Høgskulen i Volda

Sender oppseiing vidare til departementet

Styret ved Høgskulen i Volda omgjorde ikkje vedtaket om å seia opp høgskuledirektøren. No hamnar saka i Kunnskapsdepartementet.

Høgskulestyret vedtok samrøystes å ikkje gjera om vedtaket om å seia opp høgskuledirektør Ann-Kristin Emblem. Dette biletet er frå det ordinære styremøtet i mai. Bjørn Gunnar Tafjord, nummer to frå høgre, er inhabil i oppseiingssaka og deltok difor ikkje i det ekstraordinære styremøtet.

I styremøte 22. april vedtok styret ved Høgskulen i Volda å seia opp høgskuledirektør Ann-Kristin Emblem. Som Khrono har skrive før, vart det i varselet om oppseiing peika på mellom anna «manglende etterlevelse av varslingsrutiner, manglende oppfølging av styresaker, manglende oppfølging av øvrige arbeidsoppgaver, og manglende oppfølging av drøftingsplikten». 

Det vart òg peika på at samarbeidsklima og ivaretaking av organisasjonen er ein del av direktøren sitt ansvar, som øvste leiar.

Som Khrono òg har skrive, klaga direktøren på vedtaket om å seia henne opp. Til lokalavisa Møre-Nytt sa ho at ho reagerte på høgskulen si sakshandsaming.

No hamnar saka hos Kunnskapsdepartentet. Eit samrøystes høgskulestyre har vedteke at dei ikkje vil ta klagen frå Emblem til følgje.

Brukte nesten ei veke

Styremøtet der saka vart handsama, gjekk av stabelen 7. juni om ettermiddagen. Khrono var i kontakt med høgskulen måndag 10. juni, og fekk beskjed om at det då førebels ikkje eksisterte noko vedtak. 

Først torsdag 13. juni fekk redaksjonen dette.

— Kvifor tok det så mange dagar å fatta eit vedtak?

Professor Silje Louise Dahl har fungert som styreleiar i saka mot høgskuledirektøren.

— Me vil ikkje gå inn i detaljar, men styret brukte den tida som var naudsynt for å gå grundig gjennom saka og koma fram til vedtak, skriv Silje Louise Dahl i ein sms til Khrono.

Ho er styremedlem, og har i denne saka fungert som styreleiar. Rektor Odd Helge Mjellem Tonheim er inhabil, sidan han er ein av fleire som har levert varsel mot Emblem.

Ifølgje Statsansatteloven er det Kunnskapsdepartementet som er klageorgan i saker som handlar om mellom anna oppseiing. 

Kunnskapsdepartementet opplyser i ein e-post til Khrono fredag at dei nettopp har teke imot Emblem sin klage.

— Me må setja oss inn i saka før me kan seia noko om sakshandsamingstida, heiter det i e-posten.

Dersom departementet stadfestar høgskulen sitt vedtak, er det ikkje fleire klagemoglegheiter. Men ein kan likevel ta arbeidsgivar til retten.

Peikar på dårleg samarbeid

Direktøren har seks månaders oppseiingstid og er framleis i jobb. Ho står som sakshandsamar til fleire av sakene som skal opp i styremøte neste veke.

Nettopp samarbeid med styret er noko av det som vert trekt fram i den utvida protokollen frå møtet der styret vedtok å seia Emblem opp. Her heiter det at styret legg til grunn av Emblem, med forsett, har late vera å orientera styret om viktige saker og at ho har motsett seg orientering av styret etter direkte og gjentekne oppmodingar om dette frå rektor.

Som Khrono har skrive, var både styret og rektor svært kritiske til direktøren si handsaming av saka som handlar om samarbeid mellom høgskulen og Sunnmøre kulturnæringshage.

Khrono har ikkje lukkast i å få ein kommentar frå Emblem eller advokaten hennar. Då det vart kjent av ho klaga på høgskulestyret si avgjersle sa ho til Møre-Nytt at høgskulen sine rutinar for handsaming av varsel og klage på ulike forhold ikkje var følgt i dei ulike sakene mot henne. 

— Mange av klagene og påstandane er svært uklåre, og det har vore vanskeleg både å vita kva som ligg i det og å svara ut, sa Emblem.

Powered by Labrador CMS