, seier han.

Ser at fleire treng hjelp

Media landet rundt melder om at mange gruar seg til jul dette året, og fleire stader er det hengt opp såkalla ønsketre, der barn og unge har skrive ein lapp med kva dei ønskjer seg til jul. Mange av ønska er langt frå det ein kan kalla ekstragavante.

Grytten fortel at Frelsesarmeen òg ser at stadig nye grupper kjem til dei for å få hjelp. Armeen hjelper med både mat, klede, julegåver og julemåltid — for å nemna noko.

— Av og til er det hjarteskjerande.

Med professorstilling, fire barn og mengder av frivillig arbeid er det freistande å spørja korleis Grytten sitt døger har nok timar. Han svarar med eit sitat frå den svensk-amerikanske predikanten Fredrik Franzon: Kvil når du arbeider, arbeid når du kviler — så går det bra.

— Det synest eg er godt sagt. Eg er slik laga at eg må halda på med noko. Eg greier ikkje å setja meg ned og sjå på TV. Eg har kanskje ADHD, eg veit ikkje.

Har eige septer

På kontoret på NHH står ein afrikansk figur. Den fekk professoren då han vart krona til høvding blant igbofolket i Nigeria. Folkegruppa har Grytten kome i kontakt med gjennom arbeid i nettopp Frelsesarmeen. Sjølve kroninga skjedde i Bergen, og «Nwanne Di Na Mba», som betyr «bror langt borte», fekk både kappe, hatt, smykke og septer.

— Eg kom meg ikkje til Nigeria for kroning. Det var ebolautbrot i landet, og eg arbeidde for Sentralbanken i Stockholm. Dei sette foten ned, seier Grytten.

Det er altså nigerianarar han møter når han temmeleg jamleg spelar i Bjørgvin fengsel. Der møter han òg foreldre som ikkje får koma heim til jul og andre han kjenner.

— Hjarta mitt brenn for barn, for dei som sonar, for dei som har rusproblem, er fattige, for dei som opplever utanforskap, seier Grytten.

— Og eg klarar ikkje å setja meg ned og vita at folk slit.

Ola Grytten er meir interessert i historie enn i økonomi, og seier han ikkje hadde søkt seg til NHH dersom ikkje økonomisk historie hadde vore eit fag. På professorkontoret, som på tradisjonelt vis har bokhylle på bokhylle, står òg det synlege provet på at han er høvding i Nigeria.

Tek seg ein bolle

Grytten stiller i dress denne dagen. Det er slett ikkje vanleg, men ein kollega fyller 70, og det skal markerast. På veg ut for å verta fotografert passerer Grytten fleire studentar som kjem tyggande på kvar sin skulebolle.

— Det er godt dei kan kosa seg, kommenterer professoren, og fortel om tal som viser at mange studentar slit psykisk. På ein utdanningsinstitusjon der det er strenge karakterkrav for å koma inn, er det mykje press.

— Sett frå utsida er studentane heilt like. Eg innbiller meg at det var eit større mangfald då eg kom hit, i jappetida. Då hadde dei fleste kvit skjorte og slips — men det hadde ikkje eg, seier han og humrar.

NHH har eit internasjonalt miljø, og vert trekt fram som ein av utdanningsinstitusjonane som brukar (for) mykje engelsk. Her handlar det om berre økonomi, seier Grytten, ikkje kven du er eller kva du trur på.

— Korleis opplever du motsetnaden mellom akademia, der ytringsfridommen står sterkt, og eit trussamfunn …

— ...der det ikkje er sånn? Mi erfaring er at det like gjerne kan vera omvendt. I såkalla mangfaldssamanheng vert me som driv med kristent arbeid ofte pressa ut. Ja, eg har opplevd intoleranse i kristne miljø, men langt mer i andre miljø. Og akademia er ikkje nødvendigvis toleransens høgborg, om nokon skulle tru det.

Tenk om julekjensla varte heile året

Familie, venner, godheit. Men på den andre sida stress, kav, fristar og økonomi. Slik skildrar økonomiprofessor Grytten jula, og seier at han ofte er skikkeleg sliten når julekvelden kjem.

— Kva er jula for deg?

— Jula er noko av det mest kristne me har. Det handlar for mange om å vera gode mot kvarandre. Eg trur at Gud sjølv steig ned, for vår skuld, ikkje for å løfta nokon peikefinger, men for at me skal få ha eit fellesskap med Han og ha evig få ta del i det livet han har for oss, som er det flottaste eg har fått tatt del i.

Om engasjementet hans handlar om nestekjærleik? Tja, seier Grytten.

— Tenk om det alltid hadde vore slik som det er i jula, at ein prøver å vera gode mot kvarandre. Eg har ein inspirasjon i det eg trur på, og prøver å leva etter det.

Ola Grytten fortel om hets han får fordi han er aktiv kristen. — Men det er mange som får hets. For ikkje lenge sidan var eg på ein bensinstasjon og vart vitne til ein kar som serverte temmeleg saftige gloser om finansministeren fordi dieselprisen aukar. Det er ikkje noko som er finansministeren sin feil.
Powered by Labrador CMS