Språk

Dei fleste bryt språklova. Men Høgskolen i Østfold lovar 25 prosent nynorsk neste år

NTNU, NMBU, OsloMet og Forskingsrådet får alle stryk av Språkrådet. Noregs musikkhøgskole får skryt for «markant oppgang » i bruk av nynorsk.

Lars-Petter Jelsness-Jørgensen, rektor ved Høgskolen i Østfold , har fått kritikk for svakt språkarbeid. No meiner han kravet om bruk av minst 25 prosent nynorsk ved institusjonen vil bli innfridd neste år. —Vi har jobba resolutt, seier han til Khrono.
Publisert Oppdatert

Språkrådets tilsyn med bruken av, og vekslinga mellom, bokmål og nynorsk i statlege organ viser at dei fleste universitet og høgskular heller ikkje i år oppfyller lovpålagde krav.

Blant verstingane er Noregs største universitet, NTNU, UiT Noregs arktiske universitet, OsloMet og Noregs miljø- og biovitskapelege universitet (NMBU). Ved NMBU er under fire prosent av innhaldet på nettsider, sosiale media og digitale skjema på nynorsk.

Fakta

Krav om veksling mellom bokmål og nynorsk

  • Språkrådet fører tilsyn med bruken av bokmål i dokument frå statsorgan i samsvar med lov om språk (språkloven), som tok til å gjelde frå 1.1.2022.
  • Tilsynet kartlegg om statsorgana oppfyller lovkravet om veksling mellom bokmål og nynorsk i allment tilgjengelege dokument, og om dei har alle skjema og digitale sjølvbeteningsløysingar på både bokmål og nynorsk, slik kravet i lova er.
  • Språkrådet gir også råd til statsorgana om korleis dei kan etterleve språklova.

Den nye språklova, som tok til å gjelde 1. januar 2022, skjerpar krava til språkarbeidet, og særleg minoritetsspråk. Blant dei er nynorsk. Kravet er minst 25 prosent nynorsk (og bokmål) i allment tilgjengelege dokument.

— Det ser ut til at mange manglar vilje til å prioritere språkarbeidet, og at dei ikkje forstår kvifor dei har denne oppgåva, seier direktør i Språkrådet, Åse Wetås, til Khrono.

— Det betyr i realiteten at dei utøver ein språkpolitikk som konkurrerer med den Stortinget har vedtatt. Ifølgje lova har heile offentleg sektor ansvar for å fremje nynorsk som det minst brukte norske skriftspråket. Dette ansvaret kviler særleg tungt på forskings- og utdanningssektoren, seier ho.

Østfold lovar nynorsk

I fjor var Høgskolen i Østfold blant dei som fekk kraftig ris frå Språkrådet.

Den gong forsikra rektor Lars-Petter Jelsness-Jørgensen at han ville «følgje opp med ansvarlege einingar så snart det er praktisk mogleg». I år skriv Språkrådet: «Tallene i rapporten viser at det ikke har skjedd noen utvikling overhodet siden sist vi var i kontakt med dere».

Språkrådets konklusjon er basert på innhausting av data frå nettsidene til institusjonen. Språkbruken i sosiale medium og digitale skjema og tenester er basert på eigenrapportering. Desse rapportane har Høgskolen ikkje levert, slik dei er pliktige til å gjere, ifølgje lova.

Dette er forklaringa på at det fortsatt ser så dårleg ut med vekslinga mellom nynorsk og bokmål, ifølgje rektor Jelsness-Jørgensen.

— Dessverre har dette svikta i samband med overføring av arbeidet frå ei einig til ei anna, seier rektoren.

Han seier høgskulen har skjerpa seg etter kritikken frå Språkrådet i fjor.

— Vår praksis er betydeleg betre no, seier han.

— Kva er betre?

— Vi har for eksempel gjort klare grep når det gjeld dokument som finst på sidemål og bokmål. Også med stillingsutlysingane har vi tatt grep, kvar tredje er på sidemål. Vi har også meir sidemål i sosiale media. Praksis er betre, men det har ikkje blitt synleggjort, fordi rapporteringa har vore for dårleg. Vi har jobba resolutt med dette.

— Kjem de til å nå kravet om 25 prosent nynorsk?

— Det trur eg vi skal kunne klare.

— Neste år?

— Ja.

NMBU: — Starten på ein plan

Det språklege mangfaldet nokre mil lenger nord, ved Noregs miljø- og biovitskapelege universitet (NMBU), imponerer heller ikkje Språkrådet.

«Svært alvorleg», og «ikkje bra nok», var prorektor og leiar for språkutvalet Solve Sundbøs kommentar etter tilstandsrapporten i fjor. I år viser tal frå Språkrådet at universitetet har hatt ein nedgang i bruken av nynorsk.

Med under fire prosent nynorsk i alle kanalar samla, hamnar universitetet igjen heilt i botnsjiktet.

