språk

Verken departement eller direktorat følgjer språklova

Kunnskapsdepartementet, Utdanningsdirektoratet og Unit brukar alle for lite nynorsk. Diku er best i klassen.

Forskings- og høgare utdanningsminister Henrik Asheim leiar eit departement som ikkje nyttar nok nynorsk. Det gjer heller ikkje Unit, eit av direktorata i sektoren.
Publisert Oppdatert

Språkrådet har meldt frå til Kunnskapsdepartementet etter at fleire av universiteta og høgskulane ikkje klarar å følgja Språklova: Statlege organ skal nytta kvar av dei to norske målformene, altså nynorsk og bokmål, minst 25 prosent i dei skriftlege tekstane sine.

Men Kunnskapsdepartementet (KD) klarar heller ikkje sjølve å oppfylla krava i lova, og får klar beskjed frå Språkrådet:

— Vegen frå 12 til minst 25 prosent er lang.

Kunnskapsdepartementet rapporterer sjølve at dei nyttar nynorsk i omlag 12 prosent av dei kortare og lenger tekstane sine. Dette er same nivå som 2019.

— Språkrådet forventar difor at de går gjennom dei interne rutinane og forankrar språkarbeidet betre, slik at departementet vert i stand til å følgja opp det lovpålagde sektoransvaret, skriv Språkrådet.

Bør vera førebilete

— Det er vesentleg at Kunnskapsdepartementet framstår som eit godt førebilete for sektoren i det språklege likestillingsarbeidet, skriv Åse Wetås, direktør i Språkrådet, i ein e-post til Khrono.

Wetås seier at kunnskapssektoren har ei nøkkelrolle i gjennomføringa av den sektorovergripande norske språkpolitikken.

— Betre vilkår for nynorsk som det minst brukte av dei to likestilte norske skriftspråka, er eit kjernepunkt på dette politikkfeltet.

Khrono ba KD om ein kommentar måndag denne veka. Torsdag ettermiddag kom svaret:

—Dette er for dårleg, så det er klart at me må verta betre, skriv statssekretær Aase Marthe Horrigmo i ein epost til Khrono.

— Me skal følgja mållova, og vera eit førebilete i bruk av begge målformer, så det er beklageleg at me ikkje har høgare andel nynorsk i våre tekstar.

Horrigmo seier at KD har jobba godt med å auka delen nynorsk på fleire plattformer og fleire typar tekstar, mellom anna har nær 30 prosent av pressemeldingane vore skrivne på nynorsk, og nær 25 prosent av innlegga på Facebook.

— Men me ser at me har ein veg å gå når det gjeld andre tekstar. Difor vil me halda fram arbeidet med å heva andelen nynorsk på alle plattformer, seier Horrigmo.

Problemstillinga er ikkje ny. I fjor sa forskings- og høgare utdanningsminister Henrik Asheim at departementet utan tvil hadde mykje å ta tak i. Han sa då òg at han ville følgja opp institusjonane sin språkbruk.

Skryt til Diku

Både Diku, Unit og Utdanningsdirektoratet har meldt inn, og fått tilbakemelding om, språkbruken sin. Av desse er det berre Diku som følgjer lova. Dei får skryt:

— Diku gjer svært godt arbeid for jamstillinga mellom dei to norske skriftspråka. Alle skjema finst i begge målformene, og de oppfyller lovkrava i sosiale medium.

Vidare heiter det at det er bra at Diku (Direktoratet for internasjonalisering og kvalitetsutvikling i høgare utdanning) tek ansvaret for å etterleve mållova på alvor og slik respekterer dei språklege rettane til studentar frå heile landet.

Verken Unit, som er Direktoratet for IKT og fellestenester i høgare utdanning og forsking, eller Utdanningsdirektoratet (Udir) gjer det like bra. Felles for dei tre er at skjema finst både på nynorsk og bokmål, slik dei skal. Nynorskprosenten er heller ikkje så verst i sosiale medium, her har Unit om lag tjue prosent, Utdanningsdirektoratet over 30 prosent, og KD har 25 prosent på Facebook, men berre ti prosent på Twitter.

Utdnningsdirektoratet

Utdanningsdirektoratet får skryt for å ha nynorske tekstar på nettsida si, men for lite på framsida.

— Me meiner organ i UH-sektoren har eit særskilt ansvar for å visa god målbruk og gå føre som gode døme, skriv Språkrådet.

Fungerande kommunikasjonsdirektør i Udir, Marit Dorothea Bjørnstad, skriv i ein e-post til Khrono at dei set pris på tilbakemeldingar frå Språkrådet, og held fram arbeidet med målveksling på nettsidene sine.

— Sosiale medium er saman med udir.no blant dei viktigaste kanalane våre for dialog med brukarane våre, og me er ekstra glade for at Språkrådet trekkjer fram målvekslinga i sosiale medium som «framifrå», seier Bjørnstad.

Unit: Har nye retningslinjer

Unit brukar jamt over for lite nynorsk, er tilbakemeldinga.

— Når me går inn på dei ulike sidene til direktoratet, ser me at nynorsken er for lite synleg òg i tekstar der de skal veksla mellom målformene, heiter det.

Samordna opptak vert peika på som eit unntak.

Unit sin kommunikasjonssjef Åshild Berg-Tesdal skriv i ein e-post til Khrono at Unit har jobba systematisk med målformer i tenestene sine.

— I tenestene som er retta mot bibliotek, forsking og utdanning er alt tilgjengeleg på begge målformer. Når det er sagt, så er vi ikkje nøgde med at vi har for lite nynorsk på unit.no, i sosiale medium og i rapportar, seier ho.

— Det handlar mest om manglande kapasitet og at vi ikkje har hatt tilstrekkeleg merksemd på målformer i det daglege arbeidet.

Berg-Tesdal fortel at Unit i 2020 utarbeidde nye retningslinjer for kommunikasjon. Der heiter det at dei skal ha minst 25 prosent av begge målformer, og har i tillegg byrja å setja krav til bruk av nynorsk i publikasjonar som til dømes årsrapport.

Sak er oppdatert 8.juli kl 12.13 med kommentar frå Kunnskapsdepartementet

Powered by Labrador CMS