Debatt ● Lovise Aalen

Europa-tildelingar: Relevans for kva og for kven?

Pernille Rieker si kritikk av Europa-tildelinga står fram som eit klagemål frå ein forskar som ikkje fekk pengar. Men det bør likevel ikkje forhindre oss i å rette eit felles fokus mot NFR sin prosess rundt vurdering av relevans.

CMI har også vore uroleg for korleis Forskningsrådet vurderer relevans. — Praksisen gjer at det berre er dei prosjekta som kjem over ein viss karakter frå dei faglege panela som kjem til relevansvurdering, skriv forfattaren.
Publisert Sist oppdatert

Denne teksten er et debatt­inn­legg. Inn­holdet i teksten uttrykker forfatterens egen mening.

NUPI-forskar Pernille Rieker stiller i sin kronikk i Khrono den 17. oktober spørsmål til Forskingsrådets vurdering av relevans når dei skal avgjere kven som får midlar til forsking. Ho stiller seg undrande til at den siste tildelinga under Europa og Russland-utlysingane finansierer forsking på det ho meiner ‘har lite med Russland og EU å gjøre’. 

Eg og mitt team var ein av dei heldige som fekk finansiering under Europa-utlysinga denne gongen, på eit av prosjekta Rieker ser på som ‘utenfor kjernen av det utlysingningen spør etter’. Dette inviterer sjølvsagt til eit motsvar, fordi vi meiner prosjektet vårt i høgste grad er relevant for utlysinga, og for utfordringar både Noreg og EU står overfor. Hennar kritikk av tildelinga står fram som eit klagemål frå ein forskar som ikkje fekk pengar.

Men det bør likevel ikkje forhindre oss i å rette eit felles fokus mot NFR sin prosess rundt vurdering av relevans, som vi begge deler ein viss uro for.

Prosjektet vårt adresserer eit fenomen som både norske og europeiske politikarar og byråkratar har hatt på agendaen dei siste åra: korleis innvandrargrupper i Europa er mål for transnasjonal undertrykking frå statar dei har opphav i. Dette har konsekvensar både for desse gruppene sine rettar til fri politisk deltaking i Europa og for europeiske samfunn. Vi skal studere politisk mobilisering og undertrykking blant eritrearar i Noreg og Sverige. 

Forskingsfokuset er aktualisert gjennom hendingar i Bergen i september 2023, der valdelege samanstøyt mellom ulike eritreiske grupperingar førte til ein av dei største politiaksjonane på Vestlandet i seinare tid. Liknande episodar har funne stad mellom anna i Sverige og Nederland. For politi og etterretning er dette ei klar tryggingsutfordring som kan krevje store ressursar også i framtida. Transnasjonal undertrykking er nemnt som ei aukande utfordring i nasjonal trusselvurdering i 2024. 

EU har eit sterkt fokus på utanlandsk informasjonsmanipulering og påverknad (...), og ser på diasporagrupper i Europa både som aktørar og offer i dette spelet.

Lovise Aalen

Forskinga vår famnar difor om behovet for ei betre forståing av viljen til å ta i bruk valdelege verkemiddel i visse miljø, spegla i den norske handlingsplanen mot radikalisering og valdeleg ekstremisme. Forskinga vår kan også spele inn i arbeidet med ein mogeleg nasjonal handlingsplan mot transnasjonal undertrykking, som vart diskutert i Stortinget i oktober 2023 og mars 2024 og som er motivert av den spesielle situasjonen for eritrearar i Noreg. 

Vi svarar også direkte på eit av nøkkelområda identifisert i NFRs porteføljeplan for global utvikling og internasjonale relasjonar; samfunnstryggleik og samhald i ei globalisert verd, og eit ynskje om forsking som kan gje betre forståing for korleis samhald og tillit kan verte svekka av ekstern innblanding. Denne porteføljeplanen ligg til grunn for utlysinga som vi søkte på.

Men kva har dette med EU og Europa å gjere, spør du sikkert. 

