universitet i bergen

Vil ikkje ta boikott-sak opp på nytt

Styret ved Universitetet i Bergen vil ikkje ta stilling til akademisk boikott av Israel på nytt. Demonstrantane utanfor universitetet diskuterte torsdag ettermiddag kva dei skal gjere vidare.

Inne i eit telt ved Muséplassen 1 følgde demonstrantane med på det digitale universitetsstyremøtet.
Publisert Oppdatert

— Me følgjer med på møtet. Etter det skal me bestemma om me skal flytta oss eller ikkje.

Det seier Bisan Alamleh.

Studenten er saman med fleire andre i eit stort telt utanfor Muséplassen 1 ved Universitetet i Bergen (UiB). Inne i universitetsbygget sit vanlegvis mellom andre rektor Margareth Hagen, og torsdag skulle det ha vore universitetsstyremøte i der. Men sidan måndag har demonstrantar hindra tilkomst til bygget, og styremøtet vart difor digitalt.

— Me sit på utsida av sperringane, så det har vore mogleg å koma seg ut — men ikkje inn, understrekar Alamleh.

Kravliste

Heilt sidan starten av mai har det vore teltleiarar utanfor fleire norske universitet. Demonstrantane krev akademisk boikott av Israel.

— Me prøver å blokkera alle inngangene fordi UiB ikkje vil høyra på krava våre. Me prøver å få dei til å lytta, sa Michel Schafstädt, student ved UiB og pressekontakt for demonstrasjonen, til Khrono tysdag.

Demonstrantane har no seks krav: 

  1. UiB må fordømma israelsk okkupasjon, apartheid, etnisk rensing og folkemord mot Palestina.
  2. UiB må avslutta aktive innkjøps- og samarbeidsavtalar med israelske selskap som aktivt bidreg til Israel si undertrykking av palestinarar, og ikkje inngå nye avtalar med desse
  3. UiB må legga press på samarbeidsinstitusjoner for at dei skal avslutta samarbeid med israelske institusjonar
  4. UiB må legga til rette ressurser for å hjelpa med å bygga opp palestinske utdanningsinstitusjonar som har vorte totalt øydelagde under israelsk okkupasjon
  5. UiB må tilby stipend og legga til rette for tilgang til nettbaserte læringsressursar for palestinske studentar som har mista all tilgang til utdanning og til fakultet som har mista levebrødet sitt som følgje av israelske angrep
  6. UiB må legga til rette for at palestinske studentar får umiddelbar og lettvint tilgang til psykiske helsetenester
Bisan Alamleh og Kaja Molden er to av demonstrantane.

Meiner ein ikkje skal driva med politikk

Desse krava var grunnen til at rektor og styreleiar Margareth Hagen i innleiinga til styremøtet torsdag sa at ho ville ha ei sak opp under «eventuelt».

— Me har eit toledda vedtak frå styremøtet i mars. Sidan 10. juni har tilgangen til nokre av bygga våre vorte hindra, og demonstrantane har fremja krav om at me skal fordømma Israel. Er det noko i desse krava som tilseier at me skal ha ei ny styrebehandling, spurde Hagen.

Det vedtok styret at det ikkje vil ha.

— Det som skjer i Gaza er forferdeleg. Men likevel meiner eg at ei universitetsleiing ikkje skal driva med politikk. Å kunne ha avvikande idear er ein del av det akademiske arbeidet. Tilsette skal kunne sjå på konflikten utan at leiinga plasserer ein hemsko på ein, sa ekstern styremedlem Shirin A. Öberg.

— Vedtaket vårt både var og er klokt, sa Herlof Nilssen, også han ekstern styremedlem, og viste til at Universitets- og høgskulerådet no har fatta eit vedtak

Der heiter det mellom anna at «universiteter og høgskoler har ikke som sin rolle å ta selvstendige utenrikspolitiske standpunkter. For å utføre samfunnsoppdraget sitt må lærestedene være autonome og ivareta det bredest mulige mangfold av synspunkter».

