khrono helg

Han har kompetanse i fire undervisningsfag, og er med det temmeleg unik som lærar. For kor godt fungerer eigentleg lærarutdanninga for skuleverket?

Bildet viser Sivert Vinjevoll Årdal ved tavle
Sivert Vinjevoll Årdal er kontaktlærar på 10.trinn på Olsvik skole. Han tok eit ekstra fag, og har slik 60 studiepoeng i heile fire undervisningsfag.

Her underviser Sivert (27) i matematikk. Det kunne like gjerne vore norsk, engelsk eller naturfag

— Me reiser oss!

Sivert Vinjevoll Årdal ønskjer «god morgon» til ein 10.klasse ved Olsvik skole i Bergen. Denne fredagsmorgonen er det matematikk som står på menyen, og læraren repeterer raskt funksjonar for elevane før dei går vidare.

Matematikk er eit av fire undervisningsfag Årdal har. Det gjer han ganske unik.

For i den femårige grunnskulelærarutdanninga for 5.-10.trinn er det berre plass til to heile undervisningsfag, altså fag med 60 studiepoeng, i tillegg til pedagogikk og didaktikk. Skal ein undervisa på ungdomsskulen, er det krav om så mange studiepoeng i norsk, matte og engelsk, og krav om 30 studiepoeng i alle andre fag. På barneskulen er kravet at lærarane har minst 30 studiepoeng i matematikk, norsk og engelsk.

— Ein kandidat som Sivert kan dekka eit stort spekter, seier avdelingsleiar Roger Toftevåg nøgd.

Jobbar tverrfagleg

Då kampen for campus og lærarutdanning på Nesna rasa, var det distriktlærarutdanning som var i fokus. Laksemillionær Aino Olaisen har, saman med mellom andre gamlerektoren Arna Meisfjord, gått i bresjen for framtidas distriktsskule.

«Et viktig første trinn for å sikre rekruttering av lærere til distriktsskolene, er at vedtaket om å fjerne allmennlærerens kompetanse til å undervise i alle grunnskolens fag, blir opphevet», slår styringsdokumentet fast.

— Vi treng allroundarar. Spesialisering og mastergradar er vel og bra for skular med 800 elevar, men når du skal undervisa 4, ja, då trengst det ein annan kompetanse, sa Olaisen til Khrono i 2021.

Ho fekk støtte frå Meisfjord, som peika på at det var pedagogikk for fådelte skular som hadde vore Høgskolen på Nesna sin spesialitet.

Men òg på ein stor skule er det krevjande å få det til å gå rundt dersom ein lærar berre kan undervisa i to fag. Olsvik skole har over 600 elevar fordelt på ti trinn, og er ein av dei største grunnskulane i Bergen kommune.

— Når lærarane har to undervisningsfag, gjer det at ein har veldig mange lærarar innom klassen i løpet av ei veke, og ingen kjenner elevane godt nok, seier Roger Toftevåg.

Han fortel korleis dei løyser det på Olsvik skole:

— Me jobbar tverrfagleg i team. Det vil seia at alle undervisningsopplegga er laga i samarbeid med nokon som har undervisningskompetanse, men så er det eventuelt andre som gjennomfører sjølve undervisninga. Det er ikkje den beste løysinga, ideelt burde ein som brenn for faget òg formidla, seier avdelingsleiaren.

For mindre skular trur han løysinga kan verta at fleire skular må dela på ein lærar.

— Det gjer ein allereie i dag i framandspråk som til dømes fransk, spansk, tysk og morsmålsfaga.

Bildet viser Roger Toftevåg og Sivert Vinje Årdal
Avdelingsleiar Roger Toftevåg (til venstre) fortel om eit stort arbeid for å få timeplanar til å gå opp. Sjølv på ein stor skule som Olsvik er det krevjande at lærarane ikkje har meir enn to undervisningsfag, for skuleleiinga ønskjer at nokre lærar vert godt kjende med elevane og har dei i fleire fag. Sivert Vinjevoll Årdal kan undervisa i heile fire av dei store faga på ungdomsskulen.

— Ein treng ikkje mastergrad

Peder Haug, professor emeritus i pedagogikk ved Høgskulen i Volda, har tidlegare teke til orde for å gjera masteroppgåve for lærarutdanninga valfri.

