Peder Gammeltoft er dansk namnegranskar, no busett i Bergen. Han er uroa over det han ser; færre som har kunnskap om namn. Samstundes går folk mann av huse for å få vita noko om namna i området der dei sjølve bur.

Men namne­granskaren var ikkje død. Eller?

Dette er ein stad der universiteta har feila på det nasjonale ansvaret sitt, seier Språksamling-leiar Peder Gammeltoft. Fleire er no uroa over at namnegranskarar rett og slett er mangelvare.

Publisert Oppdatert

— Ein vil måtta importera det som er av namnegranskarar frå Sverige og Danmark.

Det seier Peder Gammeltoft. Han er leiar for Språksamlingane ved Universitetet i Bergen (UiB). No viser han fram den nye stadnamnportalen på storskjerm. Målet er sju millionar kjeldeformer, i dag ligg det inne om lag 700 000.

Ting har namn. Så enkelt, og så vanskeleg. Men kvifor har eit fjell eller ein gard fått det namnet han har? Korleis skal ein skriva dei ulike namna? Og kva prinsipp skal ein nytta når ein skal bestemma kva som er den rette skrivemåten?

«Formålet med denne lova er å ta vare på stadnamn som språklege kulturminne, gi dei ei skriftform som er praktisk, og som ikkje skyggjer for meiningsinnhaldet i namnet, og medverke til kjennskap til og aktiv bruk av namna».

Det heiter det i innleiinga til Lov om stadnamn. Og kva skal til for å kunne ta vare på stadnamna? Kunnskap om namn.

— Det må finnast ei utdanning, slik at det vert mogleg å rekruttera folk i framtida med den kompetansen Kartverket og Språkrådet treng for å behandla namnesaker.

Ikkje tilbod om kurs

Det er Erlend Trones som seier dette. Har sit i Kinsarvik i Hardanger, og er stadnamnansvarleg for Kartverket på Vestlandet. Her har han jobba med stadnamn sidan 2014. Utdanningsbakgrunnen hans er eigentleg frå samfunnsøkonomi, men så tok han nokre språkfag litt på si.

— Det har ikkje så mykje å seia for oss om det er ei teoretisering av faget. Men me treng at nokon samlar inn namn. I namnesaker treng me informasjon om nedervd, lokal uttale, geografisk plassering og kva det er namn på, seier Trones.

I dag er det ikkje tilbod om onomastikk, som er det fine namnet på namnegransking, ved norske universitet.

Det betyr ikkje at det ikkje vert forska på namn, understrekar Ivar Berg. Han er professor i nordisk språkvitskap ved NTNU. Men 39-åringen høyrer til ein ny generasjon namnegranskarar, som gjerne ser på namnegransking som ein del av noko meir.

— Norsk stadnamnarkiv var eit eige institutt, og ikkje ein integrert del av nordiskfaget. Her var fokus innsamling og sortering, og ein hadde tilsette med «namnegransking» i stillingstittelen. Det har ein ikkje lenger, seier Berg, og legg til:

— Åleinegangen vart eit problem.

No er ikkje interessa for namnegransking blant studentar like stor lenger, seier Berg.

— Namnegransking er eit ektefødd barn av nasjonsbygginga. Og uansett vitskap er det ikkje så mange som jobbar på same måte som på 1930-talet.

Namn engasjerer. Det engasjerer òg NTNU-professor Ivar Berg, sjølv om det er andre emne han jobbar meir med.

1,8 kilometer hyllemeter

I 2016 køyrde lastebil etter lastebil over fjellet frå Oslo til Bergen. Om bord var det som vart kalla Språksamlingane, som, etter ei lang sakshandsaming og forhandling, skulle flyttast frå Universitetet i Oslo til Universitetet i Bergen. I dag er dei fysiske samlingane i hovudsak plassert kortvarig på Liland, sør i Bergen.

— 1,8 kilometer hyllemeter, seier Peder Gammeltoft, som altså er den som er fagleg ansvarleg for samlingane.

— Av desse er det nok eit par hundre hyllemeter med materiale knytt til namnegransking. Me har òg nokre samlingar på Bibliotek for humaniora her ved UiB, og har nyleg overteke samlingar frå NTNU og Universitetet i Stavanger.

Skrivemåte som ikkje stemmer med uttale er utfordrande, seier Daniel Ims i Språkrådet.

— Brukar ein materialet?

— Det har vorte brukt når ein skal finna passande vegnamn og adresser.

