Debatt ola borten moe

Vi treng fleire legar utdanna i Noreg, ikkje fleire medisinske fakultet

Det stemmer ikkje at vi seier nei til medisinutdanning ved Universitetet i Stavanger (UiS), basert på eit misvisande og villeiande fakta­grunnlag, slik Rune Dahl Fitjar hevdar i eit innlegg.

Vi ser allereie no at dei etablerte medisinske fakulteta nyttar seg av desentraliserte utdanningar for å auke sin kapasitet. Slik kan vi betre nytte helsetenester over heile landet, og større delar av landet kan få tilgang på naudsynt kompetanse, skriv Ola Borten Moe.

Denne teksten er et debatt­inn­legg. Inn­holdet i teksten uttrykker forfatterens egen mening.

Det er såleis behov for nokre oppklaringar. Regjeringa har bestemt at framtidige studieplassar skal bli gitt til universiteta som i dag har medisinutdanning. Det betyr at det ikkje blir opna for ei eiga medisinutdanning ved UiS.

Fleire medisinske fakultet vil innebere mindre utdanningskapasitet per krone, vanskelegare rekruttering av fagfolk, dårlegare praksiskapasitet og kostbare nybygg. Då seier det seg sjølv at det er betre bruk av offentlege ressursar å auke kapasiteten ved dei allereie etablerte utdanningsinstitusjonane. Det viktigaste er fleire legar i Noreg, ikkje fleire medisinske fakultet.

UiS er dyrare. Det er forståeleg at ikkje alle blir nøgde når vi tar eit vegval i denne saka. Den førre regjeringa hadde saka på bordet lenge og kunne ha teke dette vegvalet, men gjorde det ikkje. Avgjerda er tatt på eit samla og godt kunnskapsgrunnlag.

Stavanger har blitt brukt som praksisstad i medisinutdanning ved UiB i over 20 år, og ei nyetablering der vil krevje store investeringar. Det er ikkje ein kostnadseffektiv måte å eventuelt auke utdanningskapasiteten på.

Kostnadane Fitjar lener seg på er basert på eit treårig studieløp. Det vil seie at tal studentar, med tilhøyrande areal- og personellbehov, er halvparten av eit seksårig studieløp. Kostnadane per studieplass i eit treårig løp ved UiS kostar meir enn ein studieplass i eit seksårig løp ved universiteta med medisinutdanning.

UiS viser i sitt innlegg til årlege kostnadar, men tar ikkje med investeringskostnadar i sitt reknestykke for kostnad per studieplass.

Vegen å gå er ikkje nye fakultet, men fleire legestudentar i større delar av landet.

Ola Borten Moe, forskings- og høgare utdanningsminister

Regjeringa har interne saksførebuande prosessar. Det er ikkje vanleg å offentleggjere slikt saksgrunnlag. I denne saka er det eit stort engasjement og fleire aktørar har bidratt til prosessen med utgreiing av kostnadar og moglegheiter. Derfor vurderte vi at det var viktig å synleggjere delar av grunnlaget for regjeringa si avgjerd.

Dokumentet som vart offentleggjort 12. mai er ein viktig del av det samla avgjerds- og vurderingsgrunnlaget. Tala er skaffa fram gjennom ein prosess som har inkludert bidrag frå og dialog mellom Universitetet i Stavanger og departementet.

Vegen å gå er ikkje nye fakultet, men fleire legestudentar i større delar av landet. Vi ser allereie no at dei etablerte medisinske fakulteta nyttar seg av desentraliserte utdanningar for å auke sin kapasitet. Slik kan vi betre nytte helsetenester over heile landet, og større delar av landet kan få tilgang på naudsynt kompetanse.

For å utdanne fleire legar held det ikkje berre med studieplassar. Vi er også avhengig av kapasitet i helsetenestene for å gje medisinstudentane praksis og undervising. Det bidreg til desentralisert legeutdanning og det kan også gje auka rekruttering av legar til distrikt med legemangel. Derfor meiner vi dette er den fornuftige vegen å gå for å få utdanna større delar av legane våre i Noreg.

(Innlegget er fyrst publisert i Stavanger Aftenblad)

Følg fleire debattar i akademia på Khronos meiningsside

Powered by Labrador CMS