Debatt ● Bror-Magnus S. Strand

Difor kan eg ikkje støtta streiken

Eg har venner og kollegaer i begge avtaleområda, og vil helst unngå å uttala meg i parolar om streiken til Unio og Akademikerne. Når eg likevel uttalar meg om grunnlaget for streiken og kvifor eg meiner han er usolidarisk, vil eg ta utgangspunkt i meg sjølv.

Smilende mann i blå skjorte, på en terrasse med utsikt over palmer og en landsby i fjellene
Eg støttar kravet om at utdanning skal løna seg i staten, skriv kronikkforfattaren. — Men dersom me held fram med to ulike tariffområde blir det derimot umogleg å få til nokon form for sosialt fordelande lønspolitikk, fordi mesteparten av lønsmassen blir låst til dei som allereie tener mest.
Publisert

Denne teksten er et debatt­inn­legg. Inn­holdet i teksten uttrykker forfatterens egen mening.

Eg meldte meg inn i NTL på ein stand på sommarleir som 19-åring, kanskje mest fordi eg då fekk ein veldig fin bag! Eg kan ikkje utelukka at eg hadde sete klar med ein gul vest dersom Forskerforbundet hadde kome dei i forkjøpet, men eg meiner det NTL står for stemmer godt overeins med mine eigne meiningar: eg har tru på fellesskapsløysingar og små skilnader. Eg har også aktivt takka ja til å sitja i styret lokalt ved UiT og vera plasstillitsvald for avdelinga.

For litt over eitt år sidan sa eg opp to halve stillingar der eg fekk bruka spisskompetansen min som ph.d. til fordel for ei stilling i fellesadministrasjonen. Løna var absolutt ein del av vurderinga, men fyrst og fremst andre tilhøve: midlertidigheit og dårleg regulert arbeidstid, mellom anna. Det blei for lite tid og for mykje uvisse og dårleg samvit i tilværet som småbarnsforelder. 

Eg opplever dei fire hovudorganisasjonane som samstemde på desse tinga: Det blir gjort for mykje ufrivillig ulønt arbeid mellom vitskapleg tilsette, det må gjerast noko med midlertidigheita i sektoren, og vilkåra for dei som er tidleg i forskarkarrieren må betrast. 

Det verkar som det rår ein lønspolitisk versjon av «not in my back yard» i staten: Me kan vera for små skilnader, men ikkje ved vår arbeidsplass.

Bror-Magnus S. Strand

Eg har meint det, når eg på ververundar har sagt til mine Forskerforbundet- og Akademikerne-kollegaer at «det viktigaste er no at du er organisert i alle fall». Når det kjem til løn, derimot, kjem ulikskapane klarare fram.

At ein er for streikeretten, gjer ikkje at ein må støtta ein kvar streik, uavhengig av grunnlag. Etter å ha følgd debatten har eg kome til at det er vanskeleg å støtta streiken til Unio/Akademikerne av følgjande grunn:

Streiken handlar ikkje primært om å ta igjen avstanden til privat sektor: Då måtte Unio/Akademikerne ha streika på ramma, som følgjer frontfaget i år. Det gjer dei eksplisitt ikkje.

Streiken handlar ikkje om lokale/sentrale eller prosentvise/kronevise tillegg: I avtala det blir streika mot blir alt fordelt prosentvis og mesteparten lokalt, motsett det LO ønskjer seg.

Streiken handlar ikkje om prinsippet om å få ha sin eigen tariffavtale: Den avtala Unio/Akademikerne streikar mot er nesten heilt lik den dei hadde. Om det er nokon som har mista tariffavtala si, så er det LO/YS.

Streiken handlar om at Unio/Akademikerne vil ha sitt eige tariffområdet og forhandla om løn utan LO/YS ved bordet — utan eit «sugerøyr» inn i lønsmassen deira, som leiar i Akademikerne kalla det. 

Akademikerne organiserer berre tilsette med mastergrad og for å vera medlem i Unio må du ha minst treårig utdanning, medan LO/YS organiserer alle tilsettgrupper, inkludert den minoriteten i staten som har lågare utdanning eller utdanning og kompetanse frå andre stader enn høgskular og universitet — ein kompetanse som har blitt verdsett mindre i kroner og øre. Dette gjer at snittløna for Akademikerne og Unio sine medlemmer er høgare enn hos LO/YS. 

Ramma blir gitt prosentvis, og kakestykket til Unio/Akademikerne er derfor større.

Unio/Akademikerne er også større enn LO/YS i medlemstal, både i staten og i dei fleste verksemdene og dei kan bruka kjøtvekta til å få gjennom sine krav i forhandlingar, jamvel med LO/YS ved bordet. Det har dei langt på veg fått til med det tilbodet dei streikar mot.

Eg støttar kravet om at utdanning skal løna seg i staten, og det er det fullt mogleg å sikra jamvel med fire likelydande tariffavtalar. Dersom me held fram med to ulike tariffområde blir det derimot umogleg å få til nokon form for sosialt fordelande lønspolitikk, fordi mesteparten av lønsmassen blir låst til dei som allereie tener mest. Det er usolidarisk. Det verkar som det rår ein lønspolitisk versjon av «not in my back yard» i staten: Me kan vera for små skilnader, men ikkje ved vår arbeidsplass.

Det å samstundes vera for mindre skilnader og støtta streiken til Unio/Akademikerne krev meir kognitiv dissonans enn eg har evne til.

Underteikna er plasstillitsvald ved UiT, men gir uttrykk for personlege meiningar i innlegget.

Powered by Labrador CMS