nord universitet

Vil ha ny høgskule i Nesna

Den tidlegare høgskulen i Nesna bør skiljast ut til ei eiga eining som kan tilby høgare utdanning på Helgeland. Det meiner professor Tor Helge Allern, som sit i styret ved Nord universitet.

Tor Helge Allern er professor ved Nord universitet. Han har vore ein av dei sterkaste kritikarane av vedtaket om å legga ned utdanningstilbodet i Nesna.
Publisert Sist oppdatert

OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

— Me kan ikkje venta på at Nord universitet får øydelagt meir på Helgeland, seier Tor Helge Allern til Khrono.

Då Nord universitet hadde styremøte 11.juni, kom han med følgjande forslag i ein lang protokolltilførsel:

«Den tidligere virksomheten ved Høgskolen i Nesna fisjoneres ut til en egen autonom enhet, som får et særskilt ansvar for høyere utdanning i Helgelandsregionen. Denne enheten vil i samarbeid med andre utdanningsinstitusjoner legge til rette for blant annet å gjenopprette de høgskoleutdanningene som var på Helgeland før fusjonen. Hovedsete for den utfisjonerte enheten blir bygningsmassen Nord universitet forlater på Nesna 2022».

— Eg meiner ein bør laga ein eigen høgskule i dei lokala som var på Nesna. Nord universitet er heilt ute av stand til å sikra høgare utdanning på Helgeland, seier Allern.

Det var Helgelands Blad som først skreiv om protokolltilførselen.

Stemt ned

Bakgrunnen for forslaget er sjølvsagt saka om nedlegging av Nord universitet sin campus i Nesna. Dette vart vedteke i universitetsstyret i fjor. Men kampen varer endå, siste utvikling er at studentar meiner at vedtaket er rettsleg ugyldig, fordi dei ikkje får fullført studiet sitt på den studiestaden dei starta. Nord universitet avviser dette.

Indre Helgeland Regionråd ba om at nokre av dei 4 000 studieplassane som regjeringa føreslo i samband med revidert nasjonalbudsjett vart lagt til Nesna.

Allern vart stemt ned i styret, og seier at det ikkje var uventa. Men han er oppteken av at det må leggast til rette for høgare utdanning på Helgeland.

— Om vel eit år er det val, og ein del av partia har lova at dei skal jobba for ny verksemd på Nesna, seier Allern, og peikar særleg på profesjonsutdanningane sjukepleiar og grunnskulelærar. Som Khrono har skrive, er det færre som ønskjer å verta lærar til hausten. Karl Øyvind Jordell, professor emeritus ved Universitetet i Oslo, skreiv i eit debattinnlegg at utviklinga i Nord-Noreg er urovekkande. Størst nedgang er det for grunnskulelærar 5-10 i Mo i Rana, med ein nedgang i søkjartal på 41 prosent. Frå hausten 2020 er det Mo i Rana som skal vera senter for den samlingsbaserte lærarutdanninga på Helgeland.

Les også: Maktmisbruket mot sykepleierutdanningen i Sandnessjøen

VID eller UiT?

Spørsmålet er om det er andre som kan tenkjast å ville etablera utdanningstilbod på Nesna. Universitetet i Tromsø - Norges arktiske universitet (UiT) fekk i fjor beskjed frå dåverande forskings- og høgare utdanningsminister Iselin Nybø om å halda seg vekke. Etter eit forsoningsmøte i fjor haust, var tonen delvis ein annan, men UiT held seg framleis unna.

— Me skal ikkje gjenoppretta dei tilboda Nord hadde på Nesna med mindre departementet gir oss ordre om det. Men me er i dialog med Nesna, både med politikarane og med regionrådet, seier UiT-rektor Anne Husebekk.

Nesna kommune har søkt statlege omstillingsmidlar på totalt 78 millionar over seks år.

— Me er med på samtalar, og ser føre oss at havbruk og reiseliv er to område der me kan bidra med utdanningstilbod, seier Sveinung Eikeland.

Han er viserektor ved UiT.

VID vitenskapelige høgskole planlegg eit utdanningstilbod i sjukepleie på Helgeland, saman med Helgelandssykehuset. Rektor Bård Mæland seier til Khrono at høgskulen jobbar tett saman både med sjukehuset og kommunane på Helgeland.

— Det er ein veldig positiv prosess, seier han.

VID har fått midlar frå Diku til desentralisert utdanning, og fekk òg nokre av dei ekstra studieplassane som vart tildelt i samand med koronakrisa.

— Kan det vera aktuelt for VID å tilby meir utdanning på Helgeland?

— Det kan vera aktuelt å utvida med andre fagfelt, andre stader tilbyr me desentralisert vernepleieutdanning. Men me har ikkje noko fagmiljø for grunnskulelærarutdanning, som er det som har vore på Nesna, seier Mæland.

— Sløsing

Ordfører i Nesna kommune, Hanne Davidsen, var med på bunadsdemonstrasjon utanfor Stortinget. Ho seier ho er glad for at VID vil tilby utdanning på Helgeland, men meiner det er forskjellsbehandling at UiT har fått beskjed om å halda seg vekke.

