Debatt ● Benedicte Carlsen og Martin Paulsen
Akademisk fridom – ein hjørnestein for det moderne universitetet
Den ferskaste utgåva av den internasjonale Academic Freedom Index syner at akademisk fridom er på tilbakegang internasjonalt. Kva kan vi i Noreg gjere?
Denne teksten er et debattinnlegg. Innholdet i teksten uttrykker forfatterens egen mening.
I august tok nicaraguanske styresmakter kontroll over eigedommane til Universidad Centroamericana i Managua, det eldste private universitetet i Mellom-Amerika. Dei skulda universitetet for å vere eit «terrorist-bol» leia av «forrædarar». Universitetet vart raskt gjenopna, med nytt namn og ny leiing. Hendinga er ei i rekka av episodar som syner at akademisk fridom er under angrep internasjonalt.
Akademisk fridom har vore ein kjerneverdi for universitet internasjonalt i ei årrekke. Det såkalla Magna Charta Universitatum frå 1988 slår fast at
1) forsking og undervisning skal vere intellektuelt og moralsk uavhengig av alle politiske og økonomiske interessar;
2) undervising og forsking bør vere uskiljelege, med studentar engasjert i jakta på kunnskap og utvikling av ei breidare forståing;
3) universitetet skal være ein stad for fri utforskning og debatt, prega av openheit i dialog og avvisning av intoleranse.
Magna Charta Universitatum er ei erklæring utarbeida av universiteta sjølve. Erklæringa vart fornya i 2020, og vi ser diverre at slike erklæringar no er minst like viktig som nokon gong tidlegare. Den ferskaste utgåva av den internasjonale Academic Freedom Index (AFI) syner at akademisk fridom er på tilbakegang internasjonalt, dette gjeld særleg i Asia og på det amerikanske kontinentet. Fordi dette gjeld store land som India, Kina og USA rammer det store delar av folkesetnaden i verda. I India, ofte omtala som det største demokratiet i verda, har vi vore vitne til ein demokratisk tilbakegang det siste tiåret. Det har råka det akademiske livet hardt, særleg institusjonane sitt høve til å styre seg sjølve og dei einskilde forskarane sin ytringsfridom.
USA vert gjerne løfta fram når ein snakkar om forsking av høg internasjonal kvalitet, men òg her har vi sett ei negativ utvikling dei siste åra. I USA er det særleg utviklinga på delstatsnivå som gir grunn til uro. AFI-rapporten syner at minst ni delstatar har vedteke lovar som forbyr undervising i «kritisk raseteori» i høgare utdanningsinstitusjonar. Ein ser òg at sterke lobbygruppar freistar å få styresmakter på delstatsnivå til å kutte finansieringa av spesifikke akademiske felt som kjønn- og minoritetsstudiar og klimaforsking.
Internasjonalt og i Noreg har vi fleire ordningar UiB for å hjelpe akademikarar og studentar som har vorte frarøva sin akademiske fridom. Gjennom ordningane Scholars at Risk og Scholar Rescue Fund kan internasjonale forskarar få ei frihamn ved UiB for ein periode. Det same gjeld for studentar, gjennom ordninga Students at Risk.
Sait Matty Jaw er ein som fekk denne sjansen i 2015. Jaw mista retten til å studere i heimlandet Gambia, på grunn av sitt politiske engasjement. Gjennom Students at Risk fekk han høve til å ta ein mastergrad i Noreg. Då han var ferdig hadde tilhøva i heimlandet endra seg og han kunne returnere for å bidra til å byggje demokrati i heimlandet. På AFI-indeksen ser vi at hans heimland, Gambia, er ein av dei få landa som har vist framgang dei siste åra. Dette har gitt Jaw det rommet han trengte for å etablere ein tenketank i hovudstaden Banjul og bidra som forelesar på eit av dei største universiteta i landet.
I medieomtalen av universiteta våre kan ein ofte få inntrykk av at akademia er ein konkurransearena på linje med toppidretten. Realiteten er at forsking er ei felles jakt på større innsikter i den verda vi alle er ein del av. Akademisk fridom er ein kjerneverdi for Universitetet i Bergen og for å kunne fylle rolla vår som eit moderne universitet er vi avhengige av at våre samarbeidspartnarar har full fridom til å drive si forsking. Den 2. november ønskjer UiB både Jaw og andre internasjonale forskarar velkomne til Bergen for ein konferanse som retter merksemda mot utfordingar knytte til akademisk fridom både internasjonalt og her i Noreg.
Nyeste artikler
Forskning og innovasjon for framtid, nysgjerrighet og nytte
Sintef-sjef og Midtøsten-forsker kan bli Årets trønder
En akademisk julefortelling
Hun fikk samme jobb tre ganger. Nå er hun klar for nye oppgaver
Fortelling er beredskap
Mest lest
Tidligere har hun fått drapstrusler for forskningen sin. Men nå har det skjedd noe
Disse universitetslederne publiserer minst og mest
Ikke lønnsøkning før i mars og april. Advarer mot skattesmell
Forskaren vaks opp i Israel. No veit han ikkje om han vil reisa tilbake
Varslere står fram med alvorlige anklager mot Tromsø-professor