barnehageforsking

Forskinga hennar vert kritisert. Gruar seg til å snakka offentleg. — Det gjorde eg ikkje før

Hanne Fehn Dahle trudde ho kom til å starta ein debatt med barnehageforskinga si. I staden kom ho under angrep.

Eg var kanskje naiv, seier Hanne Fehn Dahle. Ho har nett disputert for doktorgrad ved utdanninga for barnehagelærarar ved Høgskolen i Innlandet - og fått mykje kritikk.
Publisert Oppdatert

«Dessverre er det slik at i barnehagesektoren er det svært mange som synser og mener, uten å ha belegg for hva de synser og mener. Enda mer alvorlig er det når en av de få doktoravhandlingene vi har på feltet er av så enormt dårlig kvalitet som denne doktorgraden».

Dette seier direktør Anne Lindboe i Private Barnehagers Landsforbund (PBL) i ein fersk podkast.

Avhandlinga ho snakkar om, er Hanne Fehn Dahle si. I desember i fjor disputerte ho ved Høgskolen i Innlandet med avhandlinga «Butikk eller pedagogikk? : En studie av store private barnehagekjeder i Norge».

Det er ikkje ei avhandling som konkluderer med to strekar under svaret, men Dahle finn at det kan sjå ut som at det er enkelte element ved dei store, private barnehagane som bryt med den norske barnehagetradisjonen.

Fekk beskjed om at ho var modig

Debatten har gått, særleg i bladet Utdanningsnytt, og Dahle har både vorten angripen og fått støtte. Omtalen har vore stor, og kollegar ved Høgskolen i Innlandet har rykt ut for å støtta høgskulelektoren. Også på Facebook har det vorte lange debatt-trådar, med både støtte og kritikk.

— Hadde du rekna med at det vart så mykje styr?

— Eg tenkte at eg kom til å setja i gang ein debatt. Under disputasen sa førsteopponenten at eg var modig. Eg skjønte ikkje heilt kva han meinte. Men eg var nok litt naiv, eg hadde ikkje rekna med at det skulle koma til å verta ein debatt om meg, seier Dahle til Khrono.

— Kva tenkjer du om kritikken frå Lindboe?

— Eg ser på det som ei heilt medviten avsporing. Ho ønskjer ikkje å diskutera sjølve saka, seier Dahle, og legg til:

— Det er sikkert lurt å snu saka til å handla om at nokre tilsette er misnøgde, og til å få saka til å handla om meg.

Leik har hatt sentral plass

I avhandlinga er særleg Læringsverkstedet omtala. Dette er den største private barnehageeigaren i Noreg, med 245 barnehagar, og kjeda eig òg barnehagar i andre land. Det som kjenneteiknar desse barnehagane, er at alle har den same årsplanen og dei same pedagogiske ideane. Til dømes vert borna møtte med ulike figurar, som «Telle-Tariq», når dei skal læra.

Fokus på læring er det som skil dei private barnehagane frå den norske barnehagetradisjonen, meiner Dahle. I arbeidet med avhandlinga har ho gått gjennom årsplanane til hundre barnehagar.

— Kva er den norske barnehagepedagogiske tradisjonen?

— Leiken har hatt ein sentral plass, den frie, spontane leiken. Pedagogane jobbar opp mot borna sin leik, og følgjer mellom anna opp deira innfall. Ein skil ikkje mellom omsorg, leik og læring. I tillegg har barnehagelærarane hatt stor autonomi, seier Dahle.

— No gruar eg meg til å snakke

No ønskjer høgskulelektoren å forska vidare. Eller, ein del av henne gjer i alle fall det.

— Eg tenkjer at eg har treft ein nerve. Og eg har mykje materiale eg ikkje har fått brukt. Men eg har alltid likt å formidla og snakka om forskinga mi. No gruar eg eg til å snakka framfor eit publikum, eg er redd for at nokon skal kuppa arrangementet og koma med skuldingar som ikkje stemmer, seier Dahle.

Etter å ha fått sitata til gjennomsyn, legg Dahle til følgjande:

— I går skjedde det eg frykta. Eg var invitert til å halda eit innlegg for nyutdanna og rettleiarane deira. Halvparten av dei frammøtte var frå Læringsverkstedet, for det meste styrarar. Dei stilte med ferdig skrivne innlegg og spørsmål, og kuppa rett og slett heile kurset. Ubehageleg oppleving.

Læringsverkstedet: Eige initiativ

Dagleg leiar i Læringsverkstedet, Trude Sydtangen, svarar skriftleg på Khrono sine spørsmål.

— Har de ein kampanje mot Dahle?

— Nei, overhovudet ikkje. Ho har intervjua eit par promille av våre 5000 tilsette, og knapt noko av våre tilsette kjenner seg att i påstandane ho fremjar om korleis oppdraget i Barnehageloven vert realisert i Læringsverkstedet.

