Endelig mandag. åsne høgetveit

Digital amputasjon av lærarstudentar

Landets om lag 20 000 lærarstudentane har ikkje god, lovleg tilgang til læremidla dei skal bruke ute i praksis og i studiane.

Fyrstebibliotekar, UiT Norges arktiske universitet

Det har skjedd ei nokså drastisk omlegging i grunnskule og vidaregåande skule dei siste åra, vekk frå trykte lærebøker over på digitale læreverk. Med innføringa av reforma Kunnskapsløftet 2020 (LK20) har utviklinga skote ytterlegare fart fordi læremidla då uansett måtte bli fornya.

Det er eit par openberre føremonar med dette: det er langt mindre omfattande å oppdatere digitale læreverk – til dømes når me skal byte til namnet Belarus på landet som har heitt Kviterussland til no.

I tillegg det er i mange tilfelle billigare for skuleeigarane, kommunar og fylkeskommunar, å nytte digitale læreverk. Det er med andre ord ikkje berre pedagogiske og didaktiske argument som styrer kva type læremiddel som vert bruka kring om i skulane.

Dessverre kan det verke som at dette skiftet frå trykt til digitalt materiale har skjedd utan at sentrale styresmakter heilt har fylgd med. Det fører med seg ei rekke problem i mange av ledda som skal nytte læreverka.

Tilsynelatande har forlaga og utviklarane av læreverka tenkt at dette er materiale berre lærarar og elevar treng tilgang til – og har laga strenge lisensar deretter.

For i motsetnad til ei trykt bok, som alle som fysisk er i nærleiken av henne kan nytte utan meir fiksfakseri anten dei er føresette eller lærarstudentar, så er det i mange tilfelle langt meir omfattande og i rettsleg grenseland å få tilgang til læreverk om ein ikkje er lærar eller elev.

Stort sett er lisensane til dei nye digitale læreverka veldig avgrensande og strenge, med personleg tilgang. Det gjer det ganske vrient når studentane kjem ut i praksis. Dei kan ikkje på lovleg vis låne pålogginga til andre, slik dei kunne låne ei trykt lærebok, og det er omfattande og dyrt å skulle opprette påloggingar til alle studentane.

I tillegg er det ikkje berre ute i praksis at lærarstudentar treng å kunne bruke læremiddel, det treng dei i samband med dei andre delane av studiane òg, som til dømes oppgåveskriving.

Dessverre kan det verke som at skiftet frå trykt til digitalt materiale har skjedd utan at sentrale styresmakter heilt har fylgd med.

Åsne Høgetveit, fyrstebibliotekar, UiT Norges arktiske universitet

Samanlikning av korleis ulike læreverk innom same fag omhandlar eit tema er ei rimeleg klassisk oppgåve på lærarstudiet. Til no har studentane hatt tilgang til trykte læremiddel på biblioteket. Å nytte desse har vore like gratis som alle andre bøker hjå oss. Men no stend me på biblioteket overfor ei kinkig situasjon.

Me arbeider av prinsipp for opne og tilgjengeleg materiale, kor hardt arbeider me ikkje for open vitskap! Me vil at vårt digitale materiale skal vera like tilgjengeleg som vårt trykte. Og me vil sjølvsagt ha ein like god tilgang til læremiddel for lærarstudentane som me har hatt til no.

Då eg fyrst vart merksam på problemet ringde eg eit av dei store forlaga, og snakka nok med ein relativt tilfeldig person i marknadsavdelinga deira. Det var tydeleg at dei ikkje hadde tenkt på 20 000 lærarstudentar og eit utal vitskapleg tilsette i høgre utdanning når dei har laga lisensar og tilgangsordningar.

Det ser i det heile ikkje ut til at nokon har tenkt på det før frustrerte studentar har gjeve tilbakemelding til lærarar og bibliotek. Kva slags marknadstenking driv dei med i forlaga? Tenk å oversjå denne viktige brukargruppa – den neste generasjonen lærarar!

Eg har dei siste månadane snakka med fleire om dette, og det ser ikkje ut til at nokon kan gjera greie for korleis dette kunne skje. Og ingen ser ut til å vita heilt kven det er som eig problemet og som har ansvar for å rydde opp.

Det eg aller helst ynskjer meg er tilgang via Feide-pålogging, slik me har til det meste anna av digitalt materiale som ikkje er ope. Det bør vera målet.

Les også:

Følg fleire debattar i akademia på Khronos meiningsside

Powered by Labrador CMS