Høgskulen i Volda

Departementet kalla rektor og direktør i Volda inn på teppet

Etter medieomtale av fastlåste konflikter ved Høgskulen i Volda ville Kunnskapsdepartementet vite korleis rektor og oppsagd direktør «sikrer ledelse av institusjonen».

Rektor Odd Helge Mjellem Tonheim og høgskuledirektør Ann-Kristin Emblem har varsla mot kvarandre. Her er dei saman i styremøte. Dei to møtte òg saman i møte med Kunnskapsdepartementet i juni i år.

I eit brev, datert 7. mai, skriv Kunnskapsdepartementet til Høgskulen i Volda at dei har fått orientering om at styret har vedteke å seia opp høgskuledirektør Ann-Kristin Emblem.

Fakta

Konflikta i Volda

  • I desember 2023 handsama høgskulestyret eit varsel mot direktør Ann-Kristin Emblem. Varselet handla om at ho skulle ha prøvd å stoppa eit forskingsprosjekt
  • Det vart vedteke at høgskulen skulle få ekstern juridsk hjelp, og konklusjonen frå advokatfirmaet var at direktøren hadde handla på ein måte ho ikkje burde. Samstundes fekk ho forståing for at ho meinte at ho burde vore informert
  • Konflikta handlar i hovudsak om samarbeidsproblem mellom øvste adminstrative og øvste faglege leiing ved høgskulen. Begge partar har levert varsel mot den andre
  • Det har òg kome varsel mot høgskuledirektøren frå fleire, mellom anna fagforeiningane
  • Høgskulestyret har òg handsama ei sak om samarbeid mellom høgskulen og Sunnmøre kulturnæringshage. Òg i denne saka har direktør fått kritikk frå styret
  • Høgskuledirektør Ann-Kristin Emblem vart sagt opp 22. april 2024, men står i jobb ut oppseiingstida, som er seks månader
  • Høgskulestyret hadde etterkvart ni ekstraordinære styremøte frå januar til juni 2024. Rektor Odd Helge Mjellem Tonheim var inhabil i oppseiingssaka. Det same var styremedlem Bjørn Gunnar Tafjord

«Vi viser ellers til at forholdene ved høyskolen har vært omtalt i media over tid. Departementet ser derfor behov for en orientering fra høyskolen, som del av den løpende styringsdialogen. Departementet ber styret gi en skriftlig redegjørelse for utfordringene, og hvordan styret nå organiserer og sikrer ledelse av institusjonen», skriv departementet i brevet, som er signert av ekspedisjonssjef Maria Tagmatarchi Storeng og konstituert avdelingsdirektør Charlotte Rustad.

Konfliktene i toppen av leiinga ved Høgskulen i Volda har gått føre seg over lenger tid.  7.mars i år sende rektor skriftleg varsel om direktøren, og to veker seinare sende direktøren eit brev med tittelen varsel/klage til Kunnskapsdepartementet. 

Fleire meiner det går føre seg ein maktkamp ved Høgskulen i Volda

Møte i juni

Styret bad om ekstern juridisk hjelp då høgskuleleiinga mottok eit varsel frå ein vitskapeleg tilsett før jul 2023. Førsteamanuensen meinte at høgskuledirektøren hadde prøvd å stoppa eit forskingsprosjekt, noko som han meinte var i strid med forskaren sin akademiske fridom.

Dette varselet vart starten på saka som enda med at høgskuledirektøren vart oppsagt av ei samstemd styre 22. april 2024. 

Konflikta mellom høgskuledirektør Ann-Kristin Emblem og vald rektor Odd Helge Mjellem Tonheim har vore omtala i fleire aviser. 

Og det er altså medieomtalen departementet viser til når dei ber om eit møte med dei to.

Møtet vart arrangert etter eit ordinært etatsstyringsmøtet 10. juni i år. Det var ekspedisjonssjef Storeng og konstituert avdelingsdirektør Rustad som representerte Kunnskapsdepartementet under dette møtet, får Khrono opplyst frå departementet. Statsråd Oddmund Hoel deltok ikkje.

Rektor Tonheim er ordknapp når han skal seia kva som var tema.

— Det var direktøren og eg som møtte representantar frå departementet.

— Har de vore innkalla til slike møte tidlegare?

— Nei.

Direktøren har levert klage

Rektor og styreleiar Odd Helge Mjellem Tonheim var inhabil i saka som enda med at direktøren vart sagt opp. 

Noko av grunnen til det, var at han er ein av dei som har sendt eit skriftleg varsel mot direktøren, som han sjølv er næraste leiar for.

 I varselet nyttar Tonheim omgrep som «hersketeknikkar» og «munnlege truslar», og skriv at situasjonen er så alvorleg at det går ut over nattesvevnen og at han gruar seg til å gå på arbeid.

Også høgskuledirektør Emblem har levert eit varsel eller rapport om det ho meiner er dei problematiske tilhøva ved høgskulen.

