Debatt ragnhild lied

Er elevane godt nok førebudd til å studere?

Ein fjerdedel av alle studentane fell frå studiane. Det er på tide å ta debatten om krava vi må sette til elevane som vil studere vidare på våre universitet og høgskular.

Ansvaret for gode overgangar ligg hos både vidaregåande skular og i høgare utdanning. Høgare utdanning må formidle tydeleg kva studiane krev av forkunnskapar, skriv Unio-leiar og leiar for Lied-utvalet, Ragnhild Lied..

Denne teksten er et debatt­inn­legg. Inn­holdet i teksten uttrykker forfatterens egen mening.

Generell studiekompetanse skal kvalifisere til studiar i høgare utdanning. Universitet og høgskular skal utdanne, forske, formidle og drive fagleg og kunstnarisk utviklingsarbeid på høgt internasjonalt nivå. Det må vere store krav til den utdanninga som skal førebu unge og vaksne til studiar.

Men kva skal til for å nå best mogleg studiekompetanse? Det er to sentrale spørsmål vi må stille.

Det viktigaste er å finne løysingar som gjer at unge og vaksne ikkje startar utdanningar dei ikkje har føresetnader til å klare å fullføre.

Ragnhild Lied, Unio-leiar og leiar for Lied-utvalget

For det første: Er elevane godt nok førebudd til å studere etter vidaregåande opplæring? Svaret frå Liedutvalet var tydeleg; vidaregåande skule må bli betre til å ruste elevane for studiar.

Elevane manglar kompetanse i å lese og skrive akademiske tekstar, dei treng meir generell kompetanse som sjølvstende, kritisk sans, det å lære å lære, og det å skilje strukturar og metodar i ulike fag frå kvarandre. Etter to år med pandemi og tre årskull ferske studentar utan eksamenserfaring frå vidaregåande skule, er det større grunn ein nokon gong til å stille dette spørsmålet.

Om lag 40 prosent av studiane har spesielle krav i tillegg til generell studiekompetanse. Dette meiner eg er eit tydeleg signal om at generell studiekompetanse har fått mindre verdi. Er det ei slik utvikling vi ønskjer oss?

Det andre spørsmålet er om dei alternative vegane til studiekompetanse er gode nok for dei krava høgare utdanning set? Denne problemstillinga er Opptaksutvalet inne på når dei spør om vi har for mange alternative vegar til studiekompetanse.

Eit godt og viktig spørsmål, men dessverre har vi for lite kunnskap til å kunne svare godt nok på det spørsmålet. 23/5-regelen, Y-vegen og realkompetanse er svært ulike ordningar, og eg trur ikkje det er lurt med noko quick-fix-løysing. Derfor har Unio i sitt innspel til utvalet ikkje anbefalt å fjerne ordningane før vi har tatt ein grundig debatt og fått meir kunnskap.

Vi må ha meir forsking på samanhengen mellom vidaregåande opplæring, overgangar og gjennomføring i høgare utdanning. Vi veit noko om samanhengen mellom karakterar og gjennomføring, men ein kunnskapsoppsummering utført av Kunnskapssenter for utdanning (UiS) viser at årsaker og samanhengar er meir komplekse enn som så.

Ein fersk rapport frå SSB viser at 1 av 4 som begynte på ei universitets- eller høgskuleutdanning i 2012, fall frå studiet. Fråfall i rapporten vart rekna som at studenten hadde vore borte frå høgare utdanning i eitt år eller meir. Rapporten konkluderte med av 7 av 10 som fall frå, aldri fullførte med ein grad frå universitet eller høgskule.

Det vil alltid vere nokon som fell frå studiar, men i ei tid då alle delar av arbeidslivet har eit stort behov for kompetanse, må vi spørje korleis vi kan sikre dei gode hovuda i både fagutdanningane og i høgare utdanning.

Ansvaret for gode overgangar ligg hos både vidaregåande skular og i høgare utdanning. Høgare utdanning må formidle tydeleg kva studiane krev av forkunnskapar.

Eg trur at eit godt samarbeid og samspel mellom vidaregåande opplæring og høgare utdanning er eit viktig første steg på vegen. Liedutvalet anbefalte formelle råd for å sikre denne dialogen. Vidaregåande opplæring og høgare utdanning kan saman finne løysingar som kvalifiserer og ruster fleire til høgare utdanning.

Det viktigaste er å finne løysingar som gjer at unge og vaksne ikkje startar utdanningar dei ikkje har føresetnader til å klare å fullføre. Det er dyrt både for den enkelte og for samfunnet. Då er det betre å legge til rette for at flest mogleg blir godt nok studieførebudd.

Les også:

Følg fleire debattar i akademia på Khronos meiningsside

Powered by Labrador CMS