Han har tre rektorkontor på tre ulike campusar, køyrer 30 000 kilometer årleg i jobben, og snart er han den lengstsitjande universitetsrektoren i landet.

Han er den eldste universitetsrektoren i Noreg. Men så gamal at han synest alt var betre før, er han heldigvis ikkje, seier Petter Aasen om seg sjølv.

Neste år har Petter Aasen vore rektor i 16 år. Då skal han ta sin PC og gå

Publisert Oppdatert

— Eg hadde ikkje tenkt å halda på så lenge.

Han har vore leiar sidan 1998, først for Nifu, så for høgskular og universitet. Neste år er det slutt.

Petter Aasen smiler.

Det er femten år sidan han kom frå direktørstilling ved Nifu og vart rektor ved ein høgare utdanningsinstitusjon, den gongen ved Høgskolen i Vestfold. Så vart denne høgskulen ein del av Høgskolen i Buskerud og Vestfold, før det vart ein ny fusjon som vart Høgskolen i Søraust-Noreg. Og frå 2018 vart Aasen universitetsrektor, ved Universitetet i Søraust-Noreg (USN).

Den lange leiarperioden gjer at han, så langt Khrono har klart å finna ut, har rektorrekord ved ein offentleg høgskule eller universitet. Jørn Wroldsen ved dåverande Høgskolen i Gjøvik hamnar så vidt bak. Aller lengst har per no Vidar Haanes site som rektor, har vart rektor ved MF vitskapeleg høgskule allereie i 2005.

Men no er det snart slutt. Denne helga fyller Aasen 70, og frå 1. januar 2024 er han strengt teke pensjonist. Før helga vedtok styret ved USN at han skal få sitja ut perioden, sjølv om han strengt teke er over aldersgrensa.

Men:

— Eit premiss for å halda på så lenge har vore at dersom helsa held, hovudet er klart og motivasjonen framleis er der, skal eg etter 16 og eit halvt år som rektor, få eit par sabbatsår. Eg har òg tilbod om gjesteopphald ved eit universitet i utlandet, seier Aasen.

Fakta

Petter Aasen

  • Rektor ved Høgskolen i Vestfold frå 2007. Vart så rektor ved Høgskolen i Buskerud og Vestfold, deretter den fusjonerte Høgskolen i Søraust-Noreg, som seinare vart Universitetet i Søraust-Noreg, i 2016.
  • Var direktør ved Nifu frå 1998 og fram til han vart rektor ved Høgskolen i Vestfold.
  • Har òg vore dekan ved dåverande Universitetet i Trondheim og ved NTNU
  • Er professor i utdanningsvitskap
  • Fødd 23.oktober 1952
  • Æresdoktor ved Uppsala universitet

Han har forska og publisert ein del saman med kollegaer nasjonalt og internasjonalt parallelt med rektorstillinga, og har mykje materiale som han tenkjer vil vera verd å skriva ut og publisera.

Meiner det er plass til mangfald

Som rektor for eit av dei nye universiteta, og for eit av universiteta som er samfunns- og arbeidslivsretta og som mellom anna utdannar til profesjonar som ingeniørar, lærarar, sjukepleiarar og sosialarbeidarar, har Aasen uttalt seg til Khrono både om finansiering og om skilnader mellom institusjonane.

Mellom anna var han tydeleg i saka om at å leia Universitets- og høgskolerådet (UHR) er noko som bør gå på rundgang — ikkje berre noko dei «gamle» universiteta bør gjera.

Han har òg sagt at det er uforklarlege skilnader i finansieringa av institusjonane, og har snakka varmt om ein politikk som kan sikra tilgang til høgare utdanning over heile landet.

— Eg er oppteken av perspektivmangfald. Me har ein annan profil og eit anna samfunnsmandat enn dei gamle disiplinuniversiteta, og me søkjer internasjonalt samarbeid med leiande engaged and entrepreneurial universitet som liknar på oss, seier Aasen til Khrono denne haustdagen.

– Kvalitet og excellence er avgjerande i all høgare utdanning og forsking, samtidig er eg oppteken av å utvikla mangfald i universitetssektoren og at det er ulike kvalitetsdimensjonar som må takast vare på.

