Endelig mandag. åsne høgetveit

Eg ynskjer meg betre digital­isering i 2022

— For oss som har ivra for auka bruk av informasjonsteknologi og digitale verktøy kjennest det ofte ut som at utviklinga i sektoren vår går utfatteleg treigt. Men innimellom byksar det framover.

— For studentar og tilsette ved lærarutdanninga er det superviktig å ha tilgang til læremidla som vert nytta i skulen – både i praksis og som del av anna studiearbeid og forsking, skriv fyrstebibliotekar Åsne Høgetveit.

Fyrstebibliotekar, UiT Norges arktiske universitet

Er du av dei som riv deg i håret av å måtte rusle ned på biblioteket fordi boka du treng berre finns på papir – du treng berre eit par setningar – eller er det omvendt, surnar du av å måtte skrolle på skjermen framfor å bla i tidsskriftet? Kor ofte tenkjer du over korleis du får tilgang til artiklar, bøker, arkivmateriale og så bortetter, der du sit med datamaskina på kontoret ditt eller lesesalen?

Tenkjer du over den fysiske og digitale infrastrukturen, metadata og algoritmar, eller framforhandling av avtaleverk og lisensar som ligg til grunn for tilgangen din?

Ei nokså stor endring som trer i kraft 1.1.2022 er omlegginga til digital pliktavlevering av bøker frå Nasjonalbiblioteket.

Åsne Høgetveit, fyrstebibliotekar ved UiT Norges arktiske universitet

Det er berre eit par veker att av året 2021 – nok eit år som vart noko heilt anna enn eg og dei fleste andre vel såg føre oss at det skulle bli. Desember er liksom tida for både å sjå bakover og framover. Det vil seie sjå på handlingsplanar, årshjul og tilsvarande (som i større og mindre mon har vore nytta gjennom året) for å sjå på kva som har vorte gjort eller sett i gong, og så laga planar for 2022.

Der ein anten tenker ein skal køyre på og vera superambisiøse, eller at no skal ein vera meir edrueleg slik at ein ikkje får så dårleg samvit om eit år. Og, det er kanskje kjekt å gå litt gjennom arbeidsoppgåver, rutinar og planar innimellom.

Digitalisering har vore eit brennheitt tema dei siste åra, og det ser ut til at dette held fram i 2022. På forskingssida har det handla mykje om open tilgang til både publiserte forskingsresultat og -data, den vidgjetne Plan S, diskusjonar om kven det er som betalar for forsking og publisering.

På grunn av korona har digitalisering av utdanningane verkeleg skote fart. Men det har i nokre tiår vore mykje snakk om både fleksibilisering og tilgjengeleggjering, korleis me kan nytte digitale verktøy for å gjera utdanningane betre.

På sitt beste inneber digitaliseringa at fleire får tilgang til materiale som gjer forsking, utdanning og samfunnssamtalen betre. Men for å koma dit må me gjennom både prøving og feiling: omfattande prosessar for å finne ut kva som skal til av lovverk, avtaler, fysisk og digital infrastruktur.

For oss som har ivra for auka bruk av informasjonsteknologi og digitale verktøy kjennest det ofte ut som at utviklinga i sektoren vår går utfatteleg treigt. Men innimellom byksar det framover.

Ei nokså stor endring som trer i kraft 1.1.2022 er omlegginga til digital pliktavlevering av bøker frå Nasjonalbiblioteket. Det er eit arbeid som byrja i 2016, då den nye lova om avleveringsplikt for allment tilgjengelege dokument trådde i kraft, og som no altså er i sluttfasen.

Føremålet med lova er «å tryggja avleveringa av dokument med allment tilgjengeleg informasjon til nasjonale samlingar, slik at desse vitnemåla om norsk kultur og samfunnsliv kan verta bevarte og gjorde tilgjengelege som kjeldemateriale for forsking og dokumentasjon».

