Julestemning på det internasjonale stipendiatkontoret med juletre frå Clas Ohlson. Frå venstre Mahnaz Fakhrabadi frå Iran, Ondrej Oscika frå Tsjekkia, Yewen Hu frå Kina og Atle Haugen frå Nordhordland

Welcomen til Norges (hoch)skule of Economics!

Språkstrid. Var vendepunktet då julebordet blei til the Christmas table? Er norsk berre så 2009? Det har stått eit slag om språket ved NHH, og det blir neppe det siste.

Publisert Oppdatert

OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Den akademiske krutrøyken har fordufta i denne omgang på Noregs handelshøgskole, eventuelt Norges handelshøyskole, eventuelt Norwegian School of Economics (NHH).

Fakta

Engelsk i akademia

Både Språkrådet og regjeringa har uttrykt uro over den sterkt aukande bruken av engelsk på universitet og høgskular.

Ei ny språklov er no ute på høyring. Målet er å sikre norsk språk for framtida, fagspråket inkludert.

Ifølgje lova er universitet og høgskular forplikta til å ta vare på og utvikle norsk språk.

9 av 10 vitskapelege publikasjonar i Noreg blir publisert på engelsk.

NHH er ein av mange institusjonar som har innfridd kravet om å lage språkpolitiske retningslinjer for sine tilsette.

På NHH har det vore harde frontar mellom tilhengarane av å talfeste og formalisere krav til norsk og dei som meiner internasjonaliseringa gjer at engelsk bør ha førsteprioritet.

— Eg blei litt overraska over intensiteten, seier instituttleiar og økonometriprofessor Jarle Møen.

English is more efficient

Haiying Jia

Han tappar kaffi frå ein automat i det gamle Merinobygget, der Institutt for foretaksøkonomi held hus medan dei sentrale delane av skulen blir rehabilitert og bygd om. Instituttet er eitt av dei største på skulen og det eldste bedriftsøkonomiske instituttet i Noreg med cirka femti fagleg tilsette på fulltid. Møen ser fram til å komme tilbake til kontoret i høgblokka når alt er ferdig.

Det er ei anna ombygging som skaper uro i professorens indre.

— Vi har enno ikkje sett den fulle effekten av at ein heil generasjon går gjennom høgare utdanning med engelsk som det dominerande fagspråket, seier Møen, litt mørkare i det sobre austlandsmålet.

Han ruslar gjennom gangane, tilbake til kontoret med utsikt til vestlandsregnet og set seg i kontorstolen med ei diger bokhylle i ryggen. «Asset Pricing». «Forensic accounting for dummies». På ein whiteboard, som nokon kallar tavle, har sonen, mellom formlar for utrekning av eigedomsskatt, skrive ei helsing: «Hei Pappa, Kos deg med jobben. Hilsen Tore».

— Også i framtida er det viktig at vi kan ha ein levande debatt om oljefond, pensjonssystem, skatt og at offentlege utgreiingar kan skrivast på norsk, og at vi har ord og omgrep til å gjere det. Det kan høyrest svulstig ut, men debatten om fagspråket heng tett saman med debatten om utviklinga av det norske demokratiet.

Møen er optimist, ein smilande, energisk og humoristisk kontrast til dei litt sterile lokalitetane. Han meiner den parallellspråklege politikken på instituttet fungerer bra, og får ikkje understreka nok at den internasjonale delen av staben er ein uvurderleg ressurs.

— Debatten om fagspråket heng tett saman med debatten om utviklinga av det norske demokratiet Professor, instituttleiar Jarle Møen var med i utvalet som utarbeidde språkpolitiske retningslinjer på NHH. Foto: Tor Farstad

Han er likevel ikkje sikker på at sonen, om han skulle hamne her ute om ein ti års tid, kjem til å gå på ein skule som vil gjere han i stand til å skrive og snakke godt om økonomi på norsk.

To be, eller ikkje vere

Men det er heller ikkje utenkeleg.

I tillegg til sine oppgåver som forskar og instituttleiar har Møen vore del av eit arbeidsutval som gjorde grunnarbeidet for nye språkpolitiske retningslinjer ved skulen. Dei vart banka gjennom tidlegare i år, rett nok farga av kompromiss.

— Vi har eit formidlingsansvar, vi har ei rolle som samfunnsaktør, og norsk er administrasjonsspråket på NHH. Det er eit samfunnsoppdrag vi må ta på alvor, seier Møen.