«Studentene ved NMBU har språklige rettigheter som dere plikter å oppfylle», skriv Språkrådet i brev til NMBU. Nynorsk er blitt eit nær ikkje-eksisterande språk ved universitetet. På bildet rektor og språkprofessor Curt Rice i møte med studentar.

Tidlegare prorektor Solve Sundbø seier til Khrono at det blei innført fleire tiltak i fjor haust. Mellom anna vart ein språkpris oppretta. Men fordi Sundbø ikkje lenger leiar det språkpolitiske utvalet ved universitetet, viser han til den nye leiaren, kommunikasjonsdirektør Kenneth Vikse.

Vikse seier han ikkje har fått sett seg godt nok inn i arbeidet, fordi han er ny i jobben. Han seier vidare at kommunikasjonsavdelinga har hatt kurs i nynorsk og klarspråk, men han har ikkje oversikt over kor mange kurs dette dreier seg om, eller kor mange som har vore med.

Språkrådet etterlyser ein plan ved universitetet.

— Eg oppfattar at tiltaka som vart vedtatt i 2021 må kunne beskrivast som ein plan, eller starten på ein plan. Men tala frå Språkrådet tyder på at tiltaka så langt ikkje har hatt ønska effekt, seier Vikse.

Forskningsrådet sviktar

I Språkrådets oversyn er det i år som tidlegare år ein handfull institusjonar i vest som utmerkar seg med god balanse i bruken av nynorsk og bokmål: Høgskulen i Volda, Universitetet i Bergen og Høgskulen på Vestlandet.

Også Universitetet i Stavanger får skryt for god framgang. Der er nynorskprosenten no auka til 16.

— Dette er direkte knytt til at desse institusjonane har vedtatt språkpolitiske planar som blir følgde opp. Dei har ikkje berre planar, dei jobbar med språket. Ser du på mange i den andre enden, finn du at det er enkeltpersonar, entusiastar og miljø som tar ansvar ved sine avdelingar eller institutt — medan det står dårleg til andre stader. Dette er akkurat det vi åtvarar mot. Språkarbeidet må vere forankra i heile leiarlinja, seier Wetås.

— Ifølgje lova har heile offentleg sektor ansvar for å fremje nynorsk som det minst brukte norske skriftspråket. Dette ansvaret kviler likevel særleg tungt på forskings- og utdanningssektoren, seier direktør i Språkrådet, Åse Wetås,

Ho viser til Universitetet i Oslo som eit typisk eksempel: Nettsidene til Det humanistiske fakultetet har 22 prosent nynorsk. Ibsensenteret har 1,2. Nynorskprosenten under eitt var i 2021 på 12,5.

NTNU «på stedet hvil»

Samla sett er UiO marginalt betre enn Noregs største universitet, NTNU, der leiinga i 2020 forklarte at dei ikkje hadde tid til nynorsk. Hos NTNU sentralt var 11 prosent tekst på nynorsk i fjor. Men også her er det nokre få einigar som trekker opp snittet.

«Utviklingen ser ut til å stå på stedet hvil, til tross for gode forsetter i fjorårets språkbruksplan. Vi har hatt mye kontakt med NTNU om målbruk gjennom årene», skriv Språkrådet, som «ser liten vilje til endring, trass i sporadiske gode forsett».

Forskingsrådet er ifølgje Språkrådet blant dei som sviktar i sitt språklege samfunnsoppdrag.

«Vi ser alvorlig på at dere stadig skyver språkarbeidet foran dere, og vi minner om at det ikke er valgfritt å følge språkloven», heiter det i beskjeden til Forskingsrådet.

— Direktorata kommuniserer mykje med både institusjonane i sektoren og andre, og dei er generelt altfor dårlege. Det er forstemmande at store verksemder som Forskingsrådet, Nokut og HK-dir. (Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse) ikkje har rydda ferdig i dette, seier Wetås.

Dei kanskje noko overraskande lyspunkta finn Språkrådet midt i hovudstaden.

Opptur på musikkhøgskolen

Noregs musikkhøgskole får skryt for «en markant oppgang i bruken av nynorsk» og for at «både bokmål og nynorsk er godt synlig og tilgjengelig på nettsidene». Høgskulen ligg fortsatt langt under 25 prosent nynorsk samla sett (8 prosent), men språket har fått større plass enn før. På sosiale media innfrir institusjonen kravet.

Også Kunnskapsdepartementet får ros, sjølv om det enno ikkje oppfyller krava i språklova. I stortingsdokumenta til departementet er fordelinga 35 prosent nynorsk og 65 prosent bokmål. Det er litt betre enn året før.

I kortare tekstar, derimot, er berre 7 prosent på nynorsk. Framgangen skuldast auka bruk av nynorsk i sosiale media. På Facebook var 75 prosent på nynorsk i 2021, mot 7 prosent året før.

Powered by Labrador CMS