språk

Nynorskbastion får tyn. «Åtte språkfeil på tre setningar»

Rektor lovar å rette feil etter mobilisering frå språknerdar på Vestlandet. Men det rår tvil om komma.

Finn minst åtte feil! Dette skiltet har Høgskulen på Vestlandet sett opp utanfor campus i Sogndal for å ære tidlegare statsråd Kjell Bondevik.

«På tre setningar klarer denne institusjonen, som på Campus også utdannar lærarar, å gjere inntil åtte språklege feil om vi legg korrekt nynorsk/norsk til grunn», skriv Rune Timberlid på Facebook.

Timberlid, mellom anna kjend som krimforfattar, tidlegare journalist og kommunikasjonssjef, har sett seg lei på eit skilt Høgskulen på Vestlandet har plassert på Campus Sogndal. Skiltet er sett opp for å markere «Kjell Bondevik-plassen».

«Eit par av feila er diskutable. Det står til dømes at Kjell Bondevik var statsråd «frå 1965-1971». Eg meiner det skal stå «frå 1965 til 1971», skriv Timberlid vidare, utan at det endrar inntrykket av at skiltet er ein aldri så liten språkleg skandale.

Rune Timberlid

— Dette er ikkje verdas undergang, og innlegget er uhøgtideleg meint. Men ein institusjon som Høgskulen på Vestlandet bør sørge for å skrive korrekt norsk på eit skilt som er plassert i det offentlege rom. Slik sett er det ein alvorleg undertone i dette, seier Timberlid til Khrono.

Etter at han posta innlegget, har han funne ein feil til, kanskje to, og er dermed oppe i minst ni.

Komma, punktum

Timberlid har blant anna registrert at det manglar ein bindestrek, eit ord og ein bokstav i teksten, i tillegg til rot med teiknsetjing. Dessutan står det «Norge», og ikkje «Noreg», som er den offisielle rettskrivinga på nynorsk.

På Facebook-tråden fekk Timberlid raskt respons frå andre, til dels sjølverklærte språknerdar, som konstaterte dei same feila. Men to ting er ikkje lett å få tak på, sjølv for dei språklærde og -interesserte: komma og samsvarsbøying.

«det er ingen kommafeil i denne teksten. Men dei burde ha brukt eit par punktum ekstra», synsar Georg Arnestad, som har 38 års fartstid bak seg som akademikar ved høgskulen.

Bruk av komma er samstundes eit spørsmål om skjønn i dette tilfellet, og dersom ein liker komma betre enn punktum, og vel å bruke det, som her, er den mest opplagde feilen på skiltet eit manglande komma mellom to samanbunde hovudsetningar i teksten, påpeikar ein annan, som har bakgrunn som norsklærar.

Lagt/lagd flat

Verre er det med samsvarsbøyinga.

Norsklæraren går først hardt ut og slår fast at samsvarsbøyinga er feil. Der står det « … grunnlaget for distriktshøgskulane vart lagt», og ikkje lagd, som han først meiner det bør stå. 

Men norsklæraren legg seg «flat», etter at endå ein tidlegare tilsett på høgskulen kastar seg på og konstaterer følgjande:

«Einig i at det er mykje rart her. Men at «grunnlaget vart lagt» er rett. Her snakkar me om perfektum partisipp av «leggja», og då skriv me «lagt» når me viser til eit inkjekjønnsord (=eit grunnlag)».

— Ikkje godt nok

Ikkje lenge etter at samsvarsbøyinga er på plass, kjem rektor sjølv, Gunnar Yttri, på banen (ingen har så langt har kommentert kommafeil i innlegget hans).

Rektor ved Høgskulen på Vestlandet, Gunnar Yttri, vil rette opp i skiltfadesen.

«Dette er ikkje på nokon måte godt nok frå vår side og eg skal sjå til at det vert retta opp i. Me treng tydleg skilting og me treng godt språk».

— Er det pinleg for Høgskulen på Vestlandet at de set opp eit skilt med så mange feil i, Gunnar Yttri?

— Eg har svart på fjesboka. Dette er ikkje godt nok frå vår side. Vi treng å rette opp i dette. Vi treng tydleg skilting og godt språk. Som nasjonal og internasjonal høgskule treng vi korrekt skilting på både nynorsk og engelsk. Det vil eg sjå til at kjem på plass, seier Yttri til Khrono.

— Norsk er ikkje lett

Rune Timberlid synest det kan vere særleg god grunn til at ein offentleg institusjon som Høgskulen på Vestlandet bør passe på nynorsk rettskriving. Men slurv, feil og slett språk er eit generelt problem, meiner han.

— Dessverre ser dårleg språk ut til å vere eit teikn i tida. For eksempel er det til tider deprimerande å lese norske aviser. Det er mykje dårleg språk, både på bokmål og nynorsk.

Timberlid seier at han ikkje er nokon språk- eller nynorskaktivist, og han har skrive mykje på både nynorsk og bokmål, mellom anna som journalist i Aftenposten. Og han innrømmer at han for lenge sidan har gitt opp å få full kontroll på kommareglane.

— Norsk er ikkje lett om du skal skrive det perfekt. Men eg er forundra over at eit offentleg organ kan ha ståande ein slik plakat utan at openberre feil blir retta opp — og ikkje minst at tilsynelatande ingen bryr seg, seier han.

Slik vil Timberlid rette teksten på skiltet: 

Kjell Bondevik (1901—1983) var kyrkje- (strek) og undervisningsminister i Noreg (nynorsk) frå 1965 til (må ha med til her) 1971. (punktum) I desse åra vart høgare utdanning i Noreg (nynorsk) mykje endra, (komma) og grunnlaget for distriktshøgskulane vart lagt. Kjell Bondevik var fødd på Leikanger, (komma) og hadde barndomsåra der i (bokstav vekk) og i Sogndal. (punktum)  

Powered by Labrador CMS