Han har nettopp vore med på debatt om opptakssystem til høgare utdanning, og tatt til orde for at ein bør sjå nærare på eit tilbod om eit studieførebuande år, før studentane går i gang med sjølve grada si. Kanskje kan dette gjera noko med gjennomføringa?

— Dei nye universiteta er tettare på både samfunnsliv og arbeidsliv. Eg meiner me må ha plass til ulike typar universitet, seier Aasen, og fortel at ein viktig del av prosessen med å danna éin større og sterkare høgare utdanningsinstitusjon i søraust var å få regionen med på laget.

— Eg er oppteken av regionalt nærvær og den geografiske lokaliseringa til kunnskapen og kompetansen, seier Aasen.

I dag har USN åtte universitetscampus. I tillegg har dei nyleg starta desentral utdanning både i Midt-Telemark og Hallingdal. Kriteriet for å få studieplass var, i tillegg til studiekompetanse, bustadadresse i nærområdet, og søkjartala har vore overraskande gode. 285 søkjarar ønska seg ein av dei 25 studieplassane for sjukepleiestudiet i Hallingdal.

— Dei som søkjer desse studia har gjerne bindingar som gjer at det er vanskeleg å reisa vekk for å studera. Samstundes veit ein at mange av dei som tek desentral utdanning vert verandre i regionen etterpå, seier Aasen.

Kunne kutta, men...

Først fekk ein høgskulereforma tidleg på 1990-talet der svært mange høgskular vart slegne saman til større einingar. Desse einingane vart endå større då Solberg-regjeringa stod bak Saks-prosessen frå 2014. Resultatet vart færre, men større institusjonar, fleire av dei med fleire campus.

Å driva fleircampus-institusjonar er dyrt. Aasen seier han er glad for at regjeringsplattforma til Støre-regjeringa følgjer opp strukturreforma til Solberg-regjeringa gjennom å argumentera for geografisk nærvær i distrikta og betre finansiering av fleircampus-institusjonar med ny nasjonal finansieringsordning.

— Det er dyrt å driva åtte stader. Me kunne prioritert økonomi og styringsparameter ved å konsentrera oss om ein, to eller tre stader. Men då hadde me ikkje innfridd samfunnsmandatet vårt og eigne ambisjonar. Tvert om, det hadde styrka sentraliseringa.

I dag er fagskular noko av det som vert peika på som desentral utdanning. Samstundes går det ein debatt om kva fagskulane skal vera og ikkje. Rektor Aasen er oppteken av at ein bør sjå på overgangar frå fagskule til høgare utdanning.

— Me har utvikla ein modell innanfor maritim profesjonsutdanning i dialog med næringa, som eg meiner kan vera mal for utviklinga innanfor andre fagområde. Høyskolen Kristiania har òg nokre modellar som eg meiner ein bør kunne jobba vidare med, seier han.

Den første som tok gymnaset

Tidleg på 1970-talet vart unge Petter Aasen student, i ei tid der utdanning vart tilgjengeleg for fleire. Hans familie var ikkje noko unntak.

— Eg var den første i min familie som tok gymnaset. Foreldra mine oppmoda meg til å ta den utdanninga dei sjølve ikkje hadde moglegheit til å ta.

Med finansiering frå Lånekassen og opne studium, og stadig eit (demonstrasjons)tog som gjekk, var det lagt til rette for interessante studieår. Aasen var på utveksling i USA allereie som gymnaselev, og tok deretter høgare utdanning der. Attende i Noreg vart han oppmoda om å søkja eit stipend, og deretter vart det doktorgrad ved Universitetet i Trondheim (no NTNU).

Faget er utdanningsvitskap, det vitskaplege studiet av utdanning, både i skule, høgare utdanning og elles i samfunnet.

— Som stipendiat og seinare tilsett ved Universitetet i Trondheim kom eg inn i eit utdanningshistorisk miljø, med fokus på samtidshistorie. Vegen var då ikkje lang til utdanningspolitikk og educational policy studies, som etter kvart vart fagfeltet mitt, seier Aasen.

— Korleis har dagens studentar endra seg frå då du var student?

