forskingsrådet

«Forskingsrådet har for sterke meiningar om kva som er relevant og god humaniora»

— Forskingsrådet har eit for einsidig syn på forsking, seier professor og litteraturforskar Jørgen Sejersted. Han meiner det ikkje er nokon vits for han å søkja midlar frå Forskingsrådet.

Eg er ikkje mot tverrfagleg forsking, men eg er mot at det skal vera eit overordna premiss, seier litteraturprofessor Jørgen Sejersted. Han er kritisk til prosjekt der humaniora vert det han kallar støttehjul eller kakepynt.
Publisert Oppdatert

— Skal me verkeleg halde oss med berre eitt, monopolistisk forskningsråd, slik det no har vore i snart 30 år, er dei nøydde til å ha fleire tankar i hovudet samstundes. Etter mitt syn har Forskingsrådet eit for einsidig syn på forsking.

Det seier Jørgen Sejersted. Han er professor i nordisk litteratur ved Universitetet i Bergen (UiB), og i motsetnad til mange andre forskarar har han ikkje nytta dei siste vekene til å jobba med søknader til Forskingsrådet.

— Ein kan sjølvsagt ha eit fagleg utbytte av skriveprosessen om søknaden ein har sendt inn ikkje når opp. Men å søkja er ein svært arbeidskrevjande prosess, og med dagens forskingspolitiske klima har mi litteraturhistoriske forsking liten sjanse for å nå opp, seier Sejersted.

Usamd i vurderingane

Etter fjorårets tildeling frå Forskingsrådet vart det ein debatt som særleg handla om tilbakemeldingane forskarane fekk.

Fleire fortalde at dei opplevde å få dårleg karakter frå det norske forskingsrådet, mens einskilde deretter nådde opp i EU-systemet. Professor Andreas Føllesdal skreiv om det han kalla eit skrøpeleg søknadsregime.

Sejersted seier at dersom han skulle søkt no, ville det vore lite truleg at det vart relevante forskarar som skulle vurdera prosjektet hans.

— Det er nokre vurderingsperspektiv eg ikkje er samd i. Forskingsrådets elles prisverdige satsing på å auke humanioraandelen til fem prosent kjem med sterke føringar på det tverrfaglige og utfordringsdrivne. Dette kan gi glitrande prosjekt, men det treff ikkje alle, seier professoren, som meiner Forskingsrådet har for sterke meiningar om kva som er relevant og god humaniora.

Han forskar sjølv særleg på eldre litteratur som Ludvig Holberg og Henrik Wergeland og meiner at kritisk forvaltning av historie og kultur er både viktig og relevant.

– Med Forskingsrådet si panelordning reknar eg det som lite sannsynleg at ein litteraturforskar ville ha vurdert prosjektskissa mi, og kanskje ikkje ein med kjennskap til skandinaviske tilhøve i det heile, seier Sejersted.

Tverrfaglege prosjekt

Khrono har bede Forskingsrådet om innsyn i forskingsprosjekt som har nådd opp i den såkalla fripro-kategorien (fri prosjektstøtte) attende til 2018. I tillegg til reine forskingsprosjekt er det òg delt ut midlar gjennom mobilitetsstipend, ein eigen kategori for unge forskarar og gjennom det såkalla Fellesløftet.

Lista viser prosjekt innan humanistiske fag og prosjekt som inneber tverrfagleg samarbeid mellom humaniora og samfunnsvitskapen, og viser at det er 47 prosjekt som har kome gjennom nålauga. Mange av dei er tverrfaglege, men ikkje alle.

Sejersted har sett lista. Han seier han ikkje ønskjer å rakka ned på dei som har fått pengar.

— Det er gode søknader som kjem gjennom ein slik prosess. Slik sett har ikkje dei som seier at det er eit lotteri, rett. Men eg meiner at ein burde hatt fleire forskingsråd, og eit av dei for grunnforsking. Slik det er no, tek ikkje Forskingsrådet nok omsyn til grunnleggande forsking, slik det står i forskrifta at dei skal, meiner professoren.

— Du treng ikkje store instrument eller annan dyr infrastruktur for å få gjennomført forskinga di. Treng du pengar frå Forskingsrådet?

— Det kan du seia. Eg kan jobba med mine interesser utan eksterne midlar. Men eg har leia eit prosjekt som fekk støtte frå Forskingsrådet, gjennom eine runden med Fellesløft. Det handla om Holberg, og eg såg at desse midlane ga moglegheiter for miljøbygging og eit internasjonalt nettverk, seier Sejersted.

Fryktar dårlegare rekruttering

Det er ein grunn til til at litteraturprofessoren ønskjer eksterne midlar òg til grunnforsking: Rekruttering. I romjula skreiv Khrono om namnegransking, som er eitt av nordiskfaga med dårleg rekruttering.

— Prosjektmidlar går til stipendiatar. På lang sikt misser me rekruttering til fleire viktige og høgst samfunnsrelevante fagområde. Universitetet har stipendiatheimlar, men desse vert i aukande grad sendt i retning av dei fagmiljøa institusjonen trur kan henta inn ytterlegare eksterne midlar. Meir og meir vert rigga for EU-tilslag, både i Forskingsrådet og ved universiteta, og dette er medviten politikk. Ein kan få inntrykk av at det overordna målet for norsk forskingspolitikk er å få mest mogleg att frå EU-systemet, seier Sejersted.

— Du er tidlegare dekan. Gjorde du noko med dette?

— Som dekan har eg vore med på ei utvikling eg er kritisk til som forskar, sjølv om eg óg har diskutert med Forskingsrådet sin representantar undervegs. Det er ein balansegong, ein del humanioramiljø er jo godt skodde for utfordringsdriven tverrfaglegheit. Humeval (evalueringa frå Forskingsrådet, journ.anm) peika på at det var for lite søknadskultur hjå oss. Så Det humanistiske fakultetet ved UiB har vore nøydde til å satsa strategisk både med stipendiatheimlar og andre ressursar til miljø som skal kunne få inn eksterne midlar.

Powered by Labrador CMS