humaniora

Nedgang for fleire fag:
— Studentane vil vita kva dei kan verta

Dei humanistiske faga rapporterer om ein nedgang for disiplinfaga. Ved fleire universitet jobbar dei no med å laga studieprogram som er meir retta inn mot arbeidslivet.

Studenter på en lesesal
Kva yrkesprofil disiplinfaga skal ha er viktig for fleire og fleire studentar. Arkivfoto:
Publisert Oppdatert

Færre enn før studerer nordisk språk og litteratur, skreiv Khrono onsdag. Men det er ikkje berre dette faget som har nedgang i talet på søkjarar. Også andre tradisjonelt store disiplinfag, som historie, har færre søkjarar enn tidlegare.

Totalt sett var det i 2018 9767 søkjarar som hadde sett opp eit fag innan kategoriane språk eller historie på førsteplass på søkjarlista si hos Samordna opptak i 2018. Desse kategoriane inneheld òg fag som teologi, religionsvitskap og litteraturvitskap.

I 2022 var talet 8359. Då hadde søkjartalet vore over 10 000 i pandemiåra 2021 og 2021. Dette viser samletal Khrono har fått frå Samordna opptak.

Ser ein meir spesifikt på nokre av tala, ser ein fleire av universiteta og høgskulane har færre førstevalssøkjarar til bachelorprogram i både engelsk og historie enn det er tal på studieplassar. Som for nordisk er tala betre for lektorprogramma. Her er det fleire førstevalssøkjarar enn studieplassar.

Det er viktig å merka seg at talet på søkjarar ikkje er det same som talet på møtte studentar. Dette er tal institusjonane har sjølve, og møtt-tala kan vera både høgare og lågare enn talet på førstevalssøkjarar.

Trenden kom til hovudstaden

— Me ser ein klar nedgang for nokre av disiplinfaga. Men førebels veit me ikkje om det er ein varig tendens eller ikkje.

Det seier Gunn Enli, prodekan for utdanning ved Det humanistiske fakultetet ved Universitetet i Oslo (UiO).

Då Khrono snakka med Jørn Boisen, dåverande instituttleiar ved Universitetet i Søraust-Noreg, var han overraska over at òg dei store universiteta merka ein nedgang. Det gjer dei no, seier Enli.

— Me vil vera dei siste som merkar det, sidan me er hovudstadsuniversitetet. Men me òg merkar det no.

På bachelorprogrammet i nordisk språk og litteratur har UiO berre fylt 26 av 62 plassar.

— Men på andre program har me høg poenggrense for å koma inn. Det skil oss frå andre humanistiske fakultet.

Bachelorprogram i engelsk, førstevalssøkjarar

Universitet202020212022
Nord universitet, 20 studieplassar11105
Universitetet i Agder22 (30 plassar)53 (40 plassar)20 (60 plassar)
NTNU49 (55 plassar)57 (50 plassar)52 (45 plassar)
Universitetet i Bergen, 65 studieplassar696256
Universitetet i Oslo, 103 studieplassar139136112
Universitetet i Stavanger, 20 studieplassar424134
UiT Noregs arktiske universitet14 (20 plassar)12 (25 plassar)7 (20 plassar)

Kjelde: Samordna opptak

Vil ha inn digitalisering

Enli seier at studentane er meir opptekne enn før av kva dei kan verta, altså kva jobbar dei kan rekna med å få. Lektorløpet er ei profesjonsutdanning, men å ta ei bachelor- eller mastergrad utan pedagogikk fører ein strengt teke ikkje til eit gitt yrke.

— Me bør lesa omverda rundt oss. Kan me gjera tilpassingar og endringar som i større grad treffer studentgruppa, spør prodekanen.

Det er eit arbeid ho er i gang med no. Konkret ønskjer ho å få inn både digitalisering, men òg berekraft eller andre samfunnsutfordringar inn i dei ulike studieprogramma.

Berekraft og filosofi

Også i Bergen vert det jobba med korleis ein kan rekruttera fleire studentar.

— Ungdommane vel tryggare enn før, og ser mot profesjonsutdanningane. Me ser òg at masterprogram i berekraft og kjønnsstudium, og filosofi er populært. Historie har langt fleire søkjarar enn nordisk, men me har ein nedgang på bachelor i år, seier visedekan for utdanning ved Det humanistiske fakultetet ved Universitetet i Bergen (UiB), Svein Ivar Angell.

Han seier at sjølv om søkjartala for heile program går ned, er ikkje nedgangen i studentar nødvendigvis like stor.

— Ein god del studentar tek til dømes nordisk som andrefag dersom dei tek lektorprogram med historie eller eitt av språkfaga eller i sosiologi.

— Finn ein framleis dei studentane som tek fag berre utifrå interesse?