— For det første var det langt færre som studerte. Artiumskulen var ein fagspesifikk utvalsskule. Noko slikt som spesialpedagogar såg ein aldri. Det var symja eller søkka. Gymnaset var nok ein annan formativ arena enn vidaregåande opplæring er i dag, og forventningane våre til studentlivet var nok òg annleis enn i dag, seier Aasen.

Møter ikkje student-behov

Den siste SHoT-undersøkinga (studentane si helse- og trivselsundersøking, journ.anm) viser store utfordringar, mellom anna knytt til psykisk helse.

— SHoT reflekterer nokre samfunnsutfordringar, men eg trur òg at høgare utdanningsinstitusjonar ikkje er flinke nok. Ein bør jobba annleis enn ein gjer i dag. Studentane kjem til oss og forventar å verta tekne vare på som heile menneske. Sjølv om mykje er annleis i dag enn då eg byrja å studera, viser undersøkinga at me ikkje klarer å møta forventningane og behova til studentane. Eg er heldigvis enno ikkje så gammal at eg synest alt var betre før, seier Aasen, og legg til:

— Eg er ikkje av dei som meiner at me har mange i høgare utdanning som ikkje burde vera der. Utfordringa er at me må arbeida annleis enn ein gjorde før.

— Fokuserer ein på at studentane kjem frå ein vidaregåande skule der det ikkje er tradisjonelle førelesingar?

— Me er nok flinkare med studentaktive læringsformer enn før, sjølv om det nok framleis er mykje klasseromsundervisning. Eg er oppteken av at ein ikkje skal legga opp til aktivitetar for aktiviteten si skuld, men samstundes er eg samd i det som har stått i Khrono om at ein nok ikkje har vore flink nok til å fornya universitetspedagogikken. Eit universitet bør først og fremst møta utfordringane som er avdekt i SHoT-undersøkinga med eit godt og inkluderande læringsmiljø.

No fyller han 70. Men bursdagsfeiring har Petter Aasen ikkje tid til. Han er ikkje så oppteken av alder, seier han.

Mykje jobb, lite kanapear

Åtte campus betyr til dels store avstandar. Petter Aasen er kjent for å farta rundt i bil.

— Kor mange kilometer køyrer du i året?

— Det vert omlag 30 000 i jobbsamanheng.

Sjølv om han tek ein del møte frå bilen og utformar saksdokument, foredrag og artiklar i tankane, slik at det berre er å skriva ned når han sit ved tastaturet, legg ikkje rektoren skjul på at det vert lange dagar.

— Eg prøver å vera på kontoret til klokka 7, og så er målet å koma meg heim til Dagsnytt 18. Etter å ha høyrt på sendinga medan eg et middag, har eg ei jobbeøkt på to-tre timar. Deretter blir det litt kroppsleg vedlikehald før sengetid. Dessverre har det med åra vorte omtrent same dagsrytme i helgane, seier Aasen og legg til at han etter kvart er vorte flinkare til å prioritera arbeidsoppgåver og takka nei til representasjon, kanapear og middagar.

— Eg jobbar hardt for å kompensera for svakt talent, seier han og ler.

– Dessutan har eg dyktige medarbeidarar som gir meg inspirasjon og energi. Å bygga ein institusjon er eit samarbeidsprosjekt.

Han har rektorkontor på tre av campusane.

— Sjølv om det ved kommande årsskifte er eit år att av siste rektorperiode har du kanskje begynt å pakka og rydda?

— Nei, eg praktiserer clean desk på alle tre kontora. Så når eg sluttar, er det ikkje spor att etter meg.

Han er trygg på at det vil gå bra, og seier at USN no er godt etablert og har god vind i ryggen. Styret har vedtatt ein strategi som stikk ut kursen dei neste fem åra. Denne vil ytterlegare styrka USN som eit regionalt forankra og internasjonalt anerkjent samfunns- og arbeidslivsintegrert universitet.

— Når eg går av om vel eitt år, vil nye krefter overta. Eg er heilt sikker på at Einar Førde hadde rett når han sa at «kyrkjegarden er full av uerstattelege menneske».

Endringslogg: 24.10 lø 08.33: Lagt til at Vidar Haanes har site som rektor sidan 2005

Powered by Labrador CMS