— Forskinga tyder på at det å ha fagleg breidde er vel så viktig for lærarar som det å ha omfattande fagleg djupne. Fagleg kunnskap er grunnleggande og nødvendig. Men då lærarutdanninga vart utvida til fem år, hadde ein valet mellom å halda oppe fleire fag i utdanninga, eller avgrensa til ei fordjuping i færre. Ein valde det siste, og med det skapte ein ei lærarutdanning som ikkje er tilpassa store delar av det norske terrenget, sa Haug.

— Sett på spissen har reformene ført til ei lærarutdanning som er laga for storbyane.

Haug meiner ein kunne greidd ut alternative løysingar då lærarutdanninga vart femårig. Ei løysing kunne vore at ein ikkje kan ta mastergrad i eitt skulefag, men at masteroppgåva skal vera eit pedagogisk arbeid der ein nytta fleire fag.

Haug får støtte frå Karl Jan Solstad. Forskaren frå Nordlandsforsking seier til Khrono at det er eit paradoks at jo lenger lærarutdanninga har vorte, dess færre fag er lærarane kvalifiserte til å undervisa i.

— Det byrja rundt år 2000 og handlar om eit press skapt av internasjonale tabellar, som Pisa-undersøkinga. I arbeidet mitt har eg intervjua skuleleiarar i samband med saker om skulestruktur i kommunar. Særleg ved små skular kan det no verta vanskelegare å få tak i formelt kvalifiserte lærarar.

Solstad seier at han er i tvil om ein bør ha ei eiga lærarutdanning for distriktsskulane.

— Men då det vart vedteke at det igjen skulle vera lærarutdanning på Nesna, kunne ein laga ein klar profil retta mot distrikta. Utdanninga må likevel vera slik at ein både vert kvalifisert for å arbeida på små skular der ein har fleire trinn samstundes, og som lærar generelt.

— Treng ein mastergrad for å undervisa på dei yngste trinna?

— Neidå, det er klart at ein ikkje treng det.

Solstad legg til:

— Ein treng ikkje det faglege nivået, det er vel så viktig at ein har gode pedagogar.

Bildet viser lærer Sivert Vinjevoll Årdal ved tavle
Eg likar matte og naturfag, og eg er ein lesehest, seier Sivert Vinjevoll Årdal. 27-åringen er siste kull grunnskulelærar etter fireårig ordning, men har teke eit ekstra år fordi han så gjerne ville kunne undervisa i naturfag på ungdomsskulen.

Ville ha naturfag, fekk norsk

Attende til Olsvik skole, der det snart er vinterferie. Ute er ein av dei yngste klassane på veg frå eit bygg til eit anna. 10. klassingane må hugsa å søkja om plass på vidaregåande skule før dei kan ta ferie.

Men korleis har Sivert Vinjevoll Årdal klart å få undervisningskompetanse i både norsk, matematikk, engelsk og naturfag?

Her er oppskrifta:

Han var siste kull som begynte på fireårig grunnskulelærarutdanning i Sogndal. Då hadde han val mellom matte eller norsk og gym eller engelsk. Han tok matte og engelsk.

— Det var mange som hoppa av og gjekk over til å ta master. Men eg ville fullføra etter gamal ordning, og eg ville ha naturfag som det tredje faget. Eg søkte meg til Høgskulen på Vestlandet (HVL) si avdeling i Bergen, sidan HVL i Sogndal ikkje hadde tilbod om 60 studiepoeng i naturfag. Men fordi eg kom frå ein annan campus, stod eg sist i køen og fekk ikkje plass på naturfag. Då vart det norsk i staden, fortel læraren.

Ferdig utdanna med norsk, matte og engelsk viste det seg likevel at det vart vanskeleg å få lærarjobb i Bergen.

— Eg ville framleis ta naturfag, seier 27-åringen og smiler.

— Så planen var at eg kunne studera på fulltid nettbasert ved NLA Høgskolen og i tillegg jobba hundre prosent. Men eg søkte alle skular som hadde ledige stillingar, utan å få napp. I august vart eg ringt opp med tilbod om 60 prosent stilling ved ein av skulane der eg hadde vore på intervju. Det takka eg ja til.

Samstundes klarte han å fullføra studiet. Og året etter, i 2021, fekk han full stilling ved Olsvik — faktisk utan å bruka eit av faga han har undervisningskompetanse i. Per no underviser han ikkje i engelsk.

Ønskjer seg meir mangfald

— Dersom rammeplanane for grunnskulelærarutdanningane hadde opna for fag av større mangfald, kunne me fått større variasjon.

Det seier Asle Holthe. Han er dekan ved Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett ved Høgskulen på Vestlandet, ein av dei største lærarutdanningsinstitusjonane i Noreg, og han leiar Universitets- og høgskulerådet sitt fagstrategiske råd for lærarutdanning.

