norsk fagspråk
Asheim: Institusjonane må gjera meir med norskopplæringa
Universitet og høgskular må gjera meir når dei ser at tilsette ikkje meistrar norsk etter tre år, slik dei ifølgje Universitets- og høgskule lova skal, seier forskings- og høgare utdanningsminister Henrik Asheim.
OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.
Norsk eller engelsk? Eller jatakk, begge deler?
Ved NTNU reagerer både tilsette og studentar på at det innan nokre fagfelt no er engelsk som vert mest brukt, både i undervisning og mellom kollegaer.
— Det er ikkje naudsynt å ha norske ord for alt, sa instituttleiar Torgeir Welo ved Institutt for maskinteknikk til Universitetsavisa i juni.
Han sa at han meiner det er viktig å snakka engelsk i jobbsamanheng når det er tilsette til stades som ikkje meistrar norsk. Slik kan ein byggja ein felles kultur.
Språkråd-direktør Åse Wetås er langt frå samd, og viser i eit debattinnlegg hos Adresseavisen til at internasjonalt tilsette ifølgje Universitets- og høgskulelova skal meistra norsk etter tre år.
— Ikkje eit urimeleg krav, skriv Wetås.
Asheim: Må følgja opp
Men som Khrono har skrive, er opplæringa internasjonalt tilsette får i norsk ulik. Kravet om å læra seg norsk gjeld dessutan ikkje tilsette i rekrutteringsstillingar.
No meiner forskings- og høgare utdanningsminister Henrik Asheim at utdanningsinstitusjonane må ta meir ansvar for å følgja opp norskopplæringa. I eit svar til Marit Knutsdatter Strand (Sp), som i Stortinget stilte spørsmålet «hva vil statsråden gjøre for å sikre norsk fagspråk og høyere utdanningsinstitusjoners rolle for å sikre at norsk fagspråk består, styrkes og utvikles videre?», svarar Asheim at institusjonane må gjera meir med opplæringa av internasjonalt tilsette.
Det var Wetås sitt innlegg som var utgangspunkt for spørsmålet.
— Arbeidsgivar har ein jobb å gjera. Det gjeld både tilbod om språkopplæring, og oppfølging i dei tilfella der tilsette ikkje har oppnådd språkkompetanse innan dei fristane som gjeld. Institusjonane må altså gjera meir med opplæringa og med å følgja opp der ho ikkje går etter planen, skriv Asheim.
Han viser til ein fersk rapport frå Diku (Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse) som viser at norsk fagspråk bør inn i universitetspedagogikk-opplæringa. Statsråden viser òg til forsking frå Universitetet i Bergen (UiB), som viser at tilsette ikkje møter krav om å læra norsk.
— Me skal gå i dialog med institusjonane om dei utfordringane som vert dokumentert i desse gjennomgangane. Men ei altfor rigid detaljstyring vil eg ikkje legga opp til, seier Asheim.
I universitets- og høgskulelova heiter det at institusjonane har ansvar for vedlikehald og vidareutvikling av norsk fagspråk.
Kva med pausepraten?
Ann-Kristin Helland Gujord er førsteamanuensis i norsk som andrespråk ved UiB. Nyleg skreiv ho ein kronikk saman med fleire kollegaer om norskopplæringa. Bakgrunnen er forskingsprosjektet Ninja; Norsk språk i akademia. I innlegget skriv forskarane frå prosjektet at det i akademia finst eit narrativ om at norsk ikkje trengst i jobben som internasjonalt tilsett i vitskapeleg stilling. «For noen kan dette være en behagelig narrativ, men mange oppdager etter litt tid i Norge at det ikke er så enkelt. Det eksisterer også en annen verden, nemlig en norskspråklig verden som gjør seg gjeldende både relasjonelt og på institusjons- og samfunnsnivå. For å kunne ta del i denne verdenen må man gå den lange veien det er å lære et nytt språk», skriv dei.
Gujord seier til Khrono at ho er samd i at det kan vera ein god idé å få inn norsk fagspråk i universitetspedagogikken fordi det kan auka medvitet om sektoren sitt ansvar for norsk språk for alle tilsette. Men for dei internasjonalt tilsette er det heilt andre tiltak som er viktige no.
— Når ein snakkar om fagspråk, handlar det mellom anna om å få plass terminologi på norsk. Det er veldig viktig, men det viktigaste for internasjonalt tilsette er at det i det heile tatt kjem på plass eit system som sikrar norskopplæring for alle, og som faktisk blir sett ut i livet, seier Gujord.
Ho seier at resultata i Ninja-undersøkinga viser at mykje i norskopplæringa av internasjonalt tilsette er tilfeldig og opp til den enkelte tilsette.
—Mange kan klara seg med engelsk i forskinga. Men på eit institutt er administrasjonsspråket oftast norsk, og det må ein meistra både for å kunne ta verv i universitetssamfunnet, men òg for å kunne vera med på kollegial pauseprat.
NTNU: Veks ikkje på tre
Tor Grande, prorektor ved NTNU, svarar Wetås i Adresseavisen. Grande skriv at personar med professorkompetanse ikkje veks på tre, og særleg ikkje i eit lite land som Noreg.
— Skal me rekruttera dei beste fagpersonane må me difor ofte henta inn desse utanfor Noreg. Då må det vera rom for at desse får tid til å læra seg norsk, skriv Grande.
Han seier at at det i den perioden i nokre tilfelle vil kunne verta undervisning på engelsk. Grande seier òg at NTNU har planar og strategiar for arbeidet.
— Me vil starta arbeidet med å revidera dei språkpolitiske retningslinjene våre til hausten.
Som Khrono har skrive, har debatten gått ved NTNU denne våren, etter at det viste seg at studenten som fekk flest røyster i valet til universitetsstyret, ikkje meistra norsk. Det gjer at ho ikkje får styreplassen. Styret ved NTNU drøfta saka i juni, og styremedlem Aslak Tjora tok då til orde for ein gjennomgang av universitetet sin språkpolitikk.