Rieker peikar i kronikken på at forskingsmiljøa som ikkje fekk pengar frå NFR i denne omgang (seg sjølv?), har lukkast i å få EU-finansiering i internasjonal konkurranse med andre. Ein kan difor tolke det dithen at ho meiner at forskarane som faktisk fekk NFR-pengar, på det ho ser på som EU-irrelevante tema, ikkje ville nådd opp internasjonalt. 

Vel, i vårt tilfelle er det ikkje slik. Eritrea-prosjektet vårt er knytt opp mot eit EU Horizon-finansiert prosjekt som eg leier frå CMI. Så det er altså ingen tvil om at vårt forskingsmiljø også når fram i den internasjonal konkurransen. Dette prosjektet handlar om korleis autoritære regimer driv informasjonsmanipulering og -påverknad i Europa. Her ser vi på korleis Kina, Russland, Etiopia og Rwanda bruker undertrykking av informasjon som ein del av utanrikspolitikken, spesielt opp mot sine diasporagrupper i Europa. 

EU har eit sterkt fokus på utanlandsk informasjonsmanipulering og påverknad (Foreign Information Manipulation and Interference — FIMI), og ser på diasporagrupper i Europa både som aktørar og offer i dette spelet. Medan Horizon-prosjektet skal sjå spesifikt på informasjonsundertrykking frå dei fire regima, har Eritrea-prosjektet fokus på transnasjonal undertrykking i breiare forstand, inkludert informasjonsundertrykking.

Vi oppfordrar NFR til å sikre at det er ein samanheng mellom det ekspertpanela vurderer som samfunnsmessige effektar og det som administrativt vert vurdert som relevans.

Lovise Aalen

EU si finansiering av vårt fokus på Etiopia og Rwanda, i tillegg til dei openberre tilfella som Kina og Russland, viser at autoritære statar i det globale sør, slik som tilfellet Eritrea, vert sett på som relevante for kva som går føre seg i Europa. NFR-utlysinga bad om kunnskap om dei utfordringane Europa møter med omsyn til mellom anna tryggleik og global påverknad, og kva dette har å seie for norsk politikkutforming. Noreg, som EU, har identifisert utanlandsk påverknad og transnasjonal undertrykking som slike utfordringar. 

Prosjektet vårt vil bidra til at funna i Horizon-prosjektet vert relevant for framtidig norsk politikkutforming, også i diskusjonar om korleis norsk politikk skal forhalde seg til europeisk politikk på området.

Så til problemet som Rieker peikar på i slutten av innlegget sitt: at dei faglege ekspertpanela i NFR ikkje vurderer relevans i prosjekta, men at dette vert vurdert administrativt i etterkant. 

CMI, som eit forskingsinstitutt som vanlegvis scorar høgt på relevans i si forsking, har også vore uroleg for denne praksisen. Berre dei prosjekta som kjem over ein viss karakter frå dei faglege panela kjem til relevansvurdering. Det vil seie at prosjekt som kan vere svært relevante for utlysingstekst likevel kan utelukkast frå relevansvurdering, og at ein difor kan gå glipp av forsking som svarer godt på det NFR og løyvingane frå UD eller andre departement spør etter på dette feltet. 

Det må likevel leggast til at ekspertpanela vurderer ein faktor som ligg nært opp til relevans: samfunnsmessige og vitskapelege effektar av prosjektet, og om planlagde resultat er eigna til å møte viktige samfunnsutfordringar. I den endelege avgjerda om kven som får pengar skal porteføljestyret også vurdere prosjekta opp mot porteføljeplan. 

Vi deler ikkje Rieker si vurdering av at vårt prosjekt manglar relevans for den aktuelle utlysinga, men på eitt viktig punkt er vi einige: Vi oppfordrar NFR til å sikre at det er ein samanheng mellom det ekspertpanela vurderer som samfunnsmessige effektar og det som administrativt vert vurdert som relevans, og at begge forheld seg til utlysingstekst og porteføljeplan.

Powered by Labrador CMS