— Ja, dei finst. Dei er gjerne registrert på eit bachelorprogram, men tek berre nokre av emna — utifrå interesse. Me har òg studentar som melder seg opp til eit årsstudium, men som berre tek eit eller to emne, seier Angell, og forklarar at desse studentane bidreg til fråfallsstatistikken, fordi dei ikkje fullfører programmet.

Bachelorprogram i historie, førstevalssøkjarar

Utdanningsinstitusjon202020212022
Høgskulen på Vestlandet30 (45 plassar)41 (35 plassar)39 (35 plassar)
Høgskulen i Volda, 65 studieplassar628466
NTNU, 80 studieplassar8110189
Universitetet i Agder, 50 studieplassar533237
Universitetet i Bergen, 115 studieplassar10412896
Universitetet i Oslo, 170 studieplassar226219198
Universitetet i Stavanger, 20 studieplassar382941
UiT Noregs arktiske universitet, 30 studieplassar191916
Universitetet i Søraust-Noreg, 75 studieplassar769362

Kjelde: Samordna opptak

Meir fokus på arbeidslivsrelevans

Universitetet i Agder (UiA) ser ein nedgang i talet på studentar som vil studera både historie og engelsk. 20 førstevalssøkjarar til 60 studieplassar i engelsk og 37 til 50 planlagde plassar i historie, viser tala frå Samordna opptak. I tillegg var det berre seks søkjarar som hadde nordisk språk og litteratur øvst på lista.

— Me fekk lektorprogram i 2014 og i 2019 vart kravet om mastergrad for å kunne ta PPU innført, seier Hans Hodne, dekan ved Fakultet for humaniora og pedagogikk ved UiA.

Dette førte til færre studentar på enkelte disiplinprogram. Dei studentane som tek lektorutdanning og dei som tek disiplinutdanning tek delvis same emna. Så sjølv om tala ser små ut på programnivå, er det annleis om ein reknar på emnenivå, forklarar dekanen.

Hodne seier at tidlegare hadde disiplinprogramma ein indirekte yrkesprofil, mange av dei som valde til dømes mastergrad i historie tok praktisk-pedagogisk utdanning (PPU) i tillegg og vart lærarar.

Spørsmålet no, òg for UiA, er kva yrkesprofil disiplinfaga skal ha. Hodne fortel at UiA jobbar med å få inn element av arbeidslivsrelevans inn i disiplinfaga, mellom anna samarbeid med forlagsbransjen i bachelorprogrammet i nordisk.

— Det er eit heilt anna medvit hos studentane om kva dei kan verta. Og dette er jo noko som òg er eit anna fokus på i sektoren, gjennom stortingsmeldinga om arbeidslivsrelevans.

Lektorprogram med engelsk

Universitet202020212022
NTNU, 55 studieplassar889171
Universitetet i Agder, 12 studieplassar342427
Universitetet i Bergen55 (21 plassar)46 (24 plasssar)73 (24 plassar)

Kjelde: Samordna opptak

Færre norske vil ta doktorgrad

Enli ved UiO viser til Danmark. Der har ein hatt fleire kutt for humaniorafaga, og jobbar no med studieporteføljen — òg ved hovudstadsuniversitetet Københavns universitet. Søkjartala til humanistiske fag, går, som Khrono har skrive, ned.

— Tradisjonelt har fag som religionsvitskap, idehistorie og nordisk vore veldig sentrale fag. Men me ser endringar i mønsteret som me følgjer nøye med på, og det er mogleg me må gjera endringar for å koma attende til gullalderen.

At færre studerer dei klassiske disiplinfaga gjer at det vert mindre rekruttering til forskarløpa, seier Enli.

Dei som tek lektorutdanning òg kan ta doktorgrad.

— Me får framleis mange søkjarar til stipendiatstillingane, men me ser at det i nokre fag er få norske som når opp, seier Enli.

Lektorprogram med historie

Universitet202020212022
NTNU, 40 studieplassar11911496
Universitetet i Agder, 8 studieplassar354245
Universitetet i Bergen, 28 studieplassar7557101
Universitetet i Søraust-Noreg, 30 studieplassar465140

Kjelde: Samordna opptak

Færre søkjer språkfag

Også framandspråka slit med å få søkjarar — både i Noreg og internasjonalt. Då Khrono hausten 2022 sjekka status fem år etter at humaniorameldinga kom, var tilbakemelding frå fleire humanioradekanar at for språkfaga var situasjonen verre enn for fem år sidan.

— Kortversjonen er at me har utfordringar på utdanningssida. Studenttala går ned. Dette gir grunn til uro, sa prodekan for forsking ved Fakultet for humaniora, samfunnsvitskap og lærarutdanning på UiT Noregs arktiske universitet, Marie-Theres Federhofer.

Denne hausten møtte det til dømes, som Khrono tidlegare har skrive, ingen førsteårsstudentar til bachelorutdanninga i fransk ved NTNU. Her var det lagt opp til sju studieplassar.

Powered by Labrador CMS