I eit brev til Kunnskapsdepartementet, med tittelen «Varsel / klage», som Khrono har fått innsyn i ein sladda versjon av, nyttar Emblem omgrep som «mobbing og trakassering» og «utestengt/ekskludert». Det går ikkje klart fram kven direktøren klagar på. 

«Nedverdigane handlingar»

Lokalavisa Møre-Nytt skriv at dei har fått tilgang til begge varsla, og at Emblem sitt varsel er stila mot rektor Tonheim. 

Direktøren meiner også andre administrativt tilsette er utsette for krenkande åtferd frå rektor og andre fagleg tilsette.

— Eg opplever at rektor, men også andre faglege og vitskaplege tilsette, viser nedverdigande haldningar, ved å jamleg audmjuka og til tider latterleggjera administrativt tilsette for sine faglege vurderingar, skriv direktør Emblem, ifølgje Møre-Nytt.

Ho skriv òg at ho har bede rektor om å stoppa trakasseringa, men at rektor ikkje følgjer opp.

Rektor skriv i sitt varsel at direktøren går frå møte i harnisk. Direktøren meiner på si side at rektor er konfliktsky og «konsekvent ikkje tek avgjerder som er naudsynte».

Usemje om kven som skal forhandla

I det skriftlege svaret frå høgskulen til Kunnskapsdepartementet, som vart sendt 16. mai, heiter det at oppseiinga av direktøren skjedde etter at styret har vorte kjent med fleire konfliktsituasjonar og utfordringar som gjeld leiinga av høgskulen. 

Det heiter òg at sentralt i saka var kompetansedeling mellom rektor og direktør.

I brevet til departementet skriv styret at direktør Emblem står i stillinga si ut oppseiingstida på seks månader, noko som betyr at ho ikkje vil slutta før 1.november 2024. Det betyr at ho i utgangspunktet har alt ansvar og alle fullmakter som ligg til denne stillinga.

Men det er eitt unntak. 

Mistillit frå fagforeiningane

Fagforeiningane ved høgskulen varsla mot direktør og har samrøystes sagt at dei ikkje kjem til å møta i informasjons- og drøftingsutvalet (IDF) så lenge direktøren møter der. 

I eit ekstraordinært styremøte 21. mars gjorde styret vedtak om å mellombels trekka tilbake høgskuledirektøren sitt delegerte mynde til å vera arbeidsgivarrepresentant ved drøftingar og forhandlingar med arbeidstakarorganisasjonane. 

Sidan den gong er det rektor/styreleiar Tonheim som har vore arbeidsgivarrepresentant i partssamarbeidet.

I styremøtet 18. juni var det oppe ei ny sak om partssamarbeidet. Den vart lagt fram av styreleiar, sidan direktør ikkje ønska å gjera det, heiter det i saksframstillinga Khrono har fått innsyn i. 

Veka før styremøtet hadde direktøren varsla at ho meiner at styrevedtaket frå 21. mars er i strid med Universitets- og høgskolelova.

Klagen er hos departementet

I dei same sakspapira vert møtet med departementet nemnd. 

Her heiter det at direktør ville venta med å få avklart partssamarbeidet til referatet frå møtet er klart. 

Rektor si vurdering er at Kunnskapsdepartementet generelt er opptekne av om den daglege leiinga fungerer og at den daglege drifta knytt til utdanning, forsking og samfunnsoppdraget elles fungerer.

Departementet opplyser i ein e-post til Khrono at på bakgrunn av medieomtalen såg departementet behov for ei orientering frå høgskulen, som ein del av den løpande styringsdialogen. 

«Det fikk vi i et administrativt møte med høgskolen».

Uroa over omdømmet

I svaret frå høgskulen peikar dei på at det dei siste åra har vore fleire saker frå Høgskulen i Volda som har fått omtale i media. 

Khrono og andre medium, har mellom anna skrive om at høgskulen har fått pålegg frå Arbeidstilsynet og om at ein tidlegare mediedekan vart forsøkt omplassert, mot sin vilje.

Desse sakene kan totalt sett gi eit samla inntrykk som er uheldig for høgskulen sitt omdømme, skriv styret.

— Tonheim, burde de ikkje klara å løysa sakene internt?

— Omdømmemessig er det ikkje ein god situasjon for høgskulen, og det er noko me må jobba med. Eg opplever at dette òg er noko styret er opptekne av, seier rektor.

Visste ikkje om varsel

Khrono har ikkje lukkast i å få ein kommentar frå høgskuledirektør Emblem. Til Møre-Nytt seier ho at ho ikkje vil kommentera varselet ho sjølv har skrive.

Rektor Tonheim skriv i ein e-post til Khrono at han ikkje var kjent med at det ligg føre eit varsel frå direktør før media tok kontakt om det.

— Eg kjenner meg ikkje att i påstandane knytt til dette varselet som media presenterer, skriv han.

Direktør Ann-Kristin Emblem har klaga på oppseiinga

Det er Kunnskapsdepartementet som er klageinstans, og ingen i departementet ønskjer å kommentera verken innhald, vidare prosess eller tidsplan for handsaming av klagen.

Powered by Labrador CMS