nybygg opna på hvl

Asheim opna på HVL: —Eg kunne ha sunge «Nystemten»

Nybygget K2 gjer det mogeleg for Høgskulen på Vestlandet å flytte 300 tilsette og 3000 studentar til campus på Kronstad. Statsråden meiner det er eit bygg for framtida.

Storfornøgd minister Henrik Asheim og HVL-rektor Berit Rokne tek ein kik på nybygget som vart opna i dag.
Publisert Oppdatert

OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Med så mykje brask og bram som smittevernet tillet, vart nybygget K2 ved Høgskulen på Vestlandet opna av forskings- og høgare utdanningsminister Henrik Asheim i dag.

Frå jarnbane til campus

— Gratulerer med dagen, ein nedlagd jernbaneverkstad som vert til ein campus full av liv er heilt fantastisk. Eg skulle gjerne dratt i gang «Nystemten», men den kan sjefen min betre enn meg, så eg lar vere, spøkte ministeren.

Han gav skryt til nybygget, også med tanke på arealkrava som kjem i framtida.

— Eg trur HVL sitt nybygg er ein god modell for korleis vi skal utforme bygg i framtida. Her er det og eit eige kursareal for etter- og videreutdanning. Det vil vere viktig med tanke på kompetansereforma som vart vedteken før sommaren, sa Asheim.

Etterlengta

Ifølgje høgskulen er dette Vestlandets mest moderne undervisningsbygg. Her har ein lagt til rette for ein digital studie- og arbeidskvardag. Utstyret brukt i undervisningsromma er blant dei mest teknisk avanserte i Noreg.

Nyopna K2 på HVL er fullt av smarte løysingar og arbeidsplassar for studentar og ansatte.

Det har teke fem år med planlegging og to år å byggje. Allereie før HVL sitt første nybygg stod ferdig i 2014 var det klart at ikkje alle studentane kunne flytte inn i desse lokala. Sidan har dei vore på andre stadar. No kan 300 tilsette og 3000 studentar flytte inn i dei nye lokala.

— Denne dagen har vore etterlengta, sa rektor Berit Rokne. Ho viste til historia der tidlegare Høgskulen i Bergen vart samla formelt i 1994, men utan å ha alle på campus før no.

— Det er eit flott bygg som har null utslepp. Og ikkje minst ein fin arkitektur med lyst treverk og kunst som skapar trivsel, sa Rokne.

Forskings- og høgare utdanningsminister Henrik Asheim mener også at utforminga av nybygget ved HVL vil ivareta krav til smittevern framover.

— De jobbar med statsbudsjettet. Er det tatt høgd for at det vil kome endringar i økonomien i framtidige byggeprosjekt som følge av smitteverntiltak?

— Det er nok for tidleg å seie. Og vi har ei utgreiing som Statsbygg skal utføre rundt desse problemstillingane. Men det er også eit spørsmål om alle nye bygg skal utformast slik at dei tilfredsstiller tometersregelen. Det er vi ikkje sikre på, seier Henrik Asheim.

Læringslab

Reklamen for det nye bygget fortel om null utslepp, solcellepanel på tak og energieffektivitet over alt.

På læringslaben i HVL sitt nybygg skal ny teknologi som brukast i skule og helsevesen utforskast av studentar og ansatte. Her viser ein korleis Virtual Reality brukast i anatomilære.

Det mest spanande er likevel kva som skjer innanfor veggane. Her er ein læringslab som skal sørgje for at eksempelvis lærarstudentar skal verte gode på teknologi som er ute i skulen. Og ikkje minst, det skal eksperimenterast med nyvinningar som skulen kanskje vil ta i bruk.

Fakta

K2 undervisningsbygg, Høgskulen på Vestlandet

  • Miljøbygg med solcellepanel på taket. Bygget slepper ut 40 prosent mindre CO2 enn tilsvarande bygg
  • Bygget husar 300 tilsette og 3000 studentar
  • Moderne, fleksible undervisningsrom, og fleksible arbeidsplassar
  • Simuleringsrom for ferdigheitstrening og forsking
  • Språklaboratorium for teiknspråktolkar
  • Læringslaboratorium for testing av pedagogiske læremiddel på barn, elevar og studentar
  • Kaffeabren Sidesporet, som snart også blir bakeri

— Vi har eit unikt samarbeid med skuleetaten i Bergen kommune. Dei er her to dagar i veka, seier Sigrid Havre som leiar læringslaben medan programmerte droner flyg rundt i lokalet som demonstrasjon.

Nok stikkontaktar

Ho strekar under at læringslaben er for alle tilsette og studentar.

Her finst til dømes VR-briller, robotar, dronar og 3D-modellering.

Prosjektleiar Knut Erik Kismul er tydeleg stolt når han viser rundt.

— Kva har de lært av det som vart gjort i det første bygget, som de har brukt no?

— Teknologien når det gjeld energibruk og utslepp har utvikla seg mykje sidan den gong. Det har og ansatte og studentar sin teknologibruk, og det var ein ting vi bomma på, fordi planane for det første bygget vart lagt i 2003-2005. Bygget stod ferdig først i 2009. Då hadde studentane sin digitalbruk endra seg dramatisk, og det var for lite stikkontaktar. Det har vi ordna i dette bygget. Her er det stikkontaktar over alt, smiler prosjektleiaren.

Powered by Labrador CMS