Nav-skandalen

Jussprofessor krev meir offentleg styring av juss­utdanningane

— Snart lærer studentane ingenting om noko som helst. Det er livsfarleg og ein må ta radikale grep, seier medlem i granskingsutvalet etter Nav-skandalen, Asbjørn Strandbakken.

Professor Asbjørn Strandbakken, tidlegare dekan ved Det juridiske fakultetet ved Universitetet i Bergen, var med i utvalet som denne veka la fram sin rapport etter å ha granska trygdeskandelen. I sine merknader i rapporten tek han eit oppgjer med utviklinga til jussutdanninga her i landet.
Publisert

OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Utvalet som har granska den såkalla Nav-skandalen har lagt fram sin rapport.

Dei la hovudansvaret for at blant anna kring 80 personar har blitt feilaktig dømt for trygdeeksport på Nav og Arbeids- og sosialdepartementet. Likevel brukar dei eit heilt kapittel på å drøfte jussutdanninga og juridisk forsking i Noreg.

Som eit av utvalet sine medlemmar, professor Asbjørn Strandbakken, skriv i sine merknader:

«Når ein så grov fagleg svikt har skjedd, og kunne vare ved over tid, er det all grunn til også å reise spørsmål om universiteta sitt ansvar som leverandør av undervisning og forsking.»

Strandbakken er svært kritisk til dei ulike universiteta og høgskulane:

Fakta

Nav-skandalen

Nav-skandalen, eller trygdeskandalen, som vart offentleggjort på ein pressekonferanse 28. oktober 2019, handlar om at minst 80 personer er uskuldig dømde for trygdeeksport. Rundt 1100 personer har fått urettmessige tilbakebetalingskrav, og omtrent 3000 er fråtekne ytingar på feilaktig grunnlag, viser Nav sine førebelse tal.

Dette er fordi Nav tolka EØS-reglane feil.

I november 2018 opplyste trygderetten til Nav at dei vurderte å få den norske regelbruken vurdert av EFTA-domstolen. Etter dette tok Nav kontakt med departementet om saka.

Først i september 2019 gjekk det ut beskjed til politiet frå Nav om at dei skulle stoppe etterforskinga av Nav-klientar som var melde for å ha oppheldt seg i utlandet.

Saka gjeld personar som har mottatt sjukepengar, arbeidsavklaringspengar eller pleiepengar medan dei har vore i andre EØS-land.

Eit eksternt granskingsutval vart oppnemnt ved kongeleg resolusjon 8- november 2019 for å granske det som blir kalla ei rettsskandale.

4. august 2020 la granskingsutvalet fram sin rapport.

— Granskingsrapporten stadfestar ein systemsvikt kor nær samtlege instansar gjennom ei årrekke har svikta på dette området, sa arbeids- og sosialminister, Torbjørn Røe Isaksen (H) under framlegginga.

«Utdanningsinstitusjonane har vist liten vilje til å gjere grunnleggande reformer som på ein bedre måte kan møte samfunnet sitt behov. Dette har nok fleire grunnar, men det er vanskeleg å kome utanom at juristar sine tradisjonelle konservative haldningar også er ein relevant faktor.»

«Totalt fråver» av normeringar

Utvalet som heilskap slår fast at både EØS-rett og trygderett er ein del av den obligatoriske emnekretsen i jussutdanninga ved dei tre som tilbyr master i rettsvitskap, Universitetet i Oslo, Universitetet i Bergen og UiT Norges arktiske universitet.

Likevel merkar dei seg at emna er ulikt innretta. Dei finn også svakheiter i litteraturen som finst om både EØS og trygderett.

Difor kjem utvalet fram til følgjande læringspunkt: «Juridisk forsking og undervisning må i langt større grad ta inn over seg at EØS-rett ikkje berre er eit eige rettsområde, men også ein integrert del av andre rettsområde», står det i rapporten.

Men utvalsmedlem Strandbakken meiner det må meir til for å sikre at ein ikkje hamnar i same situasjon igjen. I sine merknader til kapittelet, skriv han at det er eit «totalt fråvær» av normeringar om kva slags kompetanse ferdigutdanna juristar skal ha.

Difor ønskjer han at sentrale styresmakter, som Justis- og beredskapsdepartementet og Kunnskapsdepartementet, grip inn. Han ser for seg ein rammeplan for juristutdanninga, etter inspirasjon frå helseutdanningane.

«... at det blir stilt krav til kva slags grunnleggande kompetanse juristar skal ha etter endt studium, har ikkje noko med institusjonane sin autonomi å gjere. Det er staten som finansierer utdanninga, og slik denne medlemmen ser det, bør den som bestiller og betalar ha oppfatningar om kva som skal leverast.»

— Det er livsfarleg

Årsaka til at han meiner at noko no må skje, er at det i ifølgje han i stor grad er alliansebygging og maktkamp som styrer vekting av fag og utforminga av juristutdanninga som heilskap i dag.

— Det er nokså skremmande på innsida. Det er dei som bygger flest alliansar som får bestemme kva slags fag som skal prioriterast og kor stort omfang faget skal ha i utdanninga. Det er ein rå maktkamp, seier Strandbakken til Khrono.

Strandbakken har vore dekan og utdanningsdekan ved Det juridiske fakultetet i Bergen i høvesvis åtte og fem år tidlegare. Han har lenge meint at utdanninga er på veg i feil retning.

— Vi har hatt same måte å undervise på sidan embetseksamenen vart innført i 1736. No er det slik at ein krymper alle fag for å få plass til alt mogleg i utdanninga. Snart lærer dei ingenting om noko som helst, kvart emne blir meir og meir overflatisk og det er tynn suppe heile vegen. Det er livsfarleg og ein må ta radikale grep, seier Strandbakken.

Meiner det er på sin plass å snakke om yrkesmessig relevans

Sjølv har han blant anna foreslått å ta ut sitt eige fag, familie- og arverett, som obligatorisk emne i utdanninga.

— Eg ønskjer heller 50 motiverte studentar, enn 380 som berre føler at dei må ta det emnet. Det er ingen av mine kollegaer som går inn for å legge ned eller ta ut sitt fag som obligatorisk. Fleire har ei oppfatning om at deira fag er verdas navle og dei ser ikkje heilskapen. Det er mange Ally McBeals rundt omkring, seier Strandbakken.

Utdanningsinstitusjonane har vist liten vilje til å gjere grunnleggande reformer som på ein bedre måte kan møte samfunnet sitt behov.

Asbjørn Strandbakken, jussprofessor og medlem i granskingsutvalet av Nav-skandalen

Då han sjølv var dekan ønska han ei reform av utdanninga, men fortel at arbeidet med det vart tidleg skote ned. I 2013-2013 leia Strandbakken også ei nasjonal arbeidsgruppe som etter oppdrag frå Kunnskapsdepartementet skulle sjå nærare på jussutdanninga.

— Det var inga interesse om nokon nasjonal rammeplan for utdanninga den gongen. Dei to andre fakulteta (ved UiT og UiO, journ. anm.) er endå meir konservative enn i Bergen, seier Strandbakken.

Når det er snakk om at departementa skal gripe inn og innføre ein slik type rammeplan, meiner han det er heilt på sin plass.

— Det er utruleg provoserande kva ulike folk kan legge inn under universitetet sin autonomi. Det er ein del misforståingar blant mine kollegaer som er ganske skakande. Det er ingenting i grunnlova som tilseier at ein i det heile tatt skal ha universitetet, men sjølvsagt skal ein det. Men det skulle berre mangle at ein må kunne snakke om yrkesmessig relevans, seier Strandbakken.

Ønskjer debatt

På same viset som med undervisninga, tek Strandbakken i sine merknader eit oppgjer også med juridisk forsking i Noreg.

«Ei auka styring av forskinga vil ikkje innebere noko angrep på institusjonane sin autonomi. Staten som finansierer universitetet kan bestemme at vi skal ha forskingskompetanse i basale fag som trygderett, skatterett, strafferett, kontraktsrett mv. Autonomien knyter seg til at staten ikkje kan definere forskingsresultata», skriv han i merknadane.

No ønskjer han debatt om hva juristar skal kunne, kor mykje ressursar som skal leggjast i utdanning og forsking, og ikkje minst at sentrale aktørar som Justis- og beredskapsdepartementet og Kunnskapsdepartementet kjenner større eigarskap til sluttproduktet.

— Tek kritikken på alvor

Statssekretær Aase Marthe Johansen Horrigmo (H) seier Kunnskapsdepartementet tek kritikken på alvor.

Khrono har spurt Kunnskapsdepartementet om dei vil gripe inn og utforme rammeplanar for jussutdanninga.

Statssekretær Aase Marthe Johansen Horrigmo svarer på e-post:

— Vi tek kritikken på alvor. Heile sektoren har eit ansvar for å sikre at undervisning og forsking held eit høgt fagleg nivå. Rapporten vart lagt fram 4. august, og vi må kome tilbake til kva slags konkrete vurderingar vi gjer vidare, skriv Horrigmo.

Powered by Labrador CMS