Hanne Davidsen hadde sjølv arbeidsplassen sin ved Høgskolen i Nesna. No er ho ordførar for Arbeiderpartiet. Ho seier at det er viktig at det no kjem på plass nye arbeidsplassar i kommunen. Khrono har tidlegare skrive at kommunen og Nordland fylkeskommune ønskjer at Nesna kan verta eit framtidig senter for kunnskap og innovasjon. Statsråd Henrik Asheim sa då at det er mogleg at andre aktørar enn Nord universitet kan inngå avtalar med Statsbygg, som eig bygningsmassen.

— Me har hatt ein dramatisk nedgang i sysselsetjinga. Me ønskjer å ta i bruk lokala der den tidlegare høgskulen var, og me ønskjer å tilby relevant utdanning, seier Davidsen.

— Allern sitt forslag vart stemt ned i styret. Er siste ord sagt i saka om utdanning i Nesna?

— Siste ord er ikkje sagt. Me ønskjer å kunne tilby høgare utdanning her, og meiner det er sløsing å flytta herifrå. Her har me gode lokale, seier Davidsen.

Disse fikk penger

Vertsinstitusjon Prosjekttittel Handler om
HAVFORSKNINGSINSTITUTTETCentre for research-based innovation in marine acoustic abundance estimation and backscatter classificationAkustiske metoder til bruk i marin overvåkning, fiskeri, akvakultur og energisektoren.
HELSE BERGEN HFCentre for research-based innovation on Mobile Mental HealthDigitale intervensjoner innenfor mental helse.
NIBIOSmartForest: Bringing Industry 4.0 to the Norwegian forest sectorDigital revolusjon i skognæringen.
NMBUCentre for Rescue of Earth Materials and Waste in the Circular EconomyBærekraftig bruk av jordmaterialer.
NOFIMA ASSFI Digital Food QualityDigital transformasjon av matproduksjon.
NORCE ASClimate FuturesLøsninger for å forutsi og håndtere klimarisiko.
NORCE ASDigiWells: Digital Well Center for Value Creation, Competitiveness and Minimum Environmental FootprintMer effektiv boring av olje- og gassbrønner gjennom økt digitalisering og automatisering.
NTNUCentre for Geophysical ForecastingOvervåkning av av olje- og gassproduksjon, CO2-lagring og geofarer som skred, flom og jordskjelv.
NTNUNorwegian Center for Cybersecurity in Critical SectorsFremtidens cybersikkerhet.
NTNUSFI Autoship: Safe autonomous ships for sustainable operationsTrygge, autonome skip for bærekraftig sjøtransport og drift.
NTNUNorwegian Center for Research-Based Artificial Intelligence InnovationSikker og ansvarlig utvikling av kunstig intelligens.
NTNUSFI PhysMet - Centre for sustainable and competitive metallurgical and manufacturing industryOmstilling av metallindustrien.
OSLO UNIVERSITETSSYKEHUS HFPrecision Health Center for optimized cardiac care (ProCardio)Behandling av hjerte- og karsykdommer ved hjelp av kunstig intelligens.
SINTEF ASCentre for Industrial BiotechnologyKompetanse og teknologi for bioteknologiindustrien.
SINTEF ASCentre for Subsurface Well Integrity, Plugging and AbandonmentPlugging av oljebrønner.
SINTEF OCEAN ASFloating structures for the next generation ocean industriesFlytende, stasjonære strukturer for havnæringen.
SINTEF OCEAN ASSFI Harvest - Technologies for sustainable biomarine value creationBærekraftig utnyttelse av marine ressurser lavt i næringskjeden.
UNIVERSITETET I BERGENResearch Centre for Responsible Media Technology & InnovationAnsvarlig medieteknologi og -innovasjon.
UNIVERSITETET I BERGENSFI Smart Ocean - Flexible and cost-effective monitoring for management of a healthy and productive oceanSmarte sensorer for overvåkning av havmiljøet og offshore installasjoner.
UNIVERSITETET I OSLOCentre for Space Sensors and Systems (CENSSS)Satellittsystemer for jordobservasjoner og utforskning av "det nære rom".
UNIVERSITETET I TROMSØVisual IntelligenceVisuell intelligens som kan oppdage alt fra hjertesykdommer og kreft til potensielle naturkatastrofer.
UNIVERSITETET I TROMSØCentre for the development of biodegradable plastics in marine applications - Innovations for fisheries and aquacultureÅ redusere plastavfall og relaterte problemer forårsaket av fiskeri- og akvakulturindustrien.

FAKTA

Senter for forskningsdrevet innovasjon (SFI)

  • Det overordnete målet for ordningen Sentre for forskningsdrevet innovasjon (SFI) er å bidra til styrket innovasjonsevne og økt verdiskaping i norsk næringsliv gjennom langsiktig forskning.
  • Hvert prosjekt får 12 millioner kroner årlig over 5+3 år. Totalt 96 millioner ved full pott. Hittil har 38 sentre fått totalt 3,2 milliarder kroner.
  • SFI-ordningen forutsetter at bedrifter deltar i sentrenes virksomhet.
  • Offentlige aktører kan delta sammen med private bedrifter. Hvert senter må ha minst tre slike brukerpartnere og det må alltid være med private bedrifter som partnere.
  • Alle brukerpartnerne skal delta aktivt i sentrenes styring, finansiering og forskning og må ha en betydelig, egen innovasjonsvirksomhet og evne til å utnytte forskningsresultater i utviklingen av sin virksomhet.
  • Før årets tildeling er 24 sentre i drift av totalt 38 tildelinger til nå. 14 sentre er avsluttet.
  • Kilde: Forskningsrådet
Powered by Labrador CMS