Kanskje handlar ikkje den store språkstriden i våre dagar om verken nynorsk eller bokmål, samnorsk eller riks. Kanskje handlar den heller ikkje om youtubifiserte tenåringar på Snap. Kanskje er det på norske universitet og høgskular, her og no, at slaget står om ordforrådet det norske samfunnet skal ha tilgjengeleg i framtida, to be, eller ikkje vere.

På NHH er 3 av 4 som blir rekrutterte til faste, faglege stillingar frå andre land. På post.doc har nær 7 av 10 utanlandsk statsborgarskap, ifølgje dei siste tilgjengelege tala.

Nasjonalt er minst ein av fire forskarar i dag utanlandske statsborgarar, ifølgje Nifu.

Truleg er talet endå høgare, gitt at tendensen er ein jamn auke, og at innsamlinga av tala til Nifus statististikk vart gjort heilt tilbake i 2014.

Ein meir oppdatert peikepinn på det internasjonale, og dermed ikkje-norskspråklege innslaget i akademia, er talet på avlagte doktorgrader i Noreg: I 2018 tok 906 norske statsborgarar og 658 utanlandske statsborgarar doktorgraden. 42 prosent var dermed utlendingar. I løpet av ein periode på ti år, frå 2009 til 2018 vart talet på utanlandske doktorandar meir enn dobla, og det var vekst innan alle fagområde.

Og då har vi ikkje repetert eit anna statistisk faktum når det gjeld arbeidet til forskarane. Berre ein av ti fagartiklar blir publiserte på norsk.

Det var kanskje ikkje heilt den retninga Stortinget såg for seg i 1917 då det gjorde vedtak om å opprette ein handelshøgskule i Noreg etter modell av den tyske modellen for handelshochschule.

Greek, nynorsk, persisk

He’s Greek, seier Ondrej Osicka.

Det er ein av kollegaene på doktorgradsstudiet som bankar på og stikk nasen innom kontoret. Sjølv er Osicka frå Tsjekkia og i Noreg på fjerde året etter at han først kom som på utveksling til Molde. Men norsk er fortsatt gresk for han.

Høyr Nahid Rezaeinia presentere seg:

— Det var intensjonen, eg tenkte at eg måtte lære norsk for bu i Noreg. Men så snart det er ein utlending i eit rom her i Noreg, begynner nordmennene å snakke engelsk. Eg har nok vore litt lat, men alle snakkar engelsk heile tida, seier Osicka.

Til sommaren er tsjekkaren etter planen ferdig med sin norske doktorgrad på engelsk. Om han då blir i Noreg, veit han ikkje. Om han nokon gong kjem til å lære seg norsk er også i det blå, fortel han før samtalen sporar av og ei tid handlar om Tre nøtter til Askepott og andre tsjekkiske produksjonar for fjernsyn.

Ein kompis som studerte i Noreg sette Ondrej Osicka på ideen. No har tsjekkaren vore fire år i Noreg, først i Molde og no i Bergen og ph.d-program på NHH. Foto: Tor Farstad

På eit lite sofabord har Osicka sett opp eit marginalt plastikkjuletre omkransa av billige peparkaker og litt skakke, små pakkar til kollegaene – nok til å jekke opp julestemninga på stipendiatkontoret.

Det bankar på døra, igjen.

Sometimes he’s forcing us, seier Osicka med eit smil og ser på den unge kollegaen som kjem inn i rommet.

Høyr Ondrej Osicka presentere seg:

Kollegaen voks opp eit par mil nord for dette kontoret, men her er han minoritet på i alle fall to måtar: Han er norsk, og han skriv nynorsk. Det vil seie, avhandlinga skriv han på engelsk. Heile programmet er lagt opp på engelsk, der har han ikkje hatt noko reelt val.

— Eg synest det er viktig at dei lærer seg norsk, det er viktig for å klare seg vidare i Noreg, og viktig for samfunnet, seier Atle Haugen.

Han kastar eit litt ertande, men bestemt blikk på tsjekkaren.

— Men eg kjempar ikkje nokon kamp oppover i systemet. Eg held meg mest med stipendiatane og prøver å få dei engasjerte, seier Haugen.

Igjen bankar det på døra.

Og igjen.