I rammeplanen heiter det at dei som tek grunnskulelærarutdanning 5.-10. skal ha minst to undervisningsfag, kvar av dei på 60 studiepoeng. Det kan òg vera plass til eit tredje fag, på 30 studiepoeng, men her kan studentane velja å ta spesialpedagogikk, profesjonsretta pedagogikk eller det som heiter eit skulerelevant fag. For grunnskulelærarutdanning 1.-7. skal alle ha tre undervisningsfag, men det kan vera plass til eit fjerde.

— Dersom rammeplanane var mindre rigide, kunne ein til dømes hatt eit fag med 30 studiepoeng naturfag og 30 studiepoeng samfunnsfag, altså 60 studiepoeng totalt, seier Holthe.

— Eg meiner større mangfald hadde vore ein stor fordel.

Dekanen seier at studentane får informasjon om kva som er dei store skulefaga, og han seier at mange studentar endrar tankar om kva fag dei ønskjer å ta etter å ha hatt praksis.

— Tilrår de studentane å ta nokre spesielle fag, slik at dei får ein arbeidskvardag der dei ikkje er innom så mange ulike klassar?

— Kor mange klassar ein har undervisning i, heng saman med kor stort skulefaget er. Vel ein mat og helse og KRLE må ein innom mange klassar, har ein norsk og engelsk vert det færre. Men me er ikkje aktive i å fråråda enkelte fagkombinasjonar, det er òg store kompetansebehov i skulen i dei mindre faga, seier Holthe.

Oppteken av relasjonar

Sivert Vinjevoll Årdal er kontaktlærar i ein av fire klassar på 10.trinn på Olsvik skole. Han seier han synest det er like kjekt å undervisa i alle faga.

— Som kontaktlærar er det ein fordel å ha så mange fag. Eg er meir i klassen enn den andre kontaktlæraren. Når ein er mykje i klassen skaper ein relasjonar til elevane mykje fortare.

For å skapa relasjonar er viktig, seier avdelingsleiar Toftevåg. Han har sjølv mellom anna matematikk som fag, men underviser no berre sju timar i veka.

— Me ser etterdønningar etter pandemien. Å ha fire fag slik som Sivert er ikkje vanleg, men eg ønskjer ikkje at me går mot amerikanske tilstandar der lærarane eig klasserommet og elevane berre kjem inn, seier han.

— Det som ligg bak kompetansekravet er nok at norske elevar ligg bak fagleg, når ein ser på undersøkingar som Pisa-undersøkinga. Men trivselen hos norske elevar er høgare. Så dette verkar ikkje heilt gjennomtenkt dersom ein ønskjer å halda fast ved den høge graden av trivsel i klasseromma.

Manglar kompetanse i praktisk-estetiske fag

Dekan Asle Holthe er tydeleg: Masterutdanning for lærarar er eit gode.

— Læraryrket er eit krevjande yrke, og det er viktig at lærarane kan utvikla sin eigen kunnskap, ikkje berre reproduserer. Masterkravet styrkjer kvaliteten i skulen, seier han.

— Khrono har tidlegare fortalt om skulen på Sørarnøy, med 25 elevar, og no om Olsvik skole med over 600 elevar. Korleis sikrar de at lærarane kan jobba på så ulike skular?

— Politikken er, og har vore lenge, at ein skal utdanna lærarar som kan jobba i heile landet. Samstundes skal me rusta studentane til å jobba ved ulike typar skular. Her er kor ein har praksis viktig. Me er opptekne av at studentane våre skal ha det ved både store og mindre skular.

Holthe viser til den ferske SSB-rapporten «Lærerkompetanse i grunnskolen» . Den viser at for dei tre store skulefaga norsk, engelsk og matematikk, er det ein stor andel av lærarane som har undervisningskompetanse. Det er flest norsklærarar som har slik kompetanse. Ser ein på dei praktisk-estetiske faga, som mat og helse, musikk og kunst og handverk, er tala heilt annleis. Her er det mange som underviser utan å ha studiepoeng i desse faga.

Som ei stor lærarutdanning er HVL opptekne av at dei skal tilby 60 studiepoeng i alle skulefaga. Mat og helse, som dei har, er eitt av faga det er få utdanningsinstitusjonar som tilbyr.

— Ei nasjonal utfordring er at ein ikkje veit om ein utdannar lærarar i dei faga skulane faktisk har bruk for, seier Holthe.

Powered by Labrador CMS