korona

22 studentar smitta i Bergen

Nesten alle dei ferske smittetilfella i Bergen er knytt til studentmiljøet. Nabokommunen Askøy har to smittetilfelle dei trur kjem frå dette utbrotet.

Strålande sol og nye venner. Slik sett ein fin start på studietida. Men no viser det seg at fleire studentar har fått påvist koronasmitte etter dei første studievekene. 22 av 26 nye smittetilfelle i Bergen er knytt til studentar.
Publisert Oppdatert

OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Fredag vart det klart at fleire studentar frå Høgskulen på Vestlandet (HVL) hadde fått påvist koronasmitte. Måndag er det totalt 22 studentar i Bergen som er smitta, dei aller fleste av desse er studentar ved HVL. Dette kom fram då Bergen kommune hadde pressekonferanse måndag ettermiddag. Av dei 26 nye smittetilfella i Bergen er det altså absolutt flest studentar.

Dei aller fleste tilfella er knytt til Institutt for økonomi og administrasjon ved HVL, men ein lærarstudent har òg fått påvist smitte.

Måndag kom det òg melding frå nabokommunen Askøy om at to nye personar er smitta.

— Begge kan ein relatera til smitteutbrotet i Bergen i samband med studieoppstart, skriv Askøy kommune på eigne nettsider.

Også eit av dei andre smittetilfella i Bergen kan ha spreidd seg, skriv Bergens Tidende.

Smitte frå HVL til NHH

Norges Handelshøyskole (NHH) rapporterte måndag om to tilfelle av koronasmitte blant sine studentar.

— Ein av desse kan knytast til utbrotet ved HVL. Studenten gav sjølv beskjed, og faddergruppa denne studenten var med i, er sett i karantene, sa helsebyråd Beate Husa på pressekonferansen.

Så langt er 215 personar i karantene, men smittesporing går framleis føre seg, og det er venta at talet vil stiga.

Direktør for kommunikasjon og samfunnskontakt ved NHH, Geir Mikalsen, seier til Khrono at dei to som er smitta har vore på ei førelesing og vore aktiv i ei faddergruppe.

— Me håpar det ikkje vert fleire tilfelle, men er samstundes budd på at det kan verta fleire, seier han.

Også HVL-rektor Berit Rokne håpar det ikkje vert fleire tilfelle.

— Eg håpar dei siste som har fått påvist smitte har fått det etter at dei vart sett i karantene. Men me kan sjølvsagt ikkje utelukka at det kjem fleire tilfelle. Studentar er i kontakt med mange personar, seier Rokne.

Både NHH og HVL gir no nokre av studentane digital undervisning ein periode.

Universitetet i Bergen har hatt to tilfelle av koronavirus blant studentar etter studiestart. Måndag blei tallet oppdatert med seks nye tilfelle. Tre av dei ved Det samfunnsvitenskapelige fakultet, eit ved Det juridiske fakultet, eit ved Det humanistiske fakultet og eit ved Det matematisk-naturvitenskape fakultet. UiB skriver i ei pressemelding at nærkontaktar vert varsla og at UiB har eit nært samarbeid med Bergen kommune om vidare oppfølging.

Hovedsaklig skjedd på hjemmefester

På en pressekonferansen mandag oppfordret Byrådsleder i Bergen, Roger Valhammer (Ap), studentene innstendig om å slutte med hjemmefester der smittevernreglene brytes, skriver Bergens Tidende.

— Smitten har i all hovedsak skjedd på hjemmefester. Det understreker egentlig alvoret i at vi har så mange hjemmefester fortsatt. Vi har en tydelig forventning om at det nå blir en endring på dette.

Natt til søndag fikk Vest politidistrikt 60 meldinger om festbråk. Valhammer knytter økningen i festbråk og smittespredning til regjeringens beslutning om fra 9. august å stoppe skjenking på utestedene ved midnatt.

— Bieffektene av dette er veldig negative. Mange kombinerer nå det å gå på byen med hjemmefester, noe som øker smittespredningsfaren, sier Valhammer.

Ikkje i Oslo

Dei andre store byane i Noreg har ikkje hatt koronautbrot i samband med studiestart. Det var eitt tilfelle i Trondheim blant dei som skulle vera fadrar. Universitetet i Stavanger kjenner ikkje til nokon tilfelle, det gjer heller ikkje OsloMet, får Khrono opplyst via epost.

Forskerforum skriv at verken Universitet i Oslo eller Universitetet i Søraust-Noreg har kjente smittetilfelle blant sine studentar.

(Saken blei oppdatert måndag kl 16.15 med at UiB melder om seks smitta studentar, og tirsdag kl. 13.27 med kommentarene til Valhammer)

Powered by Labrador CMS