korona

Asheim: Studentane har fått urettferdig kjeft

Det må ikkje vera sånn at ein er flau over å ha vore på fest, seier forskings- og høgare utdanningsminister Henrik Asheim.

God stemning då statsråd Henrik Asheim trefte studentleiarane Sandra Amalie Krumsvik frå Universitetet i Bergen, Henrik Waage Tjora frå Høgskulen på Vestlandet og Lise-May Sæle frå Norges Handelshøyskole.

OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

— Dette har vore eit møte som først og fremst handlar om korleis det går med dei, seier forskings- og høgare utdanningsminister Henrik Asheim (H) til Khrono.

Etter å ha opna Høgskulen på Vestlandet (HVL) sitt nybygg på Kronstad, hadde han møte med tre rektorar og tre studentleiarar i Bergen. Bergen har som kjent hatt eit stort smitteutbrot blant studentar. Dei siste tala, sitert i Bergens Tidende, viser at så langt har 173 studentar fått påvist smitte.

— Det har vore tøffe tak, men eg har eit godt inntrykk av både handteringa og samarbeidet, seier Asheim.

— Alle har gjort feil

Khrono har skrive om utbrotet både på HVL og NHH. Handelshøgskulen har definitivt flest utbrot, med 117 smitta så langt. Fredag var det meldt om seks nye smitta, ein klar nedgang frå dagane før. Rektor Øystein Thøgersen håpar dette er starten på at ein ser at tiltaka verkar.

Me har alle gjort smittevernfeil.

Henrik Asheim

— No er det stille i gangane. Lesesalane er opne, men me oppmodar dei som kan til å sitja heime. Men me veit at det ikkje er i undervisningssituasjonar dei har vorte smitta, men i sosiale samanhengar, seier Thøgersen.

Mange av smittetilfella på NHH kan knytast til ein fest. På HVL braut smitten ut i ei faddergruppe.

Asheim seier at han synest studentane har fått unødvendig kjeft.

— Eg synest ikkje me skal kjefta på kvarandre. Det må ikkje vera sånn at det er flaut å ha vore på fest. Me har alle gjort smittevernfeil, seier Asheim.

— Men dette er ei påminning om at viruset spreier seg raskt.

Er uroa for å måtte stenga

På NHH er all undervisning uansett tilgjengeleg digitalt, men nokre førelesingar kan ein vanlegvis følgja fysisk. Også dei andre utdanningsinstitusjonane har sagt at dei skal ha både fysisk og digital undervisning dette semesteret.

No må me sjå framover, seier NHH-studentleiar Lise-May Sæle.

— Er du uroa for studentane?

— Eg er uroleg for at me må stenga ned igjen. Eg trur våren var ein tøff periode for mange, sjølv om mange reiste heim til familien sin. Me må klara å unngå å stenga ned, seier statsråden.

Fest var tema på regjeringa sin pressekonferanse fredag. Justisminister Monica Mæland var tydeleg:

— Bruk sunn fornuft. Det går an å ha det moro utan å risikera liv og helse.

Ho sa òg at alle no kjenner smittevernreglane, og at ein må rekna med å ha det slik ei stund.

Stengjer alle fysiske studentaktivitetar

På NHH har studentforeininga NHHS valt å stenga all fysisk aktivitet. Lise-May Sæle frå kjernestyret var med på møtet på Asheim. Ho seier til Khrono at nedstenginga kjem til å verta forlenga til smittesituasjonen har roa seg.

— Eg synest det er nyttig at statsråden kjem. Me har fått kome med innspel på korleis det går, seier studentleiaren, som har stått i spissen for «koronahjelpen» for studentar som no er sjuke eller i karantene.

— Kvardagen kom, og dette kunne skjedd alle. Me har vore forsiktige, seier Sæle.

Universitetet i Bergen fekk påvist det første smittetilfellet blant studentar, men det var på HVL det første store utbrotet kom. Henrik Waage Tjore leiar studenttinget ved høgskulen.

— Me fekk ein tøff start. Fadderleiarane hadde eit godt opplegg med mange aktivitetar, som var i tråd med smittevernreglane, seier Tjore.

Som Khrono har skrive, vart alle organsierte faddervekeaktivitetar på kveldstid ved UiB avslutta nokre dagar ut i veka. HVL bestemte at alle fadderarrangement skulle vera alkoholfrie.

Tjore seier at fordi høgskulen reagerte raskt, kunne ein ha fysisk undervisning på campus for andre enn dei i det miljøet der det var smitte.

Totalt har HVL hatt 30 studentar med påvist koronasmitte.

Powered by Labrador CMS