For oss på universitetsbiblioteka i Tromsø, Trondheim, Oslo og Bergen og Sametingets bibliotek i Karasjok inneber overgangen til digital pliktavlevering at me ikkje lenger får trykte eksemplar, av i praksis så godt som alt, av bøker gjeve ut på norske forlag, men at dei heller blir gjort tilgjengelege via nettsidene til Nasjonalbiblioteket.

Frå min ståstad på universitetsbiblioteket er eg interessert i å sikre studentar og tilsette så opne tilgangar som råd, slik at ei digitalisering i alle fall ikkje gjer tilbodet dårlegare.

Åsne Høgetveit, fyrstebibliotekar ved UiT Norges arktiske universitet

Det er sjølvsagt store føremonar med denne overgangen som eg vil tru dei fleste kan tenkje seg til. Men det inneber òg nokre ganske store utfordringar som me ikkje heilt veit korleis me best løyser.

Så lenge me fekk bøkene i papir vart desse katalogisert og sett ut i hyllene jamsides resten av bøkene våre. Det vil seie at alle som nyttar biblioteket har lik tilgang, anten dei er tilsette i slik eller slik stilling, studentar, eller andre som er innom. Alle får låne og lesa.

I avleveringslova er det heimla at bruken av bøkene skal vera knytt til «dokumentasjon eller forsking». Derfor må ein, for å få digital tilgang til materialet, signere på at det er innanfor ein slik bruk at ein ynskjer tilgang. Ein må sende søknad, som så vert godkjent før ein får ein tidsavgrensa tilgang.

Ein ting er at det ikkje er omtala kva dokumentasjon eller forsking inneber. Slik det vert praktisert i dag får til dømes studentar tilgang til bøker i samband med studiane sine, men om ein tolkar lova strengt er dette kanskje ikkje innanfor? Eg veit eigentleg ikkje.

Ei anna sak er korleis ein skal kunne kontrollere at bruken er innanfor, og dermed kan ein spørje seg kvifor ein i det heile legg opp til ein såpass krunglete prosess for å administrere tilgangen. Kanskje er tanken at prosessen inneber såpass mange klikk at det berre er dei som verkeleg vil ha tilgang som gidder å gå gjennom prosessen?

Ein tredje ting er tilgangen til resten av ålmenta som kanskje ikkje treng bøker til dokumentasjon eller forsking, men som til no har hatt god tilgang på bøkene.

Nok ei utfordring, som delvis handlar om pliktavleveringa, men kanskje i enno større grad handlar om overgangen frå papir til digitalt, er tilgangen til læremiddel for skulen.

For studentar og tilsette ved lærarutdanninga er det superviktig å ha tilgang til læremidla som vert nytta i skulen – både i praksis og som del av anna studiearbeid og forsking. Læremiddel har òg vorte levert gjennom pliktavleveringa, og i alle fall for vår del har det vorte sett ut på opne hyller i biblioteket.

Dei siste åra har det derimot skjedd ei nokså stor endring med at fleire og fleire forlag lagar både hybride og heildigitale læreverk for skulane. Av ulike grunnar, knytt både til pedagogiske omsyn og kommuneøkonomiske omsyn, tek stadig fleire skular i bruk digitale læreverk.

Forlaga som sel desse har laga lisensar som er retta mot skulesektoren. Desse lisensane er knytt til individuell tilgang, altså ganske avgrensa tilgangar. Forlaga har ikkje tenkt noko vidare på kva type tilgang eller lisens det er behov for på lærarutdanningane.

Frå min ståstad på universitetsbiblioteket er eg interessert i å sikre studentar og tilsette så opne tilgangar som råd, slik at ei digitalisering i alle fall ikkje gjer tilbodet dårlegare. Eg ser føre meg at me treng ei nasjonal koordinering av dette, ut frå kor mange lærarutdanningar og lærarstudentar me har.

Eg ynskjer meg absolutt meir digitalisering i 2022. Eller, kanskje det eg ynskjer meg er betre digitalisering. Det vil seie digitalisering som gjer viktig materiale meir tilgjengeleg.

Les også:

Følg flere debatter i akademia på Khronos meningsside

Powered by Labrador CMS