tilrettelegging

Som barn fekk Mads Johan Øgaard beskjed om det skulle sjekkast om han var smart eller dum. Med utdanning som spesialpedagog ønskjer han no å hjelpa ein ny generasjon barn.

Å teikna medan han lytta, var noko av det som fungerte for Mads Johan Øgaard medan han var elev og student. No reiser han rundt på skular med føredraget sitt for å gjera kvardagen lettare for elevar med lese-, skrive- og reknevanskar.

Mads har lese-, skrive- og reknevanskar.
 — Eg sov eit år etter masteren

Publisert Sist oppdatert

— Har du tatt på ein katt?

Mads Johan Øgaard smiler skeivt når journalisten stadfestar.

— Men har du tatt på ein «b»?

31-åringen er illustratør, animatør og spesialpedagog, og held mange føredrag. Tema: Korleis er det å leva med at både tal og bokstavar lever sitt eige liv?

Sjølv har han både dysleksi og dyskalkuli. Han har òg høgare utdanning — men vegen dit har vore lang.

— Eg sov eit år etter masteren, og brukte store deler av 20-åra på å vera sjuk. Så det har kosta, seier han ærleg.

Fleire får tilrettelegging

Tidlegare har Khrono skrive om at det er fleire studentar enn før som ber om, og får, tilrettelegging av ymse slag. Ein god del av dei som får diagnosar som dysleksi eller ADHD, får dette først som studentar.

Andre, som Øgaard, har diagnosen med seg frå grunnskule og vidaregåande skule.

Spesialpedagogen er oppteken av at ein må få bruka hjelpemiddel, og at verktøykassen må vera stor. Sjølv har han mellom anna testa ymse program på PC, diktering, og å få venner til å lesa gjennom tekstar før han har levert dei frå seg. Nokre studentar har nytte av programmet Lingdys, som dei òg brukar i grunnopplæringa.

Men ein må vera medviten om når og korleis ein nyttar ulike hjelpemiddel, meiner Øgaard.

— Av og til kan det vera så enkelt som å bruka kvit skrift med blå bakgrunn.

Fryktar mindre skjermopplæring

Før jul kom skjermbruksutvalet med sin rapport. Kunnskapsminister Kari Nessa Nordtun har vore tydeleg på at ho vil ha mindre skjerm i norske skular, og særleg for dei yngste elevane.

Men for nokre elevar er skjerm heilt naudsynt. Dysleksi Norge skriv i ein uttale på eigne nettsider at «for elever med dysleksi utgjør digitale verktøy forskjellen mellom mestring og utenforskap i undervisningen». Foreininga skriv vidare at digitale verktøy og læremiddel gir moglegheit til å delta i skulekvardagen utan å kjenna på nederlag i kvart fag, kvar dag.

— Å ta frå desse elevane dei verktøya som gjer undervisninga tilgjengeleg for dei, er verken rettferdig eller hensiktsmessig, skriv Dysleksi Norge.

Fungerande generalsekretær Rita Lie seier til Khrono at foreininga vert kontakta av ein god del studentar som har fått ein dysleksidiagnose først som studentar.

— Det betyr mellom anna at dei ikkje har lært å bruka lese — og skriveverktøy. Og for å i det heile teke få tilgang til eit verktøy som er spesielt utvikla for dei med dysleksi, som til dømes Lingdys, må ein ha vore gjennom ei utgreiing og fått ein diagnose. Som vaksen må ein betala dette sjølv, seier Lie.

Ho seier at andre hjelpemiddel, som å bruka dikteringsfunksjon i vanleg tekstbehandlingsprogram, òg er noko ein må øva på.

— Dersom ein ikkje har gjort det tidlegare, er det å læra via opplesing av pensum, altså å lesa med øyrene, noko som òg tek tid å læra seg, seier Lie.

Ho seier at Dysleksi Norge opplever at det er ei reell utryggheit hos mange elevar som i dag nyttar skjerm som hjelpemiddel.

— For det første vert det då ei særløysing for dei som framleis vil kunne få det, og for det andre vil det vera mindre opplæring i bruken, seier generalsekretæren, og held fram:

— Det skal vera rom for ulikskap, og nokre menneske har dysleksi eller dyskalkuli. Det må leggast til rette for at dei òg kan klara å ta ei utdanning — og meistra livet. 

Det var ikkje sjølvsagt at Mads Johan Øgaard skulle vera glad i bøker. Han har både dysleksi og dyskalkuli. 31-åringen er animatør og illustratør og spesialpedagog.

Ei arveleg utviklingshemming

I 2016 laga Mads Johan Øgaard animasjonsfilmen «I am dyslectic», ein film som har fått mange prisar og som vert vist på skular over heile verda. Ein million gongar har nokon sett filmen no, og dette er bodskapen:

— Eg er ikkje dum!

Hovudpersonen har dysleksi, og i filmen ser ein mellom anna korleis bokstavar i ein tekst hoppar fram og tilbake, og korleis utdanningssystemet, vist som ein fjellvegg av bøker, vert svært krevjande å nå toppen av.

— Det er fint og flott av det finst hjelpemiddel, seier Øgaard.

— Men kva er den innlærte kjensla ein har? Eg fekk hjelp frå spesialpedagog frå 2. klasse, og då var beskjeden at «no skal me sjekka om du er dum eller smart».

For personar med dyskalkuli handlar det ikkje om at matematikk er kjedeleg, eller vanskeleg — eller om at ein ikkje er smart. Dei har ei medfødd utviklingshemming, som ikkje let seg fjerna, og som er arveleg: 

Ein har først og fremst problem med grunnleggande matte, som pluss og minus, ganging og deling. Ein nyttar gjerne enkle strategiar, som å telja på fingrane, langt oppover i skuleløpet, og det er vanskeleg å læra seg omgrep knytt til tid, og å ha retningssans, skriv Norsk helseinformatikk på sine nettsider.

— Kva betyr eit kvarter, spør Øgaard og smiler skeivt igjen.

Han fortel om ein skulegang der han møtte nokre lærarar som skjønte kva han streva med, og som let han ha hundre blyantar, slik at han kunne få bruka dei til å telja med. Andre gav han beskjed om at han ikkje kom til å læra seg noko som helst dersom han ikkje kunne matematikk.

— Men det er ikkje slik at eg ikkje kan læra meg matte. Eg har spesifikke mattevanskar, men eg kan læra, seier Øgaard.

— Eg vart til dømes ein kløppar i algebra, legg han til.

— Du må ha vore ganske medviten om kva du ville frå du var liten?

— Eg hadde eit stort pågangsmot, mellom anna lærte eg meg engelsk fordi eg ville kunne lesa teikneseriar. Men eg trudde jo at eg var dum. No ser eg jo at det ikkje stemmer: Fy faen, eg var smart!

Dette er ei skildring av korleis Mads Johan Øgaard hadde det då han tok mastergrad. Han seier at han følte at han var i krig med bokstavane, men at han klarte seg på grunn av hjelpemiddel og læringsstrategiar.

Teikna for å hugsa

Øgaard fann si eiga løysing for å læra: Han teikna seg gjennom pensum.

— Du teikna førelesingane?

— Nei, eg teikna gjerne noko anna. Men fordi eg teikna, hugsar eg kva det vart snakka om, seier han.

Han fortel at han høyrer heime i Pokémon-generasjonen, og det var slik det byrja. Han teikna dei små fantasidyra medan han lytta. Han fekk mykje kjeft for å teikna i timen, seier han, og beskjed om at han ikkje følgde med. Men det gjorde han — på sin måte.

— Og her hugsar eg vulkanar, seier han, og viser ei teikning av ein hund.

Han er oppteken av at studentar og elevar med utfordringar må få hjelp.

— Ei av dei eg har møtt no, gjennom føredrag eg har hatt, dansar inn pensum, seier han.

Sjølv brukte han Power Point for å skriva stil. Då var det lettare å visualisera det han ville fortelja.

Denne teikninga viser frustrasjonen over å ha tala i hovudet, men mangla kopling mellom mengde/antal og symbol. Mange personar med dyskalkuli kan ha nytte av enkle hjelpemiddel, som å telja ved hjelp av ei mengde blyantar.

— Eg kan ikkje lesa, eg har berre lese …

Då Øgaard tok bachelorgrad i animasjon, visste han at det var mange andre studentar der som òg hadde dysleksi. Men då han tok mastergrad, det òg i Storbritannia, var beskjeden at «me har ikkje studentar med dysleksi her hos oss».

Det hadde dei altså. Og etter å ha brukt mange år på å prøva å gøyma problema sine, seier Øgaard det i dag slik det er: Eg skriv feil, eg, sånn er det.

Han reiser rundt og held føredrag, og han møter mange barn og unge.

— Ein gut eg snakka med, han var vel 11—12 år, fortalde at han ikkje kunne lesa. Han hadde berre lese bøker om jakt, sa han. Og så viste han meg alle bøkene han hadde lese, seier Øgaard.

— Det kan verta framstilt som at dersom ein skriv feil, så er det ein sjølv som person som er feil. Eg prøver å gjera lese-, skrive- og reknevanskar om til ein styrke.

   

Powered by Labrador CMS