Og då er ein kanskje ved sakas kjerne. For der ein tidlegare hadde ei adresse som berre var postnummer, skal alle norske eigedommar no ha ei vegadresse. Kartverket har ansvar for namn på gardar og andre bygningar og naturnamn, altså til dømes namn på fjell, kommunane har ansvar for vegnamn. Når desse skal verta vedtekne, treng både Kartverket og kommunane hjelp.

Språkrådet: Vanskelegare å finna kompetansen

Denne hjelpa kjem gjerne frå Språkrådet. Dei har eigne stadnamnkonsulentar - professor Ivar Berg er ein av dei - som kjem med ei tilråding i namnesaker.

«Dersom ikkje anna er fastsett i denne lova, skal det ved fastsetjing av skrivemåten av stadnamn takast utgangspunkt i den nedervde lokale uttalen. Skrivemåten skal følgje gjeldande rettskrivingsprinsipp for norsk, samisk og kvensk. Skogfinske stadnamn på Austlandet følgjer norske rettskrivingsprinsipp».

Dette heiter det i Lov om stadnamn.

— Me treng den tradisjonelle namnegranskinga, seier Daniel Ims.

Han er seksjonssjef for Seksjon for språkrøkt og språkrådgiving i Språkrådet.

Ims seier at ei av utfordringane er at ein del stadnamn har ein danskprega skrivemåte - altså noko som ikkje er i nærleiken av nedarva, lokal uttale.

— Me ser at det lokalt kan vera eit ønske om å skriva namn med «hv», men der uttalen er «kv» eller «gv», forklarar Ims.

Han seier at det for Språkrådet har vorte vanskelegare å finna menneske med den rette namnekompetansen. Det vert skrive færre masteroppgåver enn før, og når Språkrådet rekrutterer namnekonsulentar har dei rekruttert kandidatar med nærliggande kompetanse, som språkhistorie eller dialektar og sosiolingvistikk.

Detektivarbeid

I Kinsarvik jobbar Erlend Trones for tida med ei større sak i Stryn i gamle Sogn og Fjordane.

Det kan verta mange namn i éi sak. Utfordringa er at dersom ein skal sjå nærare på eitt namn, må ein sjå på dei andre med same stamme. Det vil seia at dersom ein har eit namn som «Lunde», må ein òg vurdera «Lundedalen/Lundadalen», «Lundesætra/Lundasætra» og andre. I den aktuelle saka er det vel 80 namn, og Trones viser fram eit skjema med kolonner for både uttale, kva det heiter i gamle kart og eigedomsmatrikklane.

I den same saka har det vorte meldt inn at det er sett feil namn på eit fjell som heiter Staurinibba - eller kanskje det finst fleire namn på same fjellet?

— Kva gjer de då?

— Me må ofte undersøkja saka sjølve, med å ringja rundt, til historielag, grunneigarar eller andre. Kanskje finn me òg skriftlege opplysningar, til dømes i namnesamlingar og bygdebøker, seier Trones.

Erlend Trones har sjølv vore med på eit stort innsamlingsprosjekt i Hardanger.

Hoff eller Hov?

Ein av dei som framleis samlar inn namn, tolkar dei og får dei festa i bokform, er Tom Schmidt. Han droppar den daglege spaserturen når Khrono ringjer, for temaet engasjerer han.

73 år gamle Schmidt er, som alderen tilseier, strengt teke pensjonist.

— Eg fekk innvilga rett til å forska vidare i 2016. Så no sit eg ved spisebordet - som ein ikkje lenger kan eta ved, humrar Schmidt.

Uroa er han ikkje, seier han, for han får ikkje gjort noko med det. Samstundes:

— Eg er uroa på vegner av faget, eg er redd ein må byrja heilt på nytt. Då eg underviste på det som den gong heitte grunnfag, hadde eg 40-50 studentar.

For kven skal kunne tolka dei gamle namna dersom ein ikkje kjenner til dei gamle formene? Schmidt viser til at Noreg er pliktige til å ta vare på den immaterielle kulturarven, som betyr både namn og anna språk.

Tom Schmidt er professor emeritus, men framleis aktiv forskar. Han jobbar med å fullføra eit stort namnegranskingsprosjekt for Østfold.

— Når forskarar ikkje lenger evner å lesa gamle norrøne skrifter risikerer ein at uttale som burde vore teken vare på, forsvinn, seier Schmidt, og dreg det første dømet ut av ermet:

— Eg tenkjer på det kvar gong eg brukar potetmjøl. Det er laga på Toten, og heiter «Hoff». Men det gamle gardsnamnet er «Hov».