Sydtangen seier at tilsette på eige initiativ har valt å engasjera seg i debatten.

— Debatten skildrar ein organisasjon mange ikkje kjenner seg att i. Våre tilsette reagerer på dette, og ønskjer å ta del i debatten. Dei deltek også der Hanne Fehn Dahle fortel om forskinga si. Det er ein aktuell debatt for mange av våre styrarar.

— Korleis kan de vita at det berre er eit fåtal av dei tilsette som ikkje er nøgde?

— Hos Læringsverkstedet har me mange nivå av leiarar slik at det skal vera enkelt for alle å finna nokon ein kan vera trygg på å ta opp kritikk eller usemje med. Me har medarbeiderundersøkingar fire gongar i året. Resultatet, over fleire år, har vist at dei tilsette er nøgde, skriv Sydtangen.

Ho seier ho synest det er trist dersom nokon av dei tilsette opplever seg så dårleg tekne vare på at dei må koma med kritikk anonymt.

Lindboe: Ho generaliserer

Dahle seier ho synest ein i Noreg skulle vera stolt av den barnehagetradisjonen ein har. Ho er kritisk til fokuset på læring ho finn i årsplanane, særleg hos dei private barnehagane eller hos barnehagar i kommunar som har vedteke å innføra eit spesielt pedagogisk program.

— Andre land kjem til oss for å læra av måten me driv barnehage på. Eg er litt uroa over ei skulifisering, at barnehagen skal førebu borna til neste steg, og at ein adopterer metodane frå skulen.

— Det er ikkje Hanne Fehn Dahle me ønskjer å ta. Det er metodebruken me er kritiske til, seier Anne Lindboe til Khrono.

— Svak avhandling

— Dahle er SV-politikar, ho er møtande vara til sentralstyret i Utdanningsforbundet, og ho har henta informantar frå eige nettverk i Utdanningsforbundet. Både SV og Utdanningforbundet har sterke meiningar om barnehagekonsern, og me meiner det er fare for at dei svara Dahle får er prega av dette. Ho har nokre få informantar som generaliserer, og dette synest eg gjer avhandlinga svak, seier Lindboe.

— Eg tvilar ikkje på at informantane meiner det dei har sagt, men det vert feil å seia at dette gjeld for alle.

Lindboe avviser at ho prøver å få til ei avsporing.

— Mitt utgangspunkt er at ein treng meir forsking om barnehage. Og barnehagesektoren er så viktig - me må ha forsking med god kvalitet. Eg meiner at me må ha stor takhøgd, og ein forskar må tola kritikk for metodikken.

Sydtangen seier at dei tilsette i Læringsverkstedet reagerer på generaliseringa i Dahle si avhandling.

— Me er svært positive til å diskutera kvalitet i barnehagesektoren, og me meiner det er viktig at me får meir forsking på kvalitet i barnehagen. Å visa til at enkeltdøme som vert skildra i avhandlinga representerer korleis ting er i Læringsverkstedet er ei generalisering som har vore med på å bidra til at debatten har spora av, seier ho.

Me treng meir forsking om barnehage, forsking med god kvalitet, seier tidlegare barneombod Anne Lindboe, no øvste leiar i Private barnehagers landsforening (PBL).

Vil ha forsking på læring i barnehagen

— Lindboe, bør ein ikkje heller debattera kva barnehage ein ønskjer i Noreg, og kva som er ein god barnehage?

— Jo, og den debatten vil eg gjerne ha. Barnehage er den viktigaste arenaen ein har for barna, og som barnelege veit eg at barn sin hjerne er ferdig utvikla når dei er fem år.

Lindboe seier at barnehagesektoren har god kontroll på det som kan teljast og målast, men at ein har lite kontroll på innhaldet i dei ulike barnehagane.

— Me veit at det er skilnader i kvalitet mellom barnehagar. Det er slik at barna kan ha det godt og fint i barnehagen, men dei treng utviklingsstøtte for vegen vidare - særleg er dette viktig for dei sårbare barna. Me må vita noko om kva som er rett type leik-basert læring. Eg skulle ønskja me kunne ha diskusjonen der.

— Skal ein ha meir skuleaktige læringsformer inn i barnehagen?

— Me må våga å snakk om god læring på barn sine premiss, og me treng meir forsking på læring i barnehagen. Innan for mitt fagfelt jobbar ein med «best praksis». Eg trur me må tenkja slik innan barnehage òg - men utan at ein barnehage skal verta nokon læringsanstalt. Sjølvsagt skal leiken alltid stå i fokus, seier Lindboe.

"Eg har hjarte for deg" er utgangspunktet for Læringsverkstedet sine barnehagar. Konsernet eig nær 250 barnehagar i Noreg.

