Høgskulen i Volda

Fagforeining seier nei til forhandling med oppsagd direktør

Forskerforbundet ved Høgskulen i Volda meiner ingen kan tilsetjast ved høgskulen så lenge den oppsagde direktøren står i stillinga si.

Forskerforbundet er den største fagforeininga ved Høgskulen i Volda. Hovudtillitsvald Bjørn Gunnar Tafjord seier at fagforeininga ikkje vil forhandla om verken stillingar eller løn så lenge høgskuledirektøren står i stillinga si.
Publisert Oppdatert

— Me opplever at situasjonen vert stadig forverra og at det no er direkte uansvarleg å driva med både forhandlingar og nytilsetjingar der direktør på ulikt vis er involvert, seier Bjørn Gunnar Tafjord.

Han er hovudtillitsvald i Forskerforbundet ved Høgskulen i Volda. 

Fakta

Konflikta i Volda

  • I desember 2023 handsama høgskulestyret eit varsel mot direktør Ann-Kristin Emblem. Varselet handla om at ho skulle ha prøvd å stoppa eit forskingsprosjekt
  • Det vart vedteke at høgskulen skulle få ekstern juridsk hjelp, og konklusjonen frå advokatfirmaet var at direktøren hadde handla på ein måte ho ikkje burde. Samstundes fekk ho forståing for at ho meinte at ho burde vore informert
  • Konflikta handlar i hovudsak om samarbeidsproblem mellom øvste adminstrative og øvste faglege leiing ved høgskulen. Begge partar har levert varsel mot den andre
  • Det har òg kome varsel mot høgskuledirektøren frå fleire, mellom anna fagforeiningane
  • Høgskulestyret har òg handsama ei sak om samarbeid mellom høgskulen og Sunnmøre kulturnæringshage. Òg i denne saka har direktør fått kritikk frå styret
  • Høgskuledirektør Ann-Kristin Emblem vart sagt opp 22. april 2024, men står i jobb ut oppseiingstida, som er seks månader
  • Høgskulestyret hadde etterkvart ni ekstraordinære styremøte frå januar til juni 2024. Rektor Odd Helge Mjellem Tonheim var inhabil i oppseiingssaka. Det same var styremedlem Bjørn Gunnar Tafjord

Som Khrono tidlegare har skrive, har alle fagforeiningane ved høgskulen levert eit felles varsel mot høgskuledirektør Ann-Kristin Emblem. I mars vedtok høgskulestyret at Emblem ikkje lenger skulle møta i informasjons- og drøftingsutvalet (IDF) ved høgskulen.

Men sjølv om det er rektor som har møtt som arbeidsgivarrepresentant, har han på førehand invitert direktør til å drøfta saker som skal opp i utvalet. Dette har direktør sagt nei til, kjem det fram i ei sak som høgskulestyret drøfta på møte 18. juni.

I same sak kjem det fram at direktør har opplyst at ho ikkje kjem til å forhalda seg til resultatet frå drøftingane i IDF. Dette gjeld ei konkret tilsetjing der lønstilbod og stillingstittel var drøfta i utvalet.

Vedtok presisering

I IDF sit representantar for fagforeiningane, og Tafjord seier at både denne konkrete saka og andre tilfelle der direktør påverkar prosessar, er bakgrunnen for at Forskerforbundet no ikkje lenger vil vera part i forhandlingar ved høgskulen.

— Me vil ikkje vera med på denne type forhandlingar framover — så lenge direktør står i stillinga, seier Tafjord til Khrono.

Han viser til at høgskulestyret så tidleg som i mars gjorde vedtak om å fjerna arbeidsgivaransvaret til direktør knytt til partssamarbeidet. 

Men direktøren meiner at styret sitt vedtak ikkje er gyldig, og vil venta til Kunnskapsdepartementet har kome med si tilbakemelding. 10. juni hadde direktør og rektor eit administrativt møte med departementet, etter at departementet hadde teke kontakt og bede om det.

— Styret vedtok ei presisering av at det er styreleiar som har fullmakt til å forhandla i IDF, seier rektor Odd Helge Mjellem Tonheim til Khrono.

— Er det direktør som vedtek kva stillingar som skal lysast ut?

— Direktør har alle fullmaktene sine. I IDF har tillitsvalde moglegheit til å koma med innspel når det gjeld løn. I tillegg ligg det i hovudavtalen i staten at nye stillingar, som ikkje ligg inne i budsjettet, skal forhandlast om i IDF.

— Kva konsekvensar får det for høgskulen dersom Forskerforbundet no ikkje ønskjer å forhandla om noko så lenge direktør står i stillinga si?

— Det har eg ingen kommentar til.

— Sabotasje

I saksframstillinga frå høgskulestyremøtet 18. juni heiter det at «så lenge det er uklart om direktør vil forhalda seg til det som vert drøfta og forhandla fram i IDF etter avtaleverket i staten (Hovudtariffavtalane og Hovudavtalen) vil deler av den daglege drifta ved HVO stoppe opp».

Tafjord seier at Forskerforbundet lenge har vore usamd i prioriteringar direktøren gjer, og at det er noko av grunnen til at dei no ikkje vil forhandla om løn og tilsetjingar.

— Me meiner ein må gjera gode og kvalifiserte vurderingar før ein bestemmer kva stillingar som vert lyst ut og kva løn medarbeidarar og leiarar skal ha. Det synest me ikkje direktør gjer, seier Tafjord. 

— At direktør også vel å ikkje forhalda seg til drøftingar og forhandlingar i IDF ser me på som sabotasje av partssamarbeidet.

Tillit til styreleiar

Ingen av fagforeiningane møter for tida høgskuledirektøren.

— Me støttar fullt ut rektor som arbeidsgivarrepresentant. Som styreleiar er det han som er med på drøftingane, seier Torbjørg Bakke, leiar i Utdanningsforbundet ved Høgskulen i Volda.

— Er de samde med Forskerforbundet i at ein ikkje skal forhandla noko så lenge direktør sit i stillinga si?

— Alle organisasjonane som sit i IDF har vore samstemte gjennom denne prosessen. Når det gjeld å forhandla så lenge direktør sit i stillinga si, har Utdanningsforbundet tillit til at styreleiar, som er arbeidsgivar sin representant, brukar si mynde til å binda høgskulen i drøftingar og forhandlingar med arbeidstakarorganisasjonane, dersom det vert naudsynt.

Ikkje lønsforhandlingar

Då Khrono møtte representantar for fagforeiningane i Volda i vår, var dei uroa over om dei kom til å få gjennomført forhandlingar før dei ordinære lønnsforhandlingane til hausten. 

Dei såkalla 2.5.3-forhandlingane, forhandlingar på særskilt grunnlag, har venta heilt sidan i fjor haust.

— Forhandlingar knytt til å rekruttera eller halda på folk, har me fått gjennomført. Men resten av 2.5.3-forhandlingane knytt til kriteria i Hovudtariffavtalen, ventar framleis. Det har vore fleire forsøk på å gjennomføra desse, men direktør si innblanding i prosessane har hindra vidare framdrift, seier Tafjord.

Khrono har sendt spørsmål på e-post til direktør Emblem direkte og gjennom advokaten hennar, men har ikkje fått svar på desse.

Powered by Labrador CMS