Så fortel han om namnet «Skeid», som slett ikkje skal uttalast med «d» til slutt, men er ei form av «ski». Tydinga er å dela eller splitta, og namnet vert ofte knytt til å dela mellom åkrar. Schmidt forklarar:

— Ein reknar med at her var køyreveg som til dømes var nytta til kappriding «hesteskeid», kanskje òg til kultiske opptog. Det lyt vera ein grunn til at så mange gardar med skeid i namnet har vorte kultstader, seinare kyrkjestader, eller at dei ligg i nærleiken av ei kyrkje.

Han legg til:

— Når ein kan fortelja at det er eit kultnamn knytt til norrøn religion, då byrjar det å verta moro!

— Men me som kallar fotballaget Skeid, seier altså feil?

— Lat dei kalla laget Skeid, humrar Schmidt, og mumlar noko om at han har føreslege at fotballspelarar kan få kvar sin ball.

20 band, men meir å ta av

NRK fortalde om Tom Schmidt i vinter, og om prosjektet hans med å sluttføra publiseringa av eit stort innsamlingsprosjekt i Østfold. No er det ferdig, 20 band, fortel professor emeritusen. Og han har framleis planar om å jobba meir.

— Det går føre seg innsamlingar, mellom anna på Nord-Vestlandet. Men det vert forska utruleg lite no, seier Schmidt, før han legg til:

— Eg har tru på Gammeltoft!

Peder Gammeltoft forskar litt sjølv, og Universitetet i Bergen har for tida ein stipendiat som er namnegranskar. Men det finst ikkje veldig mange som spesialiserer seg på namn av dei unge forskarane.

Og Gammeltoft i Bergen er altså namnegranskar sjølv. Han fortel at han ikkje får forska så mykje lenger, men han formidlar ein del, og vert av og til beden om å tolka namn, til dømes for kommunen.

— Namn interesserer folk, og ein gong eg var på eit arrangement i Danmark var det så fullt at ein av tilhøyrarane sette seg bakom lerretet. Men då eg fortalde at den haugen mange kallar «Halvorshaugen» slett ikkje var til minne om fornkongen Halvor, men faktisk betyr «Halvvegshaugen», fordi haugen ligg midt mellom to bygder, var det ein av tilhøyrarane som vart sur og gjekk, ler Gammeltoft.

Det er ikkje berre i Bergen folk går nesten mann av huse:

— Då Melhus mållag inviterte til stadnamnkveld, var det berre så vidt det var nok skuffekake!

Professor Ivar Berg humrar. Når Khrono snakkar med han, ein av dei siste dagane i november, er han på lanseringsturné med den nye boka si: «Namn langs Orkla», som han har skrive saman med kollega Stian Hårstad. Dette er klassisk namnegransking. Men vent, var det ikkje det Berg ikkje dreiv med?

— Folk er interessert i dialektar og tydingar av namn. Så då gir me folket det folket vil ha, seier Berg, og legg til:

— Å formidla lokalhistorie og kulturhistorie er ein del av oppdraget.

Språkvitarar jobbar med namn. Men professor Ivar Berg understrekar at arkeologar òg ser på namn som ein del av sitt arbeid.

Samla inn 50.000 namn

Det ein kan kalla stamfaren til moderne namnegransking, var Oluf Rygh. Han døydde i 1899, faktisk medan han var på feltstudium. Då hadde Stortinget vel 30 år tidlegare bestemt at det skulle utarbeidast ein ny matrikkel for eigedommar i Noreg, og i samband med dette skulle namneformer på gardane verta normaliserte. Rygh samla inn 50.000 gardsnamn og 20.000 bruksnamn, og standardverket «Norske gårdnavne» kom ut i 18 band frå 1897.

Nettopp Rygh sitt arbeid er blant utgangspunkta for stadnamnportalen Peder Gammeltoft viser fram. Samstundes sukkar han tungt over døme han har funne på norske kart, der same namn har tre ulike skrivemåtar.

— Namnegransking startar med det tolka namnet, men er òg mye meir. Me treng fleire med kompetanse både innan leksikografi, namnegransking og terminologi. Dette må nokon agera på. Men å få nokon innom universitetsverda til å satsa på det når det er pressa budsjett, det er heilt umogleg.

(I videoen viser Peder Gammeltoft fram Oluf Rygh sine handskrivne notatar. Bror til Rygh, med førenamnet Karl, var arkeolog, men jobba òg med namn - og har skrive eigne bøker om emnet)

Powered by Labrador CMS