Kritisk til konkurranse om barn

I Utdanningsnytt skildrar Dahle korleis ho fekk tak i informantane:

Utdanningsforbundet sine plasstillitsvalde formidla kontakt, utan at deltakarane sin anonymitet vart broten. Ho valde ut 16 personar til fem fokusgrupper. Tre av gruppene var sette saman av tilsette i Læringsverkstedet, to av tilsette i frittståande barnehagar.

— Eg merka meg mellom anna at i gruppene med tilsette i Læringsverkstedet var ein oppteken av korleis arbeidet i barnehagane vart påverka av konkurransen mellom barnehageeigarar. Difor gjorde eg åtte enkeltintervju med tilsette i dei fire store kjedene om det, seier Dahle der.

Ifølgje tal frå Statistisk sentralbyrå gjekk 272 264 norske barn i barnehage. Av gruppa born mellom tre og fem år, går over 97 prosent i barnehage. Men samstundes er talet på born i barnehage totalt sett mindre enn det var for fem år sidan.

Barnehagesaka har vore høgt opp på den politiske dagsordenen sidan tidleg 2000-tal, og i 2009 vart retten til barnehageplass lovfesta.

Konkurranse om barna

Sidan den gong har talet på barn altså gått ned. Det betyr at det i nokre kommunar er fleire barnehageplassar enn det er barn.

— Det vert ein konkurranse om barna, ein konkurranse mellom barnehagane. Nokre barnehageeigarar seier at dei tilsette ikkje får dela idear når dei er på møte med til dømes andre barnehagar i same kommune. Andre krev at dei tilsette skriv under på at ikkje skal koma med offentleg kritikk av barnehagen eller barnehageiegaren. Det vert sagt at det vert gjort av omsyn til barnehagen si konkurranseevne, seier Dahle.

Lindboe seier at ho ikkje kjenner seg att i at kjedene ikkje deler med kvarandre. Ho meiner at konkurranse er eit gode, og at dei einaste som tener på dette er barn og familiar.

— Dei private barnehagane må fyllast med barn, elles får dei ikkje tilskot. Det gjer at ein vert meir medvitne og viser seg fram på ein annan måte.

— Barnehage skal vera barnehage, seier Sydtangen.

Ho seier at ho har tru på at det er eit gode å vera ein del av eit konsern, men med lokal forankring. Slik kan ein dela kunnskap med kvarandre.

— Ein kan ikkje driva barnehage utifrå kva den enkelte finn for godt. Difor er struktur eit positivt omgrep. Me trur at rammene våre er tydelege nok til å sikra lovpålagt kvalitet og romslege nok til å gi pedagogane den fridommen dei treng.

Kunnskapsresistens

Fleire tilsette ved Høgskolen i Innlandet, mellom dei prorektor for forsking, Tomas Willebrand, har støtta Hanne Fehn Dahle. I eit innlegg i Utdanningsnytt skriv dei at Lindboe «viser ein brist i innsikt på den kvalitetssikringsprosessen som leier fram til ei godkjent avhandling».

—Dahle si avhandling og forskinga bak har vorte kvalitetssikra i alle ledd fram til disputas, i tråd med nasjonale tilrådde retningslinjer for doktorgradsutdanning, skriv dei.

Førre gongen prorektor Tomas Willebrand opplevde eit slikt åtak på forskarar frå Høgskolen i Innlandet, handla det om ulv.

Willebrand seier til Khrono at han har opplevd liknande åtak på forskarar frå Høgskolen i Innlandet tidlegare. Det var rundt år 2000, og tema var forsking på store rovdyr, særleg ulv.

— Den gong var det same intensitet som no. Det ser ut til å verta det når nokon vert presenterte for forsking som ikkje stemmer med deira verdsbilete, seier Willebrand.

Han seier han er uroa over utviklinga.

— Ein får det ein i Sverige kallar ein kunnskapsresistens, der ein fornektar eller avfeier forsking.

— Kan utviklinga føra til at forskarar vel vekk nokre tema?

Åtak på forskarar

— Eg trur at dei som brenn for noko, kjem til å forska. Men det er ikkje sikkert dei kjem til å delta i samfunnsdebatten, seier Willebrand.

Åtak på forskarar kjem til å vera tema i det sentrale ph.d.-utvalet ved Høgskolen i Innlandet.

— Sydtangen, korleis bør ein møta forsking ein ikkje er samd i?

— Me vil bidra til at alle som ønskjer det beste for barn kan verta samde om korleis me vil definera kvalitet og korleis me skal måla det. I den vidare debatten er me heilt opne for diskusjon, skriv Sydtangen, og seier at ein i Læringsverkstedet ønskjer velkommen alle forskarar som saman med dei vil vera med på å løfta kvaliteten i barnehagane deira.

Powered by Labrador CMS