de nasjonale forskningsetiske komiteene
Forskingsetikk: «Veiledere må være oppmerksom på det asymmetriske maktforholdet»
Rettleiarane si rolle har fått stor plass i den nye rettleiaren om forskingsetikk. Der heiter det mellom anna at å ha rettleia nokon ikkje gir rett til medforfattarskap.
— Me har ikkje råd til at folk blir skvisa ut i maktkamp og trakassering.
Det skriv Akademiet for yngre forskarar i ein fersk kronikk i Khrono. Bakteppet er historier som er komne fram, mellom frå førsteamanuensis Sofie Høgestøl, om rettleiing som ikkje fungerer som ho skal.
I dag presenterer Dei nasjonale forskingsetiske komiteane (FEK) ein ny rettleiar om forskingsetikk. Der har rettleiarane si rolle og ansvar ein sentral plass.
Sentral rolle
Om rettleiaren heiter det at denne skal sjå til at studentar og stipendiatar får opplæring i forskingsetiske spørsmål og dilemma og at dei same gruppene vert gjort kjende med lover og reglar som er relevante for prosjektet.
Vidare heiter det:
«Veiledere må være oppmerksom på det asymmetriske maktforholdet og ikke benytte faglig autoritet til egen fordel eller på en måte som krenker kandidatens integritet, for eksempel i nære faglige og private relasjoner». Deretter: «Veiledere må sikre at normer for god henvisningsskikk og medforfatterskap er ivaretatt (...) Veiledning i seg selv er ikke et tilstrekkelig bidrag til medforfatterskap».
— Rettleiarane er dei som kan gjera god praksis mogleg. Dei har ei heilt sentral rolle, seier Helene Ingierd, som er direktør for Dei nasjonale forskingsetiske komiteane.
— Men rettleiarane kan òg vera ei kjelde til problem, seier Ingierd, og peikar på både problemstillingar knytt til medforfattarskap, eigarskap til data og personleg integritet.
Difor er det nettopp rettleiarane si rolle som er tema under årets Forskingsetiske forum.
— Men kven skal passa på rettleiarane?
— Det er institusjonane som har det store ansvaret, og dei skal syta føre å gi god opplæring til dei som skal vera rettleiarar, seier Ingierd.
Ho peikar på at internasjonalt diskuterer ein mellom anna om rettleiing skal koma inn under incentivsystemet. For å rettleia er noko anna enn å forska og undervisa, og ein treng eiga kursing, der etikken bør stå sentralt, seier Ingierd.
Yngre forskarar er nøgde
Nils H. Korsvoll, som leiar Akademiet for yngre forskarar (AYF), er glad for at rettleiar sitt ansvar vert konkretisert.
— Dette er både noko me har spurt om og noko me har i plattforma vår, seier han.
— Kva er det vanskelegaste for ein ung forskar i relasjonen til ein rettleiar?
— Alle forhold er unike. Men det er mange historier som kjem fram; om uformelle sanksjonar, manglande rettleiing og uklåre forfattarskap.
Korsvoll viser til ei undersøking akademiet gjennomførte for nokre år tilbake.
— Den viser mellom at dei som oppgir å ha opplevd trakassering og utanforskap i størst grad har opplevd dette i uformelle rom.
Vid definisjon
Det er fleire grunnar til at Dei nasjonale forskingsetiske komiteane no har laga ein eigen rettleiar for rettleiing. For det første fekk ein ei eiga lov om forskingsetikk i 2017. Nokre år seinare, i 2021, slo Riksrevisjonen fast at norske forskings- og utdanningsinstitusjonar sitt arbeid med forskingsetikk ikkje var godt nok.
Forskingsinstitusjonane har ikkje etablert system som legg til rette for at alle tilsette som jobbar med forsking får nok opplæring, og forskingsinstitusjonane har heller ikkje gode nok system for å sikra at moglege brot på anerkjende forskingsetiske normer vert oppdaga, handsama og rapportert, heitte det i rapporten.
Ingierd trekkjer fram noko ho har sagt tidlegare: Mange saker som får merkelappen «vitskapeleg ureieleg» på seg, handlar eigentleg om noko anna.
— Det er utfordrande at vitskapeleg ureilegheit er så vidt definert i lova. Med denne rettleiaren prøver me å seia noko om kva saker som bør handterast av reielegheitssutvala, som er noko alle institusjonane må ha, og kva saker som bør handterast på andre nivå og av andre instansar, seier ho.
I innleiinga den ferske rettleiaren heiter det at «det handler om å skape bevissthet og kultur hos studenter og forskere og om å utvikle rom for refleksjon og arenaer for diskusjon både internt i fagmiljøene, på tvers av ulike fagområder og mellom forskerfellesskapet, ledelse og administrasjon. Arbeidet ved institusjonen må være forankret i ledelsen, men veilederen legger til grunn at de fleste spørsmål og saker bør søkes løst i forskerfellesskapet, på lavest mulig nivå og så tidlig som mulig».
Fleire omgrep på engelsk
På norsk nyttar ein omgrepet «forskningsetikk». På engelsk har ein omgrepa «research ethics», «research misconduct» og «research integrity».
Ifølgje Ingierd nyttar ein ofte «research ethics» om forholdet til dei ein forskar på, i Noreg saker som må godkjennast av REK (regionale komitear for medisinsk og helsefagleg forskingsetikk). Integrity-omgrepet vert ofte brukt som motsatsen til det ein i Noreg vil kalla ureieleg-saker.
— Det er svært få saker som handlar om FFP, altså fabrikkering, forfalsking og plagiering, langt fleire gjelder brot eller spørsmål knytt til medforfattarskap eller tvil om god forskingspraksis. Mange slike saker kunne ein dessutan anten ha stoppa eller avgrensa før det vert ei sak om ureielegheit. Men då må ein ha system og ein kultur på plass, seier Ingierd.
Ho seier at svært mange av sakene som bør handterast er dessuten forskingsetiske saker, heller enn vitenskaplege saker om ureielegheit. Dette er saker som handlar om omsynet til forskingsdeltakarar eller forskinga sitt samfunnsansvar.
— Formålet til rettleiaren er å gjera det breiare ansvaret for forskningetikk tydeleg og å bistå institusjonane i dette arbeidet, seier Ingierd.
Nyeste artikler
Ketil Slagstad forsker på en marginalisert gruppe. — Jeg tenker meg om før jeg ytrer meg
Det ligger an til valgkamp ved Idrettshøgskolen
Spurte Hoel om nedgang i pengebruk til forskning
Lærermangelen stiger i utkantene — hva kan gjøres?
Studenter kalte mann for «et seksuelt rovdyr» og overfalt ham. Nå må de møte i retten
Mest lest
Finland svartelister 271 tidsskrifter
Foreslår å legge ned landets lærerutdanninger: — Det er skolekrise
Studentene strømmer til det finske lærerstudiet. — Norge må lære av Finland
Akademikere i møte med total kunnskapsløshet
Skuldingar om juks har hange over professoren i fire år. No skal høgskulen ta stilling til saka