Debatt ● Marit Knutsdatter Strand og Oddmund Hoel

Den nasjonale vendinga i kunnskaps­politikken står fast

Nyleg la regjeringa fram stortingsmeldinga om forskingssystemet, «Sikker kunnskap i en usikker verden». Meldinga stadfester og vidarefører den nasjonale vendinga i kunnskapspolitikken frå åra Senterpartiet styrte feltet, men kunne vore sterkare på det regionale perspektivet.

Spørsmålet om betre norskopplæring vil uansett presse seg fram, skriv forfattarane. — Her har Sp stått for ein meir framsynt politikk.
Publisert

Denne teksten er et debatt­inn­legg. Inn­holdet i teksten uttrykker forfatterens egen mening.

«Sigrun Aasland rydder ut etter forgjengerne i Senterpartiet» skriv Universitetsavisa, og fleire kommentarar til meldinga skapar inntrykk av eit politisk linjeskifte etter at Sigrun Aasland frå Ap overtok som statsråd. Det er det vanskeleg å få auge på i stortingsmeldinga. 

Under leiing av statsrådane frå Sp stod Ap/Sp-regjeringa gjennom tre år for ei markant nasjonal vending i forskings- og høgare utdanningspolitikken. Det er ikkje eit særnorsk fenomen, men noko ein ser i alle land i kjølvatnet av pandemien, Ukraina-krigen og deglobaliseringa av internasjonal politikk. 

Omsynet til eigne nasjonale interesser og samarbeidet med våre tryggingspolitiske allierte må i denne situasjonen vege tyngre også i forskings- og høgare utdanningspolitikken, som gjerne har vore prega av ein meir idealistisk internasjonalisme, iallfall retorisk.

Det lengste kapittelet i meldinga er talande nok «Forskningssikkerhet i en tid med økende internasjonal spenning». ‘Forskningssikkerhet/forskingstryggleik’ bør vere ein god kandidat i Språkrådet si nyord-kåring. Også forskingspolitikk dreiar seg i aukande grad og med tydelegare ordbruk om nasjonal tryggleik, nasjonal kontroll, nasjonale interesser og eit anna nyord: kunnskapsberedskap — altså ei sjølvforsyningstenking også på kunnskapsområdet. 

Meldinga samanfattar og vidarefører her alt arbeid som er gjort gjennom heile regjeringsperioden, inkludert sterkare vern om sensitive fagområde og initiativa for å få den sivile forskingssektoren meir inn i forsking med militær relevans. 

Arbeidet for norsk fagspråk var ei viktig sak for Sp i regjering, og alle andre språkstyrkingstiltak ser ut til å stå fast også etter at Sp gjekk ut. 

Eitt av punkta som har fått merksemd fordi det kan framstå som ei kursendring i høve til Sp, er studieavgifta for studentar utanfor EU/EØS/Sveits som Stortinget innførte i Sp si statsrådstid. Her vil regjeringa vurdere «innretningen av studieavgifts­ordningen», og statsråd Aasland har sagt at det òg gjeld nivået på avgifta utan at det står i meldinga. 

Det er eit fornuftig tiltak i den samanhengen det no skal gjerast. Ap-regjeringa har gjort det klart at studieavgifta skal vidareførast, og innretninga på avgifta skal vurderast heilt og fullt i ein kompetansepolitisk og ikkje bistandspolitisk kontekst, nemleg «den strate­giske tilnærmingen med å rekruttere og beholde internasjonale studenter og forskere som skal bidra til å dekke fremtidens kompe­tansebehov». 

Med andre ord: me må få tak i dei Noreg treng utan å opne for alle som har lyst. 

Målretta rekruttering av kompetanse det er behov for i norsk arbeidsliv, kjem til å bli stadig viktigare framover. Andre land er alt i gang med friskare tiltak enn Noreg, som i Danmark der dei no skal utdanne sjukepleiarar i India for å importere til Danmark. 

Det punktet i meldinga der Aasland har gjort seg mest populær i sektoren, er å fjerne det rimelege kravet om at utanlandske doktorgradsstipendiatar skal lære seg litt norsk på dei 3—4 åra dei er stipendiatar på norsk statsløn. Arbeidet for norsk fagspråk var ei viktig sak for Sp i regjering, og alle andre språkstyrkingstiltak ser ut til å stå fast også etter at Sp gjekk ut. 

Samstundes står regjeringa fast på å gjere ein større gjennomgang av innretning og kapasitet på doktorgradsutdanninga som vart annonsert av Sp i januar. Det er bra og på høg tid. 

Spørsmålet som meldinga reiser, er at ressursbruken på stipendiatstillingar (minst 9 milliardar kroner) neppe treffer særleg godt på kompetansebehova i norsk arbeidsliv. Ein del av biletet er at ca. halvparten av stipendiatane no er utlendingar, og halvparten av dei forlèt Noreg når dei har teke doktorgraden. «Det vil også være behov for å jobbe mål­rettet for å imøtekomme mangelen på doktor­gradsutdannede som kan sikkerhetsklareres,» heiter det i meldinga. 

Problemet har vore aukande fordi det har kome stadig fleire stipendiatar frå land Noreg ikkje har tryggingspolitisk samarbeid med. Når meldinga ramsar opp dei mange barrierane for utanlandske doktorgradskandidatar som skal ut i norsk arbeidsliv etter utdanninga, glimrar éin barriere med fråværet: norske språkkunnskapar. Det var eit vesentleg argument for at regjeringa med Sp i spissen innførte kravet om norskopplæring. 

Men når regjeringa no vil sjå på korleis doktorgradskandidatar kan gjere meir nytte for seg og få lettare innpass i norsk arbeidsliv, vil uansett spørsmålet om betre norskopplæring presse seg fram, så her har Sp stått for ein meir framsynt politikk.

Ein mangel i meldinga er det regionale perspektivet. Regjeringa sin «Strategi for å øke næringslivets investeringer i forskning og utvikling» frå april 2024 hadde ein analyse av den regionale skeivdelinga av forskingsinnsatsen og slo fast at dei næringsretta verkemidla skal vurderast ut frå korleis dei treffer næringslivet i ulike delar av landet. Det er det ingen spor etter i Ap si stortingsmelding, så her er det noko å ta tak i.

Men alt i alt er det gledeleg å sjå at stortingsmeldinga stadfester den nye realismen og den nasjonale vendinga i kunnskapspolitikken som Sp stod i spissen for.

Powered by Labrador CMS