Professor Solveig Østrem seier at ho aldri tidlegare har fått ei slik tilbakemelding som ho fekk frå Høgskulen i Volda. Høgskulen ba om at Østrem ikkje skal vera sakkunnig i ei akkrediteringssak. Foto: Torkjell Trædal

Høgskule bad om å få sleppa professor som sakkunnig – fekk ja frå Nokut

Protest mot oppnemning. Høgskulen i Volda meiner professor Solveig Østrem høyrer til ein ytterfløy i barnehagepedagogikken, og ba om å få sleppa henne som sakkunnig. Nokut sa ja.

Publisert Oppdatert

OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

«Professor Østrem har gjennom fleire år hatt ei markert rolle i debatten om barnehagefeltet og høyrer til ei ytterfløy i denne debatten. Østrem har marknadsført standpunkt som vi meiner ikkje er i samsvar med våre intensjonar og ambisjonar for master i barnehagepedagogikk ved Høgskulen i Volda».

Det skriv Høgskulen i Volda i eit brev til Nokut. Nokut, som er Nasjonalt organ for kvalitet i utdanninga og underlagt Kunnskapsdepartementet, kom med forslag om Østrem som ein av tre sakkunnige som skulle vurdera høgskulen sitt nye mastertilbod i barnehagepedagogikk.

— Me har nytta retten me har til å koma med tilbakemelding til Nokut. Me er opptekne av at det skal vera ein variert og samansett kommisjon, og meiner at det ikkje var det i dette tilfellet, seier Bente Vatne. Ho er dosent ved Institutt for pedagogikk ved Høgskulen i Volda, og er den som har skrive under brevet til Nokut, som Khrono fann i høgskulen sin postjournal.

Nokut har ikkje tatt stilling til påstanden frå høgskulen om kva for posisjon Østrem har i faget.

Clara Hasselberg

Nokut sa ja grunna geografi

— Kva er det som gjer at de meiner at Østrem er kontroversiell?

— Eg vil ikkje kommentera utover det som står i brevet. Men det handla òg om geografi. Me ville ha sakkunnige som sjølve har jobba med å utvikla eit masterprogram, seier Vatne.

Solveig Østrem er professor ved OsloMet. Den andre forskaren som er sakkunnig er danske Ole Henrik Hansen. Han er tilsett ved Danmarks institut for Pædagogik og Uddannelse ved Aarhus universitet, men òg tilsett i ei førsteamanuensisstilling ved OsloMet. I tillegg er det ein student med i komiteen, ho er knytt til UiT Norges arktiske universitet.

Dette gjer at Nokut vil finna ein ny sakkunnig. «Vi har vurdert saka på nytt. Vi har lagt avgjerande vekt på argumentet om geografisk spreiing, og vil difor oppnemne ein ny sakkunnig. Vi gjer oppmerksam på at saksarbeidet av denne søknaden dermed vil bli forseinka», skriv Nokut i eit svarbrev til høgskulen.

— Kva var årsaka til at Østrem ikkje lenger skal vera sakkunnig?

— I denne saka var det for å sikra at den samla komiteen hadde større geografisk spreiing. Undervegs i prosessen kom det fram informasjon om arbeidsforholdet til ein av dei andre sakkunnige som gjorde at me fall ned på at det var riktigast å endre komiteen, og slik sikra større geografisk spreiing i komiteen. Nokut har ikkje tatt stilling til påstanden frå høgskulen om kva for posisjon Østrem har i faget, skriv Clara Hasselberg i ein e-post til Khrono.

Ho er seksjonssjef for studieprogram i Nokut si tilsynsavdeling.

Det er dei faglege kvalifikasjonane som må ligga til grunn, seier professor Solveig Østrem. Foto: Torkjell Trædal

Østrem: Svært forundra

Dersom me i fagmiljøet signaliserer overfor kvarandre at ein bør vera forsiktig med å ytra seg offentleg, er me på ville vegar i høve til ideala i akademia.

Solveig Østrem

Solveig Østrem sjølv skjønar ingenting av Høgskulen i Volda si tilbakemelding.

— Det er veldig merkeleg, eg er svært forundra. Eg kjenner meg ikkje att i denne skildringa, seier ho til Khrono.

Østrem seier at ho ikkje veit kva Høgskulen i Volda viser til.

— Dersom eg har sagt noko i ein offentleg debatt som fagmiljøet i Volda er usamde i, er det vanskeleg å sjå at det har relevans. Det er ikkje kva ein meiner, men kva faglege kvalifikasjonar ein har, som ligg til grunn for å bli utnemnd som sakkunnig, seier Østrem, og viser til at ho har vore sakkunnig utnemnd av Nokut tidlegare òg.

— Dersom me ikkje har tillit til kvarandre på tvers av eventuell usemje, eller dersom me i fagmiljøet signaliserer overfor kvarandre at ein bør vera forsiktig med å ytra seg offentleg, er me på ville vegar i høve til ideala i akademia.

— Har du tidlegare fått ei slik tilbakemelding som denne frå Høgskulen i Volda?

— Nei, eg har aldri vore med på dette før, seier Østrem.

Nokut: Sjeldan det kjem innvendingar

Hasselberg i Nokut skriv i e-posten at Nokut alltid sender søkjarar eit forslag til sakkunnige.

— Av og til har søkjarane innvendingar til dei sakkunnige me føreslår. Det skjer likevel ikkje så ofte.

— Kor vanleg er det at Nokut seier ja til ei slik innvending?

— Det vil alltid vera ei konkret vurdering kva slags gjennomslag innvendingane skal få. Det er imidlertid ikkje nokon automatikk i at innvendingar vert teke omsyn til, og det skal i utgangspunktet mykje til før me gjer om på forslaget vårt, skriv Hasselberg, og legg til at Nokut ikkje fører statistikk over kor ofte dei kjem slike innvendigar i møte.

Prosessen vert forseinka

At Nokut no må finna ein ny sakkunnig gjer at prosessen med akkrediteringa kan verta forseinka. Hasselberg seier at fagmiljøet ikkje er så stort i Noreg, så kanskje må ein utanlands for å finna ein ny fagperson.

Vatne i Volda seier at planen i utgangspunktet var å ha første opptak til den nye mastergrada neste haust, men at det ikkje er sikkert det let seg gjennomføra uansett.

— Me legg opp til ei mastergrad som både barnehagelærarar, barnevernspedagogar og grunnskulelærarar skal kunne ta. Dette vil vera eit påbygg av den utdanninga ein har, og me ønskjer oss gjerne røynde søkjarar, sjølv om det ikkje er eit krav, seier Vatne.

Powered by Labrador CMS