Debatt geir pollestad

Den nye vaktbikkja

Eg trur det vil tene forskinga og høgare utdanning at det ikkje gjeld eigne reglar for dei, skriv Geir Pollestad (Sp).

Forskings- og høgare utdanningsminister, Ola Borten Moe, får støtte frå partikollega og stortingsrepresentant Geir Pollestad for dei grepa som er tatt ovanfor Forskningsrådet.

Denne teksten er et debatt­inn­legg. Inn­holdet i teksten uttrykker forfatterens egen mening.

Diskusjonen om at statsråd for forsking og høgare utdanning, Ola Borten Moe, har kasta styret i Forskingsrådet er prinsipiell og inneheld korkje personleg drama, kjærleik eller sex – så den er difor ikkje så stort slegen opp i VG, Dagbladet eller NRK.

Saka i korte trekk: Forskingsrådet fordeler pengar til forsking i Noreg. Dei ligg under Kunnskapsdepartementet som peikar ut styret. Forskingsrådet har i år tildelt meir pengar enn dei har og ikkje minst har dei pådrege seg økonomiske forpliktingar i åra som kjem, som ligg fleire milliardar kroner over det som er løyva. Det har dei ikkje hatt heimel til å gjera.

Når nokon har løyva så mykje pengar i strid med reglane som gjeld, så får det konsekvensar. Difor har statsråd Moe kasta heile styret i Forskingsrådet, og sett inn eit nytt for å rydda opp. Slikt skaper reaksjonar – ikkje minst hjå dei som i stor grad er mottakar av desse pengane. Mellom anna rektorane ved universiteta våre.

Rektor ved NMBU Curt Rice meiner kastinga av styret i Forskingsrådet er ei komplett katastrofe for Noreg. Rektor ved UiO Svein Stølen skriv: «Dette handler om en tiåring med en kreftdiagnose skal leve eller dø.». Slik lite edrueleg argumentasjon frå personar i mektige posisjonar vitnar om at dei ikkje er vante med å få kritiske blikk på seg.

Faktum er at etter årevis med kunnskapsministrar som har vore som veskehundar for rektorane ved universiteta, så har dei no fått ei vaktbikkje.

Geir Pollestad, stortingsrepresentant (Senterpartiet)

Eg er ikkje i tvil om at forskinga er viktig, men det fritek ingen frå faktum at fellesskapet sine pengar skal styrast og brukast etter visse reglar. Mellom anna Grunnlova som legg oppgåva med å løyva pengar til Stortinget.

Korleis ville denne saka ha vore på eit anna fagfelt? Om til dømes Statens vegvesen var Forskingsrådet: Vegdirektøren har i 2022 med opne auge brukt meir pengar enn Stortinget har løyva. Samstundes er det sett i gang nye prosjekt som ein veit vil gjera at budsjetta dei komande åra sprekk med fleire milliardar. Pengar som ein må ta frå andre område.

Når ein så får ein smekk på fingrane – så kan ein forsvare seg med at nye vegar reddar liv og at det difor ikkje er så farleg. «Dette handlar om vaksne og barn i bil skal leva eller døy.» Sjølvsagt ville ikkje det ha vorte akseptert.

Ein skal ha respekt for fellesskapet sine midlar – det gjeld og i sektorar med mange mektige menneske. Eg trur det vil tene forskinga og høgare utdanning at det ikkje gjeld eigne reglar for dei.

Faktum er at etter årevis med kunnskapsministrar som har vore som veskehundar for rektorane ved universiteta, så har dei no fått ei vaktbikkje. Argumentasjonen vitnar om at dei ikkje er vante med å få kritiske blikk.

(Innlegget ble først publisert i Klassekampen)

Følg fleire debattar i akademia på Khronos meiningsside

Powered by Labrador CMS