— Eit universitet er ein stad der ein ikkje skal vera samde. Det som skjer i Gaza var grusomt i mai og er endå meir grusomt no, men det endrar ikkje det prinsipielle i denne saka, sa ansatterepresentant Steinar Vagstad.

Fleire styremedlemmer, mellom andre Jørgen Melve, tok opp situasjonen for studentar og tilsette ved universitet i Palestina, og ordningar som Student at risk.

— Halvparten av demonstrantane sine krav er knytt til situasjonen for palestinske studentar, sa Melve.

Hevdar UiB har truga med politiet

Hagen sa til Khrono onsdag at demonstrantane har brote avtalen med universitetet.

— Dei har fått løyve til å demonstrera under føresetnad av at dei ikkje er til hinder for arbeidet vårt. Det er dei no. Eg vil be dei om å forhalda seg til avtalen, sa Hagen.

I styremøtet sa ho at eigedomsavdelinga ved universitetet skriftleg har varsla demonstrantane om at blokaden er i strid med den avtalen ein har. Hagen sa at demonstrantane har fått løyve til teltleir for to veker om gongen, og at siste løyve går ut denne veka.

Demonstrantane stiller seg uforståande til at det skal vere ein avtale mellom dei og universitetetsleiinga.

— Me har ingen skriftleg avtale med UiB-leiinga. Det har heller ikkje vore nokon dialog, seier Bisan Alamleh.

— Fryktar de at politiet skal fjerna dykk?

— Nokon frå UiB har truga med politiet, hevdar Alamleh.

Khrono har spurt universitetsdirektør Tore Tungodden om nokon har truga med politiet. Han skriv i ein sms at han ikkje er kjent med det, og han avkreftar at UiB har bede politiet om å fjerna studentane.

Men det har vore kontakt med politiet, skriv Tungodden.

— For fleire veker sidan tok politiet kontakt med UiB med tanke på å etablera ein dialog. Det er ikkje naturleg å gå nærare inn på denne dialogen, seier han.

Tilsette får ikkje koma på kontoret

Alle inngangar inn til Muséplassen 1 er stengt, sjølv om det ikkje var nokon på vakt på nedsida då Khrono var på staden torsdag.

I nabobygget til Christies gate 18 har det vore demonstrantar inne i bygget. Torsdag fekk tilsette melding om at dei ikkje fekk lov til å koma på kontoret.

— I samband med demonstrasjonane har det vore naudsynt å gjera fortløpande vurderingar når det kjem til tilgang og tilkomst til bygga våre for å sikra forsvarleg drift og for å sikra tryggleiken. Dette er òg tilfelle for Christies gate 18, skriv Tungodden i ein sms.

Han seier at det kjem fram i løyvet demonstrantane har fått at vilkåret for å kunne demonstrera er at UiB sine bygg skal vera opne og tilgjengelege både for universitetssamfunnet og eksterne gjestar, og at det ikkje skal vera hindringar for ordinær tilkomst til inngangane til bygga. 

Alamleh stadfestar at det har vore demonstrantar inne i bygget.

Møte etter møtet

Demonstrantane planla torsdag eit internt møte etter at universitetsstyremøtet var slutt.

— Me skal drøfta saka før eg kan seia noko meir. Me har møte her no, seier Alamleh til Khrono torsdag ettermiddag.

Nokre timar seinare har dei i det dei kallar CampFalastin framleis ikkje bestemt seg for kva dei skal gjera. Men dei er svært skuffa over styret, skriv Alamleh i ein sms til Khrono.

— Kor er det akademiske solidariteten, spør ho.

— I styret sa alle det same, med ulike omskrivingar: «Situasjonen i Gaza er katastrofal, men me har ikkje behov for å ta saka opp igjen». Dei skildrar situasjonen som katastrofal, men likevel har dei ikkje behov for å ta saka opp igjen.

Oppdatert 13. juni kl 19.29 med fleire kommentarar frå Alalmeh. Oppdatert på nytt 16. juni kl 10.34: Demonstrantane sa først at dei hadde sperra inngangen til Christies gate 18, men sa seinare at dei berre var inni bygget

Powered by Labrador CMS