tilrettelegging

Uroa for om det er nok pengar til tilrettelegging

Både saksmengde og talet på komplekse saker knytte til tilrettelegging for studentar aukar. HK-dir er uroa for om norske utdanningsinstitusjonar har nok ressursar til å tilrettelegga nok.

Studiestart i øspøs regn. Nokre av studentane som kjem til eit universitet eller ein høgskule har med seg ein diagnose som krev tilrettelegging, andre får det som student.

Fleire studentar enn før får studiekvardagen tilrettelagd, og fleire studentar enn før får ekstra stipend frå Lånekassen knytt til nedsett funksjonsevne.

Dette viser tal Khrono har fått frå norske universitet og frå Lånekassen.

I tillegg til at sakene er fleire enn før, er dei òg meir komplekse.

— Mange ber om tilrettelegging på grunn av psykososiale vanskar, sa Eva Marie Ballo, seniorrådgivar ved OsloMet, nyleg til Khrono.

At sakene om tilrettelegging til ei viss grad er annleis enn tidlegare, er noko HK-dir òg ser.

— Den delen som handlar om tilrettelegging av mellom anna eksamen, har institusjonane god kontroll på. Men dei siste åra har det dukka opp nye tema, mellom anna at studentar ønskjer all undervisning tilgjengeleg digitalt. Og ser ein på SHoT-undersøkingane, veit ein at det er andre utfordringar i studentgruppa enn det ein visste før, seier Kjetil Andreas Knarlag, og peikar på psykososiale problemstillingar.

Kjem ny rapport

Knarlag er avdelingsleiar for Avdeling for universell utforming og læringsmiljø i HK-dir (direktoratet for høgare utdanning og kompetanse). HK-dir si rolle i arbeidet med tilrettelegging er å bidra med kompetanse til universitet og høgskular, og i tillegg vera eit nettverksorgan. Dei arrangerer webinar og konferansar, og er i desse dagar i ferd med å ferdigstilla ein rapport Kunnskapsdepartementet har bestilt. Tema: Kunnskap om studentar med nedsett funksjonsevne.

Bakgrunnen er at det er behov for meir kunnskap om kva barrierar som eksisterer for personar med nedsett funksjonsevne for å koma gjennom høgare utdanning og inn i arbeidslivet, og korleis ein kan bygga ned desse barrierane.

Knarlag seier at HK-dir har analysert status for institusjonane sitt arbeid med tilrettelegging, kva som finst av kunnskapshol, og dei kjem med tiltak på nokre prioriterte område.

Rapporten er framleis i arbeid hos direktoratet.

Meir kompleksitet

HK-dir er ikkje sjølve i kontakt med studentar som har behov for tilrettelegging. Men dei har tett kontakt med tilsette som jobbar med nettopp dette. Og nokre tema går igjen:

— At ein ikkje har nok tid og ressursar til tilrettelegging, er noko alle utdanningsinstitusjonane fortel i dialogen me har med dei, seier Knarlag.

Han seier at det vert fleire og fleire saker om tilrettelegging, og ein større del av dei er komplekse saker.

— Det uroar meg at det ikkje er tid eller ressursar til å følgja dette skikkeleg opp, seier han, men legg til:

Mykje bra arbeid vert gjort, seier Kjetil Andreas Knarlag i HK-dir. Men han stiller likevel spørsmål ved om institusjonane har nok pengar til tilrettelegging.

— Det er mykje bra arbeid som vert gjort, både av meir sentrale tilbod og tenester ved institusjonane, og ved fakultet og institutt.

Pengar til tilrettelegging for studentar er noko institusjonane sjølve må finna innanfor eiga budsjettramme. I universitets- og høgskulelova heiter det at «studenter med funksjonsnedsettelse og studenter med særskilte behov har rett til egnet individuell tilrettelegging av lærested, undervisning, praksis, læremidler og eksamen. Retten gjelder ikke tilrettelegging som innebærer en uforholdsmessig byrde for institusjonen».

Fleire av dei Khrono har snakka med om tilrettelegging, seier at det ikkje er alt som let seg tilrettelegga. Praksis er noko av dette, det same er obligatorisk oppmøte og gruppeoppgåver.

— Me kan ikkje legga til rette på ein måte som gjer at studentane ikkje tilfredsstiller faglege krav, sa Ballo ved OsloMet.

Hausten 2024 skreiv NRK fleire saker om studentar og tilrettelegging. Der var praksis noko av det universiteta meinte det var vanskeleg å tilrettelegga.

Kan tilrå noko anna

Nokre studentar har fått ein diagnose som elev i grunnskule eller vidaregåande skule, og er vane med å ha både hjelpemiddel og tilrettelegging. Andre får ein diagnose først som ung vaksen, og må då sjølv finna ut av kva som finst av tilretteleggingstilbod.

— Ein del av studentane ønskjer seg tette band til faglærar, noko dei truleg er vane med frå vidaregåande skule, sa seniorkonsulent Silje Videsjorden frå Universitetet i Oslo nyleg til Khrono.

— Tilbakemeldingane me får, er at det ein del gonger er eit sprik mellom kva studentane ønskjer seg og kva dei kan få, seier Knarlag i HK-dir.

Han seier at nokre studentar kjem til studiestaden etter samråd med Nav, og har krav på å få dekt noko der ifrå. Andre kjem med midlar frå folketrygda.

— Og nokre forventar at dei skal ha den same tilrettelegginga som dei hadde medan dei gjekk på vidaregåande skule. Det er ikkje alltid det er mogleg.

— Hender det at ein må seia til ein student at «dette vil ikkje fungera, du bør velja noko anna»?

— Ein har ei tilretteleggingsplikt. Men det kan vera tilrettelegging å tilrå noko anna, seier Knarlag.

Han seier at det kan verta løysinga i saker der ein ikkje kjem vidare, og der tilrettelegging ikkje er verken fagleg forsvarleg eller ressursmessig forsvarleg.

Det som ikkje viser

Knarlag har jobba med tilrettelegging sidan seint på 1990-talet. Han seier at allereie den gongen visste ein at om lag tretti prosent av vaksne med dysleksi oppdagar dette først når dei er i gang med høgare utdanning.

— Mange som får ein diagnose som unge vaksne har klart seg gjennom vidaregåande skule. Men så skjer mange ting på ein gong: Dei flyttar for seg sjølve, studia krev meir sjølvstende enn dei er vane med, og lesemengda aukar.

Avdelingsleiaren er oppteken av at for mange studentar er det lett å tilrettelegga: Nokre treng teleslynge, andre treng eit eige rom på eksamen.

— Men dei fleste funksjonsnedsettingane ser ein ikkje, og vår erfaring er at det som er usynleg ikkje er like lett å legga til rette for. Det krev at studentane må vera flinke til å formidla kva dei treng og gå i dialog med institusjonen.

Han viser til ein på engelsk har ein omgrepet «disclosure», som handlar om at ein skal visa dei behova og utfordringane ein har.

— Eit slikt omgrep har ein ikkje på norsk, og det seier kanskje at me nok manglar kultur for å vera open om å ha nedsett funksjonsevne og om eigne behov for tilrettelegging. Det gjer det ikkje enkelt. 

Powered by Labrador CMS