Det kunne ha vore ein stipendiat frå for eksempel Panama. Eller USA. Eller Albania. Men denne gongen er det post.doc Yewen Hu frå Kina og deretter Mahnaz Fakhrabadi frå Iran som tittar innom. Utanom norsk er persisk morsmålet mest i omløp blant stipendiatane.

— Vi er fire frå Iran, seier Fakharadi og før ho får sagt noko meir bankar det sanneleg på døra igjen.

Høyr Gabriel Fuentes presentere seg:

Fakharadi er tidleg i ph.d-løpet, går på norskkurs og har klare planar om å bli god i norsk. Ho seier at ho elskar regnet, og får det til å høyrest heilt truverdig ut. Her vil ho gjerne bli.

— Dersom du skal få kontakt med folk, må du lære språket og kulturen. Slik er det i heile verda, du når fram til kjenslene når du kan snakke språket.

Kanskje er det persarane som må redde stumpane av det norske språket på prestisjeskulen i Bergen?

Words og handling

Språkrådet har lenge blinka med varsellampane og bjeffa mot fenomen som OsloMetropolitan (OsloMet) og Challenge Everything, det siste eit mykje omtalt marknadsføringsstunt på NTNU.

I Stavanger fekk den tidlegare rektoren tyn for å halde sin velkomsttale til dei hovudsakleg norske studentane på engelsk.

På NHH er i det minste den såkalla eksistenserklæringa, vedtatt no i desember, på norsk, ja til og med nynorsk.

Det er også eit krav at ein skal utarbeide språkpolitiske strategiar, noko NHH no har gjort, til liks med fleirtalet av andre universitet og høgskular. På andre sida av Bergen by var Høgskulen på Vestlandet først ute, og vedtok ein ambisiøs plan i 2018. Universitetet vedtok nyleg sine språkpolitiske retningslinjer. Det var første gong på nær eit kvart hundreår at universitetet fatta eit samlande vedtak om språkbruk ved institusjonen.

Velkommen, Welcome, Willkommen, Bienvenidos. Institutt for foretaksøkonomi er kanskje like multispråkleg som parallellspråkleg. Foto: Tor Farstad

Samstundes lova leiarane at no skulle det bli meir enn fagre ord framover. Og det kan bli nødvendig. Ei kartlegging Språkrådet gjorde i 2018 viste at 70 prosent av universitet og høgskular hadde innført språkpolitiske retningslinjer. Kartlegginga viste også at retningslinjene berre unntaksvis vart følgt opp i praksis.

Dei siste par åra har politikarane kome på banen.

Frå Kunnskapsdeparte-mentet har Iselin Nybø småstrengt minna sektoren på at dei har lovpålagt ansvar for ta vare på norsk språk – også som fagspråk. Det gjeldande rådet har vore at norsk og engelsk bør vere såkalla parallellspråk, noko som har vore prinsippet heile Norden har navigert etter i 15 år.

På NHH har dei frå før hatt språkpolitiske retningslinjer, vedtatt i 2010. Men berre ni år etter var dei utdaterte.

with the flow

— Situasjonen har heilt klart endra seg. Vi står no i den same spagaten som andre utdanningsinstitusjonar i Noreg. På den eine sida er vi pålagt å forvalte, bruke og utvikle norsk fagspråk og samstundes skal vi vere synlege og attraktive internasjonalt, seier Trine Dahl, som leia arbeidsgruppa på NHH som jobba fram retningslinjene. Til dagleg er ho professor i engelsk på Institutt for fagspråk og interkulturell kommunikasjon.

— Men vi løyser ikkje dette med å vedta retningslinjer. Dei må følgjast opp, det er no arbeidet må begynne.

Ho var på forskingsopphald i utlandet då det tidlegare i år hardna til i kampen om språket på NHH. Fleire skal ha signalisert at dei ville slutte i protest berre ved forslaget om at ein skulle utarbeide nye retningslinjer for språket. Etter at Dahl og arbeidsgruppa hennar hadde lagt fram forslaget til retningslinjer kokte det over, og ein tilsett skal ha levert trakasseringsvarsel til HR-avdelinga på grunn av kravet om at fast tilsette etter tre år er forventa å kunne norsk på nivå B1, eit lågare middelnivå.

Kampen var hard også internt i arbeidsgruppa.

— Det er no arbeidet må begynne, seier leiar av språkutvalet på NHH, professor i Engelsk, Trine Dahl. Ho har ingen planar om å legge retningslinjene i ein skuff. Foto: Tor Farstad

Det knappe fleirtalet, som både Dahl og Jarle Møen tilhøyrde, meinte mellom anna at norsk fortsatt skulle ha ein viktig plass i masterdelen av siviløkonomstudiet på skulen, også kalla master i økonomi og administrasjon. Det var eit prinsipp som vart slått fast i dei gamle språkpolitiske retningslinjene, utarbeidd for ti år sidan. «Engelsk når du må, norsk når du kan», heitte det det gongen.

No hadde internasjonaliseringa skote endå meir fart og det engelske språket ete seg inn i stadig fleire delar det akademiske livet. Det var viktig å stille nokon krav, meinte fleirtalet.

Det meinte ikkje mindretalet.

Dei ville heller go with the flow, så å seie, og gjere engelsk til hovudspråket for masterdelen av den tradisjonelt viktigaste utdanninga for norske siviløkonomar.

Mindretalet ville heller ikkje at det skulle vere krav om at «fast ansatte ved NHH skal ha tilstrekkelig språklig kompetanse i både norsk og engelsk til å kunne kommunisere med studenter, ansatte og eksterne kontakter på en tilfredsstillende måte».

I dei endelege retningslinjene er ordet «skal», skifta ut med «forventes å ha tilstrekkelig språklig kompetanse i både norsk og engelsk».

Kven var dette hardnakka mindretalet som kjempa mot det som utanfrå kan oppfattast som forsiktig forsøk på redde stumpane av norsk språk ved institusjonen?

Ein av dei var studentrepresentanten Ingelin Uthaug. Ein annan var Aksel Mjøs, ein storleik innan finansfag og sauebonde frå Osterøy med nynorsk hovudmål. Kanskje mindre paradoksalt var det at den tredje dissidenten var professor Gernot Peter Doppelhofer.

— Feil approach

— Det er for mye emphasis på det formale, slår han fast på det som trass alt må karakteriserast som fullt forståeleg, flytande norsk når Khrono får tak i han. — Eg synest det er eit veldig strengt krav, at ein no må lære norsk på B1-nivå og dokumentere det for å jobbe her. Eg tok aldri nokon test, men kan uttrykke meg heilt greitt på norsk.

I don’t know, legg Doppelhofer til, ei av desse kvilefrasene vi legg mellom det vi har sagt og det vi snart skal seie.

Nein, til norsk, ja to English: Professor på Institutt for samfunnsøkonomi, Gernot Doppelhofer, synest ikkje NHH bør stille strenge krav til at dei interanasjonale skal lære seg norsk i jobben. Foto: Tor Farstad

Doppelhofer er ekspert i makroøkonomi og økonomisk vekst, eller Economic growth, som det står på nettsida hans på NHH, som berre finst på engelsk. Han har bakgrunn frå prestisjetunge universitet, Columbia i USA, Cambridge i Storbritannia. No er han for lengst etablert med familien i Bergen. Men om det var i dag han skulle kome til landet, ja, då ser han ikkje borti ifrå at eit krav om å måtte lære seg norsk kunne ha bremsa ønsket om å jobbe her.

— Men meg personleg, med affinitet for norsk kultur og med familie, er kanskje ikkje det beste eksempelet. Min experience er ikkje den same som alle andre sin. Eg vil åtvare mot ein one size fits all-tankegang. Ein kan miste veldig mange smarte folk på den måten.

I dag går det fint for Doppelhofer å undervise på norsk, men det tok mange år å bli trygg nok i språket til å kunne gjere det. Han opplever ikkje at det er viktig å undervise på norsk, og seier studentar har gitt uttrykk for at dei er meir komfortable med at han underviser på engelsk.

No høyrer det med til historia at Doppelhofers morsmål ikkje er engelsk, men tysk, sidan han opphavleg er frå Austerrike. I nokre halsbrekkande sekund switcher vi samtalen til tysk, men som for å understreke eit poeng, går vi raskt tilbake til norsk.

— Til alle praktiske føremål fungerer engelsk.

Han har merka seg at Universitetet i Bergen har innført strengare krav til å lære norsk enn NHH, der må ein opp på B2 på tre år, eit betrakteleg høgare nivå enn B1.

— Eg er austerrikar og kan ikkje bestemme, men dette er ikkje nokon god ide. Det blir ei urimeleg belastning for dei som skal komme når dette kjem i tillegg til alt anna ein skal rekke over, som å publisere, bygge opp faggrupper. Nei, eg er austerrikar og kan ikkje bestemme noko som helst, men dette er ikkje ein approach eg vil anbefale.

Hej! Bye!

Hissige språkdebattar er ikkje unikt for Noreg, heller ikkje i dei tyskspråklege landa for den del.

Universiteta har «gått for langt dersom det ikkje lenger blir plass til lokale språk forelesingssalar og klasserom», seier Bernd Kortman, ein forskingsdirektør frå Freiburg, som har leia arbeidet med ein rapport for the Leauge of European Research Universities, eit konsortium av europeiske forskingsinstitusjonar.

I eit utstillingsmonter ved bokhandelen på NHH er 3 norskspråklege og 13 på engelsk utstilte, med varierande tematikk. Foto: Tor Farstad

Ved Universitetet i København har eit eige ressurssenter (Center for Internationalisering og Parallelsproglighed) sidan 2007 hatt i oppgåve å styrke den språklege kompetansen på alle nivå, også den engelskspråklege. I dag er dei 25 tilsette som både underviser og forskar på korleis ein best mogleg kan få dansk og engelsk til å fungere som parallelle språk – og mange andre språk som også er morsmål for studentar og tilsette på universitetet.

— Vi har inga lov som pålegg universitet og høgskular å ta vare på dansk, tilsvarande det de har i Noreg. Men situasjonen er nok elles svært lik, med høg andel internasjonalt tilsette, opp mot 50 prosent på dei naturvitskapelege institutta, seier leiar for ressurssenteret, Anne Holmen.

Det er eit skilje, meiner ho, mellom dei reine profesjonsutdanningane som har ei tydeleg oppgåve i å sikre legar, lærarar, tannlegar og sjukepleiarar til det danske samfunnet.

— Dette er lett å argumentere for. Men når det gjeld fag som ikkje er profesjonsretta blir det vesentleg at ein har ei formidlingsoppgåve i samfunnet, som jo også har betalt for forskinga i form av skattepengar og må forvente å få noko tilbake, seier Holmen.

Ei enno ikkje publisert spørjeundersøking frå senteret ho leiar har mellom anna funne dette:

Internasjonale medarbeidarar kjenner seg lurt fordi instituttleiarane har ein tendens til å fortelje dei at dei ikkje treng å lære dansk.

— Så oppdagar dei på eit seinare tidspunkt at det er ei stor løgn. Dei er nøydde til å lære språket for kunne ta del i universitetslivet og utvikle karrieren. Universiteta i Norden har eigentleg ikkje noko val, dei må vidareutvikle både lokalspråk og engelsk både i forsking, formidling andre delar av drifta, seier Holmen – før ho avsluttar samtalen med eit dansk hej som «ha det».

Og sanneleleg slenger ho ikkje på eit lite bye før ho legg på.

— I live in Fusa

Bak ei av kontordørene i Merinobygget finn vi ei som slett ikkje kjenner seg snytt.

Haiying Jia er frå det nordlege Kina. Og så har ho jobba og budd i Hong Kong. Og London. Og Cambridge, Massachusetts. Og no, altså, Bergen. Eller, vent.

I live in Fusa.

Shippingekspert Haiying Jia har kinesisk som morsmål og ser på engelsk som eit rasjonelt val. Foto: Tor Farstad

Fusa er ein kommune utanfor Bergen, og der ligg Holmefjord, ein liten village. Der bur ho saman med sin norske mann, som er professor på NHH, og deira to trespråklege barn. Innimellom er svigermor innom og ymtar om at svigerdottera burde få skikk på nynorsken.

Men Jia held seg til engelsk, trass i at ho har vore i Noreg i ti år no.

English is more efficient. Det er ikkje opp til meg å bestemme om nordmenn bør halde på språket. Foreigners may occasionally feel left out, seier ho. Jia har fått med seg at det er ein debatt, og seier ho opplever at enkelte kollegaer synest ho burde snakke norsk.

I hennar felt, som er shipping (eit engelsk ord som står i den norske ordlista), er norske ord er ikkje mykje brukt, ifølgje Jia. Til og med nordmenn i shippingfaget kjem til kort på norsk. Men kva no når NHH har innført krav, vel, forventningar, til at alle skal kunne handtere norsken?

— Eg har skjønt at ulike institutt praktiserer dette ulikt.

Om retningslinjene ikkje er godt nok kommunisert på engelsk, er uvisst. Men Jia er i alle fall ikkje heilt sikkker på kva som eigentleg blir forventa av henne.

Master of økonomi

Tilbake på kontoret er instituttleiar Møen opptatt av å balansere bildet. Språk er eit kjenslevart tema, som ein no har erfart på NHH, og det gjeld å gjere det beste ut av situasjonen.

Sånn sett er det ein siger at dei har samla seg om ein språkpolitisk strategi der parallellspråkprinsippet fortatt skal gjelde og at både engelsk og norsk skal vere viktige språk i masterstudiet. Språkrådet har då også nærast skamrost NHH for det ikkje heilt enkle, men gode språkarbeidet dei har gjort.

— Ingen er imot internasjonalisering. Men eg trur dette kan ha kamuflert litt den språklege endringa. Det starta med at ein skulle ha eit tilbod til internasjonale studentar og styrke engelskkunnskapen blant dei norske studentane. Deretter er internasjonalisering og rekruttering blitt ei drivkraft i seg sjølv for å endre undervisningsspråket til engelsk, seier han.

Med delar av utdanninga frå utlandet og ei kone som er tamil, kan heller ikkje Møen skuldast for å vere utprega heimføding.

Han rettar på brillene.

Det neste slaget vil stå om undervisningsspråket på master, eller diskusjonen eller utfordringa som instituttleiaren heller vil kalle det.

I 2005 var 37 prosent av masterkursa som utdannar siviløkonomar på NHH på engelsk. I studieåret 2017/18 var talet oppe i 75 prosent engelsk. Samstundes var 84 prosent av studentane norske. Berre på bachelor er norsk fortsatt hovudspråket.

— Dette er ikkje ein spesifikk tendens for NHH, dette er ei nasjonal utfordring. Det er udiskutabelt at studentane har mykje større behov for å beherske engelsk på eit høgare nivå enn før. Nokon jobbar internasjonalt, og delar av arbeidslivet i Noreg er også veldig internasjonalt. Det medfører ikkje at det har blitt mindre viktig. Eg høyrer det når næringslivsfolk kjem tilbake og snakkar. Nokon verkar aldeles bevisstlause i måten dei puttar engelsk inn i språket, seier Møen.

Men han er altså ingen krigar, han er professor, og ingen grå, sur eller pessimistisk ein – tvert imot.

— Internasjonal rekruttering gir oss stor tilgang til fagkompetanse og internasjonale nettverk. Det er ei viktig leiaroppgåve å sørge for at balansen blir riktig, slik at vi kan ta vare på norsk fagspråk og finne ut korleis internasjonalt rekrutterte også kan bidra i det norske samfunnet som det er NHH si oppgåve å støtte.

«Seminar» - eit ord som fungerer på både norsk og engelsk – for heile Institutt for foretaksøkonomi med instituttleiar Jarle Møen i spissen. Årleg søker rundt 200 på stipendiatstillingane ved instituttet, berre ein handfull er norske. Foto: Tor Farstad

Ute i gangen og kaffikroken er samtalane mellom kollegaer i ei —for ein utanforståande — litt forvirrande blanding av norsk og engelsk (og litt persisk). Det er sjølvsagt ein glidande overgang mellom fag og sosialt liv.

Jul, jul, strålande Christmas

— Det einaste som ikkje er på engelsk her no, er instituttstyremøta, seier Møen.

For nokre år sidan heldt instituttleiaren talen på julebordet på norsk. Not anymore. Julebordet, eller the Christmas table, som det heiter, er slik sett blitt meir inkluderande. Det er nødvendig, Institutt for foretaksøkonomi er og skal vere inkluderande, meiner Møen.

Men at det skulle finnast ein naturlov som seier at engelsk til slutt må ta over alt, trur han ikkje på.

— Kanskje er det mindre overraskande om vi på eit tidspunkt swithcher til kinesisk, seier professoren.

Swichter?

Han tar seg i det.

Velkommen til vårt kommentarfelt
Logg inn med en Google-konto, eller ved å opprette en Commento-konto gjennom å trykke på Login under. (Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang)

Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se Khronos debattregler her. God debatt!
Powered by Labrador CMS