barnehageforsking

Debatt om barnehageforsking:
— Har stukke handa i eit vepsebol

Fleire barnehageforskarar seier at dei har fått krass kritikk, men aldri så voldsomt som det høgskulelektor Hanne Fehn Dahle vert møtt med.

Kva skal vere det viktigaste i barnehagen? Leik eller læring? Prioriterer private og offentlege barnehagar ulikt? Debatten rasar blant forskarar.
Publisert Oppdatert

— Eg er heilt sjokkert, seier Anne Greve.

Professoren ved OsloMet forskar på barnehagepedagogikk, og kommenterer debatten som har kome etter Hanne Fehn Dahle si ferske avhandling. Som Khrono har skrive, vegrar høgskulelektoren seg no for å formidla forskinga si, og har fortalt at ho har opplevd at arrangement har vorte «kuppa».

— Det er kjempefint at ein diskuterer forskingsresultat. Men dette er eit angrep ikkje berre på den ferske doktoren, men òg på det kvalitetsregimet som høyrer til ei doktorgrad. Dette er ikkje berre ein eller annan person som har levert inn eit eller anna, seier Greve.

Kommersielle krefter

Det er Private Barnehagers Landsforbund (PBL) og Læringsverkstedet, som er den største private barnehagen i Noreg, som særleg har gått hardt ut mot Dahle. Dahle fann at det kan sjå ut til at nokre private barnehagar bryt med den norske barnehagenorma, der leik har vore i fokus.

— Ho er modig. Ho yppar seg mot kommersielle krefter, seier professor Anne Greve om barnehageavhandlinga til Hanne Fehn Dahle som har møtt massiv kritikk.

— Eg har sjølv kritisert Læringsverkstedet. Men eg har tydelegvis ikkje trakka dei store konserna på tærne på samme måte som Dahle har. Det er tydeleg at ho har stukke handa inn i eit vepsebol, seier Greve.

Dahle har sagt til Khrono at ho rekna med at det ville verta ein debatt. Men at den eine opponenten sa at ho var modig, skjønte ho ikkje kva låg i før etterpå.

— Ho er modig. Ho yppar seg mot kommersielle krefter, seier Greve.

Ho seier at ho særleg reagerer på at Anne Lindboe, som er styremedlem ved OsloMet, går ut med ein slik type kritikk.

— Ho klarar ikkje å halda seg til sakleg kritikk, og går i staden til frontalangrep, seier Greve.

Hanne Fehn Dahle får støtte frå andre barnehageforskarar.

Omdømme

— Dette går inn i eit mønster. Det er gjort fleire studiar på dei store kjedane, men kvar gong vert snakk om problematiske sider ved dette, vert studiane stempla som eit makkverk, og resultata vert kalla synsing.

Det seier Solveig Østrem. Ho er også professor ved Institutt for barnehagelærerutdanning ved OsloMet, og var den eine av Hanne Fehn Dahle sine to rettleiarar.

Østrem viser til ein debatt hos For Velferdsstaten, der det vart sagt at PBL driv med tåkelegging.

Østrem har vore kritisk til ulike program både barnehagar og skular tek i bruk, som «De utrolige årene». Ho er også kritisk til testing og kartlegging av alle barn allereie i barnehagealder.

— Då eg ytra meg om «De utrolige årene», fekk eg ein kritikk som liknar den Dahle har møtt no, seier Østrem.

— Sett frå utsida er det vanskeleg å skjøna grunnen til at PBL går så kraftig ut?

— Dette handlar nok om omdømme. Dersom ein får kritikk, kan ein missa søkjarar, seier Østrem.

Solveig Østrem har sjølv vorte kritisert etter at ho ytra seg om massetesting av barnehagebarn.

Utdanningsforbundet uroa

PBL sin direktør Anne Lindboe kritiserte også Utdanningsforbundet. Ho trekte fram at Hanne Fehn Dahle er sentralstyremedlem der, og la også vekt på at Dahle er medlem i SV.

— Ho har henta informantar frå eige nettverk i Utdanningsforbundet. Både SV og Utdanningforbundet har sterke meiningar om barnehagekonsern, og me meiner det er fare for at dei svara Dahle får er prega av dette, sa Lindboe.

— Me har inga rolle i Hanne Fehn Dahle si avhandling. Me har ikkje funne informantar til henne, det er ikkje slik me jobbar, seier Turi Pålerud.

Ho er politisk rådgivar i Utdanningsforbundet.

— Hanne Fehn Dahle har heilt openbert stukke handa inn i eit vepsebol. Det handlar om eigarar og om kvalitet, og om at både barnehagekonsern og ein del kommunar innfører program som ein meiner skal gi betre kvalitet, seier Pålerud.

Dahle sa til Khrono at ho er uroa over at den norske modellen, med ein barnehage prega av leik, ser ut til å vera truga. Pålerud er samd.

— Me ønskjer oss meir forsking på det som er den nordiske tradisjonen. Det er eit press også mot barnehagane til å tenkja at det som kjenneteiknar kvalitet i barnehagen er når barna vert flinkare til å snakka, lærer matte og lærer sjølvregulering - alt ting som skal førebu dei på skulekvardagen.

— Me må våga å snakk om god læring på barn sine premiss, og me treng meir forsking på læring i barnehagen. Innanfor mitt fagfelt jobbar ein med «best praksis». Eg trur me må tenkja slik innan barnehage òg - men utan at ein barnehage skal verta nokon læringsanstalt.

PBL: Sak, ikkje person

— Me har ikkje gått til frontalåtak på ein forskar, skriv PBL-direktør Anne Lindboe i ein e-post til Khrono.

— Kritikken vår er i høgste grad knytt til sak og ikkje person. Me har tillete oss å kritisera det empiriske grunnlaget for avhandlinga, som handlar om eit svært viktig tema, seier ho vidare.

Lindboe gjentek det ho tidlegare har sagt: PBL er kritiske til måten intervjuobjekta er rekrutterte på.

— Eg registrerer at dei som har gått ut for å forsvara doktorgrada, ikkje har kommentert kjernen i kritikken min: Spørsmålet om samanblanding av roller. Dersom det betyr at dei ser på dette som uproblematisk, må eg berre konstatera at me er usamde.

Lindboe svarar også på at Østrem meiner ho stemplar studiar som «makkverk»:

— Det er rett og slett ikkje riktig. Sjølvsagt set me oss inn i forskingsresultat som kjem og diskuterer dei før me eventuelt kommenterer og involverer oss i debattar.

Lindboe seier at ho peikar på fare for blanding av roller når ein forskar som er engasjert i Utdanningforbundet handplukkar informantar i den same organisasjonen.

— Utdanningsforbundet har ein agenda overfor barnehagekonsern. Det er dessverre vanskeleg å koma med denne kritikken og samstundes koma utanom forskaren og hennar roller